Sogur fraa Island.

[Del 4 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga.)
             
 
(Framhald.)
 
Snorre Gode let hogga i Kraakenesskogen og dreiv hardt paa, og Torolv Bøgifot totte, at Skogen vart øydelagd. Han reid ut til Helgafell, der Snorre budde, og bad han gjeva seg att Skogen, og sagde, at han hadde laant han Skogen og inkje gjevet han. Snorre sagde, at det skulde dei nok faa Greida paa, naar dei bar Vitne, som hadde voret med, daa dei handtokst, og han vilde inkje gjeva Skogen fraa seg, medmindre dei vitnad imot han. Daa reid Torolv sin Veg og var reint i Ulag. Han reid inn til Bolstad og vilde finna Son sin. Arnkel tok godt imot Fader sin og spurde, kvat han vilde. Torolv svarad: Det er Ærende mitt hit, at eg ser, det inkje er, som det skulde vera, at det er Uvenskap millom oss. No vilde eg gjerne, at det skulde verta liksom Frændar. Me kunne vera store Menner her i Bygdi, daa du er djerv til aa slaast og eg er raadvis. Det skulde eg lika, at det var Venskap paa oss, sagde Arnkel. De vil eg, sagde Torolv, at me skal byrja Forliket og Venskapen soleids, at me krev att Kraakenesskogen av Snorre Gode. Han vil inkje gjeva Skogen fraa seg og segjer, at eg hev gjevet han Skogen, men det er Lygn. Arnkel svarar: Det var inkje av Venskap til meg, at du gav Snorre Skogen, og eg vil inkje gjera det fyr dit Krangl og trætta med Snorre um Skogen. Eg veit, at han inkje kann sannprova, at han hev Rett til han, men eg vil inkje, at du skal hava det fyr all Vondskapen din, at du skal gledast av vaar Trætta. Torolv svarar: Eg tenkjer det kjem meir av det, at du er rædd, enn fyr di du inkje vil, at eg skal gledast av Trætta dykkar. Du kan tru, som du vil, svarad Arnkel, men eg vil inkje trætta med Snorre um Skogen. Hermed skildest dei. Torolv for heim og likad fælande ille paa Leiken, og totte, at alting gjekk han imot. Torolv Bøgifot kom heim um Kvelden og talad inkje ved nokon. Han sette seg ned i Høgsætet sitt og aat inkje um Kvelden; der vart han sitjande, daa Folk gjekk og lagde seg. Men um Morgonen, daa Folk stod upp, sat Torolv endaa der og var daud. Daa sende Kona hans ein Mann til Arnkel og bad han segja han, at Torolv hadde sloknat. Daa reid Arnkel upp til Kvam, der Torolv budde, og nokre av Drengerne hans var med han. Daa dei kom til Kvam, fekk Arnkel Vissa paa, at Fader hans var daud og sat i Høgsætet, men alt Folket var ottefullt, fyr di alle totte det var nifst, slik som han hadde døytt. Arnkel gjekk inn i Stova og gjekk millom Benken og Veggen til han kom bak Torolv, og han bad alle Folk vara seg, og inkje koma framanfyr han Torolv, so lenge til han fekk lata att Augurne og Munnen og Nosi paa Liket. Daa tok Arnkel i Herdarne paa Torolv, og han laut taka dugeleg i, fyrr han fek Torolv ned fraa Høgsætet. Sidan sveipte han eit Klæde um Hovudet paa Torolv og flidde Liket, som Skikk var. Dermed let han brjota sund Veggen attanfyr han og tok han ut der, og det gjorde han fyr di han var rædd, at slikt Illmenne, som Torolv hadde voret, skulde ganga heimatt (spøkja. gaa igjen), men Attergangararne kann inkje sleppa inn annan Veg enn der dei hev komet ut. Sidan spente han Uksar for ein Slede og lagde Torolv paa og kjøyrde han upp i Torsaardal, men det var inkje nokot lett Arbeid aa faa han dit, han skulde vera. Dei kastad ei skikkeleg stor Røys yver han og dermed reid Arnkel attende til Kvam og eignad til seg alt det, Torolv hadde aatt. Sidan for han heim.
           
Daa Torolv Bøgifot var daud, totte mange, at det inkje gjekk rett til ute, strakst det leid mot Soleglad; men ut paa Sumaren merkad Folk, at Torolv inkje laag still, og daa kunne Folk aldri vera i Fred ute, naar Soli gjekk ned. Dei Uksarne, som dei hadde kjøyrt Torolv med, fekk Trollrida, og alt det Fe, som kom burt aat Røysi hans Torolv, gjekk fraa Vitet og burad seg ihel. Tidt, naar Saudegjætaren paa Kvam kom heim, hadde Torolv voret etter han. Um Hausten hende det paa Kvam, at korkje Saudegjetaren kom heim, hadde Torolv voret etter han. Um Hausten hende det paa Kvam, at korkje Saudegjætaren kom heim elder Sauderne, og um Morgonen, daa dei leitad etter dei, fann dei Saudegjætaren daud eit litet Stykkje fraa Røysi hans Torolv, og daa var han kolende svart, og kvart Bein var knustrad paa han. Dei kastad Røys yver han utmed Torolv. Men all Fenaden, som hadde voret i Dalen, fann dei daud, elder so hadde han sett til Fjells og fannst aldri. Um det sette seg Fuglar paa Røysi hans Torolv, datt dei ned daude. Det vart so ille med detta, at ingen torde beita upp i Dalen. Tidt høyrde Folk ei fæl Dundring ute um Nætarne paa Kvam, og dei merkad, at det tidt var nokot, som reid paa Stova. Daa Veteren kom, synte Torolv seg tidt heime paa Garden, og det var mest Kona, som var ute fyr Draugen, men det var mange andre og som fekk Mein av detta, og ho sjølv heldt paa aa ganga fraa Forstandi. Sistpaa døydde ho av detta, og dei førde henneog upp i Torsaardalen og kastad upp Røys yver ho utmed Torolv. Etter detta hadde Folket seg undan fraa Garden, og daa tok Torolv til aa ganga so mange Stader i Dalen, at han øydde alle Gardarne i Dalen. Det vart so ille, at han drap nokre, og nokre skvatt undan; men alle dei, som strauk med, saag dei i Ferdi med Torolv. Folk kjævde seg fyr detta og totte, at Arnkel hadde den Skyldnaden paa seg aa raada Bot paa det. Arnkel baud alle til seg, som helder vilde vera der enn andre Stader; og der som Arnkel var sjølv, fekk ingen Mein av Torolv og Fylgjet hans.Alle Folk var so rædde Torolv, at ingen torde fara um Veteren, endaa um han hadde Ærend. Um Vaaren daa Telen gjekk av Jordi, sende Arnkel Bod til Torbrands-Sønerne og bad dei koma og hjelpa seg og føra Torolv burt fraa Torsaardal og finna ein annan Legestad aat han, av di alle Folk i Heradet hadde same Skyldnaden paa seg til aa føra daude Menner til Gravi, naar dei vart bedne. Arnkel for heimantil med 11 Mann, og paa Ulvarsfell fann han Torodd Torbrandsson med 2 Mann, og alle desse for no til Torsaardal og til Røysi hans Torolv og tok upp Røysi, og daa var inkje Torolv rotnad, men han var fæl aa sjaa. Dei tok han upp or Gravi og lagde han paa ein Slede og spente tvo sterke Uksar fyre og drog han upp til Ulvarsfells-Halsen, og daa var Uksarne reint utmasad. Dei fekk i andre Uksar og drog han upp paa Halsen. Arnkel hadde ætlat seg til aa føra han inn paa Vadilshovde og jorda han der; men daa kom inn paa Hals-Bruni, vart Uksarne rasande og sleit seg radt lause og sette av Garde ut etter Lidi ovanfyr Ulvarsfell og ut til Sjøen, og daa var dei sprengde baade tvo. Men daa var Torolv so tung, at dei kunne inkje faa han lenger. Dei hadde han ut paa ein Odde, som var der tett ved, og jorda han der, og den Odden heiter sidan Bøgifotshovde. Arnkel let sidan setja upp eit Gjerde tvertyver Odden ovanfyr Røysi, so høgt, at ingen kunne koma yver so nær som Fugl fljugande, og ein ser endaa Merke etter detta Gjærdet; der laag Torolv still heile Tidi, so lenge Arnkel livde. (Denne Odden ligg paa Vestsida av Aalstafjorden og heiter endaa Bøgifotshovde, og dei fortel, at det endaa i vaare Dagar syner Leivningar etter Gjerdet.)
                                                           
( Meir.)