["Nordens Fristatssamfund"]

Nordens Fristatssamfund heiter eit Samlag, som vil arbeida for de søndrede (sundskilde) nordiske Folkegrenes Sammenslutning i fristatlig Form og som til Fremjing av dette Endemaalet vil gjeva ut Skandinaven, republikansk Tidsskrift for Nordens Enhed. (Sjaa Meldingi i fyrre No. av Fedraheimen).
           
Tanken er i seg sjølv god. Han vilde visst og vinna stor Tilslutning, dersom ikkje den Fr. Bajerske Samanrøringstanken um eit Styre for alle tri Nordlandi ikkje fylgde med og gjorde han mindre praktisk.
           
Me vaagar trygt aa segja, at det republikanske Samlaget vilde faa ei stor Mengd Medlemer her i Norig, dersom det var skipad paa ein fullt ut praktisk og klok Maate. Her i Landet vert det med kvar Dag fleire svorne Fristatsmenn, som og rimelegt er, naar Kongedømet steller seg som det i seinare Tid hev gjort hjaa oss. Nordmennerne maatte vera underlege Folk, dersom dei ikkje eingong vart leide av aa betala 100,000 Dalar um Aaret berre for aa hava Strid og Uro i Landet og for aa sjaa sin Fridom utsett for Aagrip av ei ukonstitutionel Regjering. Dei hev gjort det fyrr, fordi dei var vane med aa hava ein Konge, og fordi dei etter Samfestet med Sverige fekk hava Kongen og Hoffet so langt ifraa seg; men etterkvart som dei ser, at Kongedømmet ber som andre Stader gjev meir Bry og Ufred enn det gjer Gagn, so hev dei praktisk Vit nok til aa ikkje halda fastare paa det enn dei er nøydde til. Difor vilde eit godt organiserat og klokt stellt Fristatssamlag verta godt likat her. Men Nordmennerne gjeng ikkje med, dersom Amalgamationstanken vert blandad upp i Fridomsarbeidet, og det gjer væl i Grunnen ikkje dei Svenske elder Danske helder.
           
Me hev ingenting imot ein skandinavisk Union i seg sjølv; tvertimot, ein slik maa koma. Men denne Unionen maa vera bygd ikkje paa Samanrøringstanken, men paa Grunnsetningen um kvart Folks Sjølvstende og frie Nationalitet. Unionen maa med andre Ord ikkje vera annat enn det, som den norsk-svenske Union alt no er i Grunnen: eit Forsvarsforbund, eit Samlag millom Landi um aa verja kvarandre mot Aagang utanfraa. At Ein dessutan kann hava sams Skipnad i ymse andre ytre og praktiske Ting, som Pengestell, Tollvæsen og mykje annat, segjer seg sjølv; me er alt no langt paa Veg til ei Temjing i slike Ting. Men kvart Land fær hava sitt Styre.
           
Det gjeng ikkje paa annan Maate. Væl er dei tri Nordfolki nærskylde. Men baade i Haatt og i Historie er dei likevæl so ulike, og hev so mange ulike Interessar og Formaal, at ei Samanblanding av Landsstyret berre vilde avla fram Ugreidur og Misnøgje. Me maa hava kvar sitt Hus-stell.
           
Eit Samstyre for Nordlandi vilde sprengja Sambandet vonom snøggare. Berre eit slikt Spursmaal som det, kor eit slikt Styre skulde hava sitt Sæte, vilde eggja Folki upp imot kvarandre og setja Samfestet i den største Faare.
           
Nordens Fristatsforbund maa altso, um det vil vinna Framgang, leggja seg etter aa føra heilt ut klaar og praktisk Politikk i det nationale Spursmaal. Alle Kalmar-Draumar maa uppgjevast; Soga hev no eingong dømt dei. Det bør godkjenna dei tri Nationalitetarne og deira jamgode Rett; - det vil tilmed gjera svært godt her i Landet, um Fristatssamfundet legg seg etter aa vita, at der er tri Maal i Nordlandi, ikkje berre eit svenskt og eit dansk-norskt, men eit norskt og eit Svenskt og eit danskt. Paa den Maaten vil Samfundet vinna Tillit, og daa vil det faa Folk med seg og.
           
Skandinaven bør Fristatsmennerne i alle Tilfelle lesa. Det vert utan Tvil eit godt Blad, og det vil arbeida for ei god Sak i Politikken. Det er so billegt, at kvar Mann kann vinnast paa aa halda det.