Fredrik Stang.

[Del 4 av 6. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
           
Men det sterkaste og styggaste Uttrykk for den fiskekalde Uviljen, som dei innflutte Dansk-Tyskerar gjekk og bar paa mot alt innfødt og mot all Tanke paa ei sjølvstendig norsk Framtid, var likevæl det namngjetne Campbeiler-Slaget, som stod den 28de Januar 1838, og som var tilfenget av dei same intelligente Menn, som skreiv den Constitutionelle. Det var fyrst og fremst Henrik Wergeland, som skulde tynast, denne fæle Uppviglaren, som vandrede omkring paa Landet og prækede Radikalisme for Bønderne og paa jakobinsk Maner holdt Taler ved Krogsstøtten for det suveræne Folk; men gjenom honom skulde det norske og radikale Herket i det heile døydast og dømast av intelligente Pipeblaasarar og finfin Raaskap.
           
Det nye Kristiania Teater skulde vigjast med eit nytt norskt Spelstykkje; Andreas Munch sende inn Kong Sverres Ungdom, Wergeland sende Campbellerne. Baae desse Stykkje var lite tess; korkje Munch elder Wergeland var Dramatikarar. Men Stykkjet hans Munch vart godteket. Det vart daa uppført den 4de Oktober 1837 til Opning av Teatret. Men Wergelands Campbellerne vart og funnet aa vera so godt, at det burde uppførast, um no just ikkje som fyrste Stykket, og den 24de Januar 1838 kom det og upp. Fyrste Gongen vart det nokso godt motteket, etter det Morgenbladet, som den Gongen var liberalt og altso kunde segja Sanningi endaa um ein Mann som Henrik Wergeland, fortalde. Men den Constitutionelle sagde nokot annat. Den bedre Del av Teateraalmugen hadde ikkje likat seg den Kvelden. Stykket var altfor jammerleg laakt; det var ei Landsskam, at det hadde vortet uppført. Og det fine Bladet kom endaa med ei Innsmøygjing um, at Mennerne i Teaterstyret hadde teket upp Stykket berre av di dei var rædde Wergeland og hans hadske Skribleri. Og daa so Stykket andre Gongen kom upp, den 28de Januar, hadde Klikken væpnat seg med Pipur og samlet seg i Teatret for aa gjera Skandale. Førararne for denne fine Flokken, som no skulde upp og verja Smaken, Daningen og Folke-Æra (!!) var Lektor juris Schweigaard og Fredrik Stang.
           
Til Prolog elder Fortale aat Stykket hadde Wergeland skrivet eit fagert Dikt Den første Gang. Ingen vitug Mann kunde pipa aat eit slikt Dikt; men det var det same; det var ikkje Diktet, men Mannen, dei Fine vilde til Livs, og difor gav dei seg til aa tuta og blaasa, so snart Prologen var framsagd. Daa dei andre høyrde dette, tok dei til aa klappa, - og so gjekk Stykket heile Tidi under Piping og Klapping og eit Lurve Leven, so det var med harde Naudi dei kunde spela det til Endes. Etter Morgenbladet var det millom 20 og 40 som peip, etter den Const. var det 60. Dei var altso i alle Tilfell i Mindretalet. Men dei peip likegodt. Ikkje eingong daa Stykket var slutt og Duken fallen kunde dei halda upp. I ein heil halv Time dreiv dei paa med Ulevenet sitt. Den styggaste Raaskapen brant upp hjaa dei; ein av dei stod endaa med ein lang Barnetrompet og tutat like inn i Øyrat paa gamle Presten Wergeland, Far aat Diktaren, so han og skulde faa lida for Sonens Synder, og den, som gjorde dette fagre Stykket, var Fredrik Stang. Tilslutt vart Fleirtalet i Teatret so uppargat, at dei ikkje saag seg onnor Raad enn aa hiva ut desse fine Gutarne. No vart det eit Hundehus. Dei Fine sat i Parkettet lengst framme; Folket bak i Parterre; men no braut det seg fram yver Bolkar og Benker og dreiv heile Intelligens-Herket paa Porten med turre Nevar. So er sagt, at mange av dei fine Herrarne fekk so mykje Juling den Kvelden, som dei kunde bera, og andre smøygde seg burt gjenom Bakhol og Avgatur og rymde heim.
           
Men den, som sidan forsvarad dei Fine for det dei den Kvelden hadde gjort, var Fredrik Stang. Han skreiv i den Const. og sagde, at dei Fine var den bedre Del av Publikum, dei upplyste, Kulturfolket, og altso hadde dei Rett til aa fara aat som dei vilde. Dei fine hadde Rett til aa vera raae, naar det galdt dei Innfødde; for dei Innfødde er Barbarar og rettlause, dei er liksom ikkje Folk. Det er paa Lag som naar Smaaby-Borgarar elder Handelsbetjentar kjem ut paa Bondebygdi; dei trur dei kann skapa seg plent som dei vil. Mot slik Garpe-Intelligens er det tidt ikkje onnor Raad enn aa stengja Huset.
           
Naar Ein les um Campbellarslaget, so kjem Ein reint av seg sjølv til aa minnast Flagmøtet. Der fekk me og sjaa Kristiania-Intelligensen i hans sanne Ham. Naar Ein saag desse Kararne, som dei stod der og vaglad seg upp paa Benkjer og Stolar og skreik, glaamande paa Motstandaren med olme Augo liksom Stutar elder Hanar, strekkjande paa Halsen, raude i Kammen som Kalkunar, ylande mot kvart ærlegt Ord, - so forstod Ein, at dette var den Intelligensen, som steinad Henrik Wergeland. Den Gongen var Racehatet sterkare enn no. Men enno er det det, som ligg under som den sterkaste Magti i Politikken deira. Helder enn aa vera norske og blanda seg med den innfødde Barbarismen, vil dei inn under eit annat Land og søkja Æra under laante Fargar. Dei fleste av desse Grosserarar og Hanseatar gjev i Grunnen Politikken ein god Dag; den einaste Politikken deira er den, at dei vil ikkje vita av Bønderne. Difor er dei av all Magt imot Vinstre, som held med Bønderne; difor hatar dei Jaabæk, Sverdrup, Bjørnson; difor hatad dei av all si Sjæl Henrik Wergeland.
 
( Meir.)