[Til Kina!]

Til Kina! Ein kjend Kristianiaprest, som nok hev likso vondt um aa halda seg fraa Politikken i Preikurne sine som andre Prestar, skal nyleg hava haldet ein merkjeleg Tale um det 4de Bud og um Kina. Her hjaa oss stod det laakt til med Etterlivingi av det 4de Bud, meinte han; men i Kina, der var det som det skulde vera. Der hadde Folk den rette Vyrdnad for sine Autoritetar, og der livde Folket difor lengje i Landet. No vert det leidt her! Lutherske Statskyrkjeprestar tek til aa visa oss til det heidenske Kina for aa læra oss Moral og god Skikk! I fyrre Aarhundradet gjorde Rationalistarne nokot dilikt, og det kunde Ein endaa forstaa; men luthersk-kristelige Statsprestar -! Og so til Kina!
           
Er det til Kinesarar, dei vil hava oss, desse Folk, med alt sitt Snakk um Autoritetar og Lydigheit? Naa ja, kven veit? Kanskje den Stilstandspolitikken og den Autoritetstrui, som sume her vil læra Folket upp i, tilslutt nettupp vilde bera til Kina? Det kan godt henda.
           
Men det er ille, at Presten ikkje synest rett aa hava kjent til, korleids Folk hev det i Kina. Hadde han visst det, so hadde han knapt vist Tilhøyrararne sine dit. For det er væl ikkje mange Land, der det er oftare Upprør, enn just i Kina!
           
 
Ein av dei største Bokhandlararne vaare hev upplyst, at Byfolk meir og meir sluttar med aa kjøpa Bøker, men at det meir og meir vert Bøndarne, helst paa Austlandet, som kjøper. Ei merkjeleg og forvitneleg Upplysning! Der er fleire Merke paa, at Byfolket heimlaust og rotlaust som det er, held paa med aa liksom turka burt, og at det er Bondefolket, som hev Livskrafti.
           
 
Koppurne er, som du veit, komne til Kristiania att. Um Grunnen til dette vert det fortalt ei Soga, som er so uhyggjeleg, at det fell tungt aa tru ho. Den Gongen, Koppurne var her sist, kom dei til Byen med russiske Fillur, som Bentse Bruk innførde til Papirmylla si. Helsepolitiet forbaud daa sjølvsagt Papirverket aa bruka desse Fillurne; dei skulde øydeleggjast. Men Bentse Bruk visste Raad. Det gøymde Fillurne, til Koppesotti var yver og alt var gløymt, og so tok det dei fram att og gjorde Papir av dei. Strakst braut Sjukdomen fram paa nytt Lag.