Ivar Mortenson.

Eg hev aldri voret so forundrad som den Gongen daa eg las Ivar Mortensons Forklaring i Morgenbladet. Eg skulde daa kjenna den Guten nokot so nær; men dette han der skreiv, var so reint ulikt alt det, eg hellest visste um han, at eg vilde ikkje skriva eit Ord um det, fyrr eg fekk vita um han verkeleg sjølv vedkjende seg det. Alle hans Venner syntest det same. Dei stod reint som handfallne og saag paa kvarandre, - forstod ikkje det Grand. Hadde Ivar Mortenson fengjet ei ny Sjæl med det same han fekk ei ny Kufte? Hadde Eksisen og den militære Aand skapat Guten reint um?
           
No, etter det han hev skrivet i Fedrh. sist, kjenner eg han att. Han er den same som han hev voret; upraktisk, godtruen, stundom tankelaus, i praktiske Spursmaal likesæl og uvyrden, full av underlege og stundom reint bakvende Paafund. Det er væl nokot Natur, men det meste er Ungdom. Skulde nokon høyra eit slikt Paafund som aa setja seg til aa skildra seg sjølv etter andre Folks Synsmaatar, naar det just galdt aa skildra seg sjølv som Ein var, elder rettare sagt; naar det berre galdt aa setja fram so greidt og endefram som mogleg det, Ein hadde gjort, og Grunnarne til at Ein hadde gjort det? Men det liknar Ivar Mortenson aa finna paa slikt.
           
Det er den unge Studenten, som aldri fyrr hev voret ute i slikt Aalvor, - som hev teket all Ting i Livet mest som Leik og som det kunde høva; no kjem han uti nokot, som ikkje læt seg taka paa den Maaten. Han vert reint fortryllt. Han hev aldri tenkt seg inn i slike Tilfelle; han veit ikkje det Grand um, korleids han skal greida seg gjenom sovoret, det er alt nokot reint nytt, framandt og urimelegt. So gjeng han og grublar paa dette, til han ikkje veit korkje ut elder inn, og so finn han ut ein Maate aa gjera det paa, som er plent den bakvendaste av alle.
           
Naar Ivar Mortenson tek Pennen og skal skriva, so vil det altid blanda seg Leik og Dikting inn i det han skriv; han hev vant seg til aa lata seg driva med av allslags Innfall. Dette kan vera bra nok, naar Ein skriv Causeri-Artiklar i eit Blad; men det kann koma fælande ille med, naar Ein sit aaleine i ein Arrest og skal skriva ei Forklaring for ein Krigsrett og so Ein berre hev ein Formiddag aa gjera paa. Det kunde henda den beste, at han i eit slikt Tilfelle kom til aa skriva Tull; men for Ivar Mortenson var det mest Uraad annat enn at han maatte koma til aa fara burt i Vilska. Me skal ikkje gjera oss vigtige yver dette. Tenk deg, Lesar, at du var 22 Aar, ukjend med Livet og iser med Log og Rett, men allermest ukjend med Militærlivet og med militær Log og Rett, du braadstupar uppi nokot, som du sjølv ikkje forstend, - turr, du hev gjort ein god Gjerning, men vert sett fast som ein Brotsmann -; hev ingen aa samraada deg med, som forstend deg; alt det du høyrer gjeng heile ditt Vit imot; sjølve Retten synest deg so yver all Forstand, at du likso godt kann tru han vil døma deg av med Livet som at han vil døma deg fri: so sit du der aaleine i ein Arrest og skal skriva ei Forklaring . . . eg vaagar du vil skriva slik, at naar du sidan kjem ut og fær sjaa det att, so vil du ikkje forstaa det sjølv. Du vil, dersom du ikkje er særleg godt kjend i Rettsvæsen og slikt, mest altid koma til aa skriva uklokt og bakvendt. Det rettvende og naturlege, det, som skulde liggja nærast for Haand, det vil i slike Tilfelle vera det som du sist kjem paa.
           
At Ivar Mortenson skreiv som han skreiv, kann eg altso so godt forstaa, - helst naar det var han, med hans serlege Natur og hans Maate aa taka Verdi paa. Det, som Ein kunde undrast meir paa, var, at han ikkje reiv Stykket sitt sundt, naar han saag, at det ikkje dugde. Men med den underlege og flokutte Forsvarsplanen, han hadde lagt, kann det vera rimelegt nok, at han tottest trengja Consept til den Talen, han vilde halda for Retten. Han kom væl ikkje paa det helder, at dei kunde vilja taka Papiret ifraa han. Og allerminst tenkte han væl at dei vilde bruka det paa den Maaten dei gjorde, naar dei visste, at det var eit privat Papir, som han ikkje hadde tenkt aa leggja fram i Retten.
           
Ivar Mortenson er av dei, som Ein segjer er altfor ærlege; han trur Folk for godt. Det vil Ein av Stykket hans i Fedrh. sjaa hev voret Ulukka hans fraa fyrst til sist. Og daa han til- slutt saag, at Folk nok ikkje var som han hadde tenkt iallfall ikkje dei militære -, so forstod han dei ikkje lenger; han kunde ikkje tala meir med dei, og so gav han seg yver og leet dei gjera som dei vilde. Han totte han stod baade verjelaus og raadlaus, naar han ikkje forstod sine Folk og ikkje kunde faa dei til aa forstaa seg helder.
           
Det var ille at det gjekk so; men det er likevæl betre, enn um det hadde voret so som det saag ut til av Mgbl. at Mortenson hadde gjevet upp seg sjølv. No, daa alt for hans Vedkomande er upplyst og uppklaarat, vil han som fyrr hava full Vyrdnad og Medhug hjaa alle, og ingen vil lenger kunna mistyda Aatferdi hans.
           
Eg skulde ynskt, at Mortenson med det same hadde upplyst ymse Ting av det som vedkjem Motparten og. Væl ser me sumt av Stykket hans, som for alle kunnige Folk vil sjaa forunderlegt ut. Ein Domar som talar um Orefikar til ein, som er under Forhøyr, er soleids ein so underleg Ting, at Ein kan spyrja, um han høyrer heime i eit logskipat Samfund. Og heile den Maaten, som Forhøyret synest vera ført paa endaa Mortenson mest Ingenting segjer um det tek seg ikkje mykje hugleg ut. Men det er andre Ting, som Ein kunde ynskja upplyste. Det gjeng ymse Fraasegner her inne um desse Greidurne. Sume segjer at Morgenson hev havt det betre i Fengslet enn loglegt; andre segjer han hev havt det verre, og serleg at det Romet han sat i, tvertimot Logi var halv- myrkt. Dette siste segjer dei fleste. Dessutan skulde det vera fælt godt, um Ein kunde faa full Upplysning um den Flot- (Matfeitt-) Greida. For um den vert det sagt meir enn eg her vil fortelja. Det skulde t. D. vera godt aa vita:
           
1) Kor mange Mann det vart kokat Mat til um Dagen der paa Graatenmoen;
           
2) Kor mange Vogner Bataljonen brukad um Dagen.            
           
- for det tek seg so merkjeleg rart ut, at Ein skulde bruka upp Flotet aat ein heil Bataljon til Vognsmurning. Men naar Ivar Mortenson hev tagt um det, so fær Ein væl finna seg i aa ikkje vita annat um det enn det, som Gjetordet fortel, - alt um det ikkje er det beste.
           
- Dei militære Herrar trur, at det er best for Disciplinen, at alle stygge Ting um dei Fyresette vert neddøyvde, so dei ikkje kjem upp i fullt Dagsljos. Men andre trur, at ingenting er verre for Disciplinen enn just alle desse Sogur og Forteljingar, som gjeng so løynlegt millom Folk og vert trudde, utan at Autoritetarne gjer nokot for aa faa dei upplyste og Syndararne refste.
 
G.