[Notisar]

Kristiania den 3 December.
           
Den Læraren som Novembermennerne vilde hava til Redaktør, og som etter Gjetordet var sagd god til Arbeidet av Ekspeditionschef Hertzberg og kanskje av Seminarstyrar Saxe med, hev nok no sagt plent nei. Det hev voret skrivet i Avisurne um, at Skuleinspektør Jespersen og skulde ha hjelpt til det beste han kunde med aa skaffa Novembermennerne denne Læraren til Redaktør. Han skulde ha lovat Læraren aa gjera alt det han kunde for at Posten hans kunde haldast uppe for honom so lengje det var Raad, um det skulde gaa galet med Bladet. Dette hev nok voret fortalt fraa fleire Kantar og av Folk, som skulde vita litt. Jespersen negtar no alt dette i Dagbl., og det er vandt um Saki kann verta fullt upplyst. Alle desse Novembergreidur og like eins alt, som vedkjem Kristiania Aalmugskule, skal no vera so løynlegt, maa vita.
 
           
Hægstad skal vera fri for Tiltale, hev Justitsdepartemente skrive til Amtmannen i Nordtrøndelagen. Ordi hans burde rettest have været uendsede, skal dæ vera tillagt.
 
           
Dulsigno, som dæ heve vore slik Strid om so lenge, hev no endeleg Tyrkarne gjeve opp til Montenegro-Mennerne; desse hev so sett seg fast i Byen.
 
           
Her-Nemndi hev gjort fraa seg. Sverdrup skal skriva Innstilling, og so skal dei møtast att i Januar og leggja den siste Haandi paa Verke.