Sogur fraa Island.

[Del 3 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga.)
                                   
 
II.
 
Torolv Bøgifat, Fader hans Arnkel Gode, tok til aa eldast mykje no, og han vart verre og stridare, te eldre han vart, og urettvis, og det vart fælt graatt med honom og Arnkel. Paa Ulvarsfell budde det ein Bonde, som het Ulvar og hadde voret Træl fyrr. Ein Dag, som Torolv kjøyrde inn Høy, tok han og kjøyrde heim til seg Høyet hans Ulvar og. Ulvar vart harm og spurde, kvi Torolv røvad fraa han. Torolv sagde, at han vyrde inkje, kvat han sagde, og gjorde Kjeft og var inkje god aa eigast med, og det helt paa og skulde bera ihop med dei, og Ulvar laut hava seg undan. Han for til Arnkel og bad han hjelpa seg. Arnkel sagde, at han vilde krevja Bot fyr Høyet, endaa han trudde inkje, det vilde nytta. Daa Arnkel kravde Boti, svarad Torolv, at den Trælen var altfor rik. Daa gav Arnkel Ulvar Bot fyr Høyet, og Hausten etter dreiv han 7 Kyr, som Torolv aatte, ned fraa Fjellet og slagtad dei. Dette likad Torolv fælt ille, men Arnkel sagde, at det skulde vera fyr Høyet.
           
I Joli hadde Torolv eit stort Drekkelag, og skjenkte dugeleg Trælarne sine. Men daa dei vart drukkne, eggjad han dei til aa fara inn til Ulvarsfell og brenna Ulvar inne, og lovad, at so skulde han gjeva dei fri. Trælarne tok mot detta Tilbodet, og for 6 Mann inn til Ulvarsfell. Dei tok ein Vedakost (Veahaug) og drog inn til Garden og kveikte Eld paa. Daa sat Arnkel og hans Menner i Drekkelag paa Bolstad, og daa dei gjekk og skulde leggja seg, saag dei det brann paa Ulvarsfell. Daa for dei radt dit og tok Trælarne og sløkkte Vermen, og det hadde inkje brunnet stort. Morgonen etter let Arnkel føra Trælarne inn paa Vadilshovde, og der vart dei hengde alle ihop. Sidan gav Ulvar all sin Eigedom til Arnkel med Handtak, og Arnkel skulde vera Logverja hans. Men detta var inkje heiltupp etter Logi, for Ulvar hadde voret Trælen hans Torbrand i Aalstadfjorden, og Sønerne hans Torbrand var loglege Ervingar etter Ulvar, og no vart det Uvenskap paa Arnkel og Torbrands-Sønerne. Torolv Bøgifot likad fælande ille, at Arnkel hadde drepet Trælarne hans og kravde Bot, men Arnkel sagde tvert nei og vilde inkje gjeva ein Øyre, og daa likad Torolv seg endaa mindre enn fyrr.
           
Ein Dag reid Torolv inn til Helgafell til Snorre gode, og Snorre baud han vera der, men Torolv svarad, at han trong inkje um aa eta Maten hans; men eg er komen, sagde han, fyr di eg vil, du skal hjelpa meg, daa du er Herads-Hovding og hev den Skyldnaden paa deg aa hjelpa dei som lid Urett. Kven er det, som gjer deg Urett, spurde Snorre. Arnkel, Son min, sagde Torolv. Daa sagde Snorre: Det skal du inkje koma med, du skal i alle Ting retta deg etter honom, fyr di han er betre Mann enn du. Daa baud Torolv Snorre Venskap um han vilde taka paa seg Ettermaalet etter Trælarne hans, som Arnkel hadde drepet (det vil segja: hemna dei), og Snorre skulde faa nokot av Bøterne. Snorre sagde, han vilde inkje leggja seg upp i detta. Daa lovad Torolv, at han skulde gjeva Snorre med Handtak Kraakenes og Skogen, som høyrde til, som var det største Lunnende (Herlighed) der i Bygdi. Snorre var Uvener med Arnkel, fyrdi Arnkel hadde gjort seg til Gode i Heradet hans Snorre, so Snorre, som var rette Goden der, hadde mindre Magt enn fyrr. Han totte han kunne trenga Skogen og, og dei fortel, at han tok imot Skogen og tok paa seg Ettermaalet etter Trælarne. Dermed reid Torolv heim, men andre let inkje væl um detta. Um Vaaren lagde Snorre paa Torsnesting Sak mot Arnkel, fyr di han hadde drepet Trælarne. Daa Saki skulde til Doms, nemnde Arnkel til sitt Forsvar, at han hadde teket Trælarne med kveikt Eld til aa brenna Garden. Snorre førde daa fram det, at Trælande kunne drepast paa det Stellet, som Ugjerningi var gjord men dei hadde ført Trælarne inn til Vadilshovde og drepet dei der. Arnkel vart dømd til aa betala 12 Øyrar fyr kvar Træl (umkring 800 Kr. fyr kvar). Daa Arnkel hadde betalt, flidde Snorre Torolv Pungen; Torolv tok han og sagde: Eg tenkte inkje det, daa eg gav deg Kraakenes og Skogen, at du inkje skulde driva meir paa denne Saki, og det veit eg, at Arnkel hadde inkje negtad meg so pass Bot, um eg hadde latet honom avgjera Saki. Snorre svarad: Du er komen skamlaust fraa denne Saki, og eg vil inkje vaaga mi Æra fyr di Skuld, so rang og illkyndt, som du er. Sidan for Folk heim fraa Tinget, og baade Snorre og Arnkel likad seg ille, men Torolv likad seg minst, som rimelegt var.
           
No hende det, at Ørlyg paa Ørlygsstad vart sjuk; han var Broder hans Ulvar. Ørlyg døydde, og radt sende Ulvar Bod paa Arnkel, og han kom, og han og Ulvar tok alt som var paa Ørlygsstad. Ørlyg hadde fyrr voret Trælen hans Torbrand, og daa Torbrands-Sønerne spurde, at Ørlyg hadde sloknat, for dei til Ørlygsstad og gjorde Krav paa alt ihop, og sagde, at dei var loglege Ervingar etter sin frigjevne Træl, men Ulvar meinte, han var logleg Erving etter Bror sin. Dei spurde Arnkel, kvat han no vilde gjera, og han sagde, at ingen skulde sleppa til aa røva fraa Ulvar, medan dei tvo var i Samlag. Sidan bad Torbrands-Sønerne Snorre Gode um Hjelp, men han sagde at han vilde inkje trætta med Arnkel um denne Saki, naar dei hadde voret so slepphendte i Fyrstningi, at Arnkel og Ulvar fyrst hadde fenget Tak i Eigedomen. Torbrands-Sønerne meinte paa det, at han vilde inkje koma til aa auka Magti si, soframt han inkje brydde seg um slikt.
           
Hausten etter hadde Arnkel eit stort Gjestebod, og han baud allstødt Ulvar til seg og gav han Gaavur, naar han skulde heim. Den Dagen, daa Folk skulde fara fraa Gjestebodet paa Bolstad, reid Torolv Bøgifot heimantil og for til Spaa-Gils, Venen sin. Han baud Spaa-Gils, at han skulde faa tri Merker Sylv (umkring 1500 Kr.), um han vilde leggja seg paa Lur etter Ulvar og drepa han og taka Gaavurne fraa han, og Torolv skulde betala Boti. Spaa-Gils var fælt fatig, og han beit paa og lagde seg paa Lur. Han saag, at Ulvar kom upp fraa Bolstad og hadde ein god Skjold, som Arnkel hadde gjevet han, og eit fint Sverd. Daa dei møttest, bad Spaa-Gils, um han kunne faa sjaa Sverdet, og gjølte mykje fyr Ulvar og sagde, han var ein gjæv Mann, som fekk so ypparlege Gaavur av Høvdingarne. Ulvar vatt paa Skjegget, daa han høyrde detta, og flidde han Skjolden og Sverdet. Gils drog radt Sverdet og stakk igjenom han, og dermed flaug han ut til Kraakenes. Arnkel stod ute og saag, det flaug ein Mann med ein Skjold, og han tottest bera Kjensel paa Skjolden. Han sende Folk etter han og sagde at dei skulde drepa han paa Flekken, kven han so var, soframt han hadde sleget ihel Ulvar og det var Torolv som hadde gjort han i Veg. Arnkel for radt til Ulvarsfell og fann Liket hans Ulvar. Men daa Torolv saag Gils flaug med Skjolden, kunne han skyna, korleids det hadde gjenget med honom og Ulvar, og sende Bod til Torbrands-Sønerne, at dei skulde koma til Ulvarsfell og inkje lata Arnkel røva Arven fraa seg. Dermed reid Torolv heim, og totte han hadde stellt seg godt. Mennerne hans Arnkel tok Gils og fekk Sanningi av han og drap han. Daa Torbrands-Sønerne fekk Bodet fraa Torolv, for dei ut til Ulvarsfell, men daa dei kom der, var Arnkel der alt og hadde mykje Folk med seg. Torbrands-Sønerne kravde all Eigedomen etter Ulvar, men Arnkel førde fram Vitne paa, at Ulvar hadde gjevet han all Eigedomen sin med Handtak, og sagde at detta inkje var mot Logi, og han vilde halda paa denne Arven som paa Farsarven sin. Dermed for Torbrands-Sønerne til Snorre Gode att og bad han hjelpa seg. Han sagde, at det hadde gjenget daa som fyrr, at dei var for seint ute. De lyt finna dykk i det, som no hender so mange, for ingen mann i Heradet fær no hava sin Rett fyr Arnkel. Daa svarad Torleiv Torbrandsson: Det er inkje underlegt, at du inkje hjelper oss mot Arnkel, for du driv inkje gjenom dine eigne Saker imot han dessmeir, naar du hev nokot Hopehavande med han. Dermed for Torbrands-Sønerne heim og likad seg fælande ille.                 
 
( Meir.)