Columba.

[Del 17 av 28. Fyrste delen]
 
Korsikansk Forteljing etter Prosper Mérimée.
                       
 
(Framhald).
           
Prefekten hadde reist seg for aa gaa.
           
Var det ikkje so seint, sae han, vilde eg foreslaa at De gjekk med for aa hente Breve fraa Miss Nevill . . . . Med det same kunde De daa segja Barricini det som De nyst sa meg og dermed skal alt vera endt.
           
Aldri vil Orso della Rebbia stige inn yver Dørstokken hjaa ein Barricini! ropa Colomba eldsfullt.
           
Frøkni er tintinajo 1) i Ætti, ser det ut for, sa Prefekten spottande.
           
Hr. Prefekt! sae Columba fast, De vert narra. De kjenner ikkje Sakføraren. Det er den luraste, laakaste Mannen i Verdi. Eg naubed Dykk at De ikkje fær Orso til aa gjera ein Gjerning, som vil slaa han med Skam.
           
Columba! sa Orso; du er for uppøst; du fær bruke Vite.
           
Orso! Orso! For den Øskja, eg gav Dykk -! Eg bed Dykk vent, høyr meg. Der er Blod millom Dykk og Barricinianne; du skal ikkje gaa til dei!
 
Syster!
           
Nei, Bror! De skal ikkje; hell og fer eg fraa dette Huse, og De ser meg aldri att. . . Orso! hav Medynk med meg!
           
Og ho lae seg paa Kne.
           
Eg tykkjer Synd i Føken Columba, at ho læt seg so lite segja. Eg er viss paa, De vil yvervitne ho. Han opna Dyri og stana, liksom ventande, at Orso vilde fylgje.
           
Eg kann ikkje gange fraa ho no, sa Orso! i morgo, um . . .
           
Eg reiser tidleg imorgo.
           
Imindsto, Bror, ropa Columba med samanlagde Hender, vent til imorgo tidleg. Lat meg sjaa igjenom Brevi hans Far endaa ein Gong. . . Du kann ikkje negte meg det!
           
Væl! Du kann sjaa dei igjenom ikveld; men so fær du spara meg for dette stygge Hate ditt paa ei Stund . . . . Eg bed tusund Gonger orsaka, Hr. Prefekt . . . Eg kjenner meg so lite i Lag . . . Det er betre, det drygjer til imorgo.
           
Notti kjem med Raad, sa Prefekten og gjekk. eg vonar, at imorgo skal all Tvihug vera burte.
           
Saveria, ropa Columba, tak Lygti og fylg Hr. Prefekten. Han vil sende eit Brev med deg attende aat Bror min.
           
Ho lae nokre Ord til, som berre Saveria høyrde.
           
Columba. sae Orso, daa Prefekten var gjengen, du hev gjort meg mykje leidt; vil du daa aldri taka Vit til deg i denne Saki?
           
Du hev gjeve meg Frist til imorgo, svara ho. Det er lite Tid, men eg hev endaa Von.
           
Ho treiv ein Nyklehonk og gjekk upp i eit Rom ovanpaa.
                                     
 
XIV.
           
Saveria vart lenge burte, og Orso var so utaaleg som han kunde bli, daa ho endeleg kom med eit Brev i Haandi og fylgd av den litle Chilina, som reiv seg i Augo, daa ho hadde vorte vekkt fraa den fyrste Svevnen.
           
No Barn, sa Orso, kva vil du her paa denne Tid?
           
Frøkni hev spurt etter meg, svara Chilina.
           
Kva F- vil ho deg? tenkte Orso; men skunda seg so aa riva upp Breve fraa Miss Lydia. Mea han las det, gjekk Chilina upp til Syster hans.
           
Far hev vore litt klen, min Herre, skreiv Miss Nevill, og han er hellest og so lat til aa skrive, at eg er nøydd til aa vera Skrivar for han. Ein Dag veit De, han foor og bløytte seg ut paa Føterne istadenfor aa beundre Landskape med oss, og det trengst ikkje meir til føra Ein Feberen paa Nakken her paa denne fagre Øyi Dykkar. Eg synest at eg ser det Andlit, De sett upp: De leitar visst alt etter Dolken; men eg vonar, De ikkje hev nokon slik no lenger. Altso, Far min hev havt litt Feber, og eg mykje Fælske. Prefekten, som eg tek til aa like godt, hev gjeve oss ein Lækjar, som eg likar likso godt; han hev i tvo Dagar løyst oss fraa all Pine. Feberridi hev ikkje kome att, og Far vil taka paa med aa jaga no; men eg negtar han det endaa. Korleids, hev De raaka paa Bergslotte Dykkar? Stend Nordtaarne endaa paa same Staden? Finnst det mykje Skrymt? Eg spyr um alt dette, avdi Farminnest, De hev lova han Daadyr, Villsvin, Moufflonfaar . . . ., var ikkje det Namne paa dette framande Dyre? Daa me no vil gaa umbord i Bastia, reknar me paa Gjestmildskapen Dykkar, og eg vonar, at della Rebbia-Borgi, som De segjer er so gamal og skral, ikkje fell ned yver Hovudi vaare. Endaa Prefekten er so elskværdig, at han aldri vantar Samtaleemne hellest smeikjer eg meg med aa ha gjort Mannen litt tullen i Hovude - hev me likvæl tala mykje um hans Naade, della Rebbia. Dei logkunnige i Bastia hev sendt honom visse Meldingar um ein Fark, som dei hev halde i Band og Lekkjur; desse Meldingarne er soleids vorne, at dei vil taka burt den siste Mistanken. Uvenskapen Dykkar, som stundom hev uroa meg, vil slutte heretter. De kann ikkje tru, kor dette hev gledt meg. Daa de foor fraa oss i Lag med den fagre Voceratrice, myrk i Augo og med Byrse i Haand, totte eg, De var meir Korsikanar enn nokosinn . . . altfor mykje Korsikanar. Eg skriv so mykje av di Tidi fell meg lang.
           
Prefekten skal dessverre fara. Me skal sende Dykk eit Bod, naar me gjev oss i Veg mot Fjelli Dykkar og vil vera so djerve aa skriva til Frøken Columba aa beda ho um aa laga ein Bruccio, ein av fyrste Slage. I Millomtidi maa de helse ho tusund Gonger. Eg gjer mykje Bruk av Dolken hennar; eg skjer upp Bladi i ein ny Roman med han; men dette gruvelege Vaapen kjenner seg visst saara ved dette og skjer sund Boki paa ein grøteleg Maate. Farvel, min Herre; Far sender Dykk his best love. Lyd etter Prefekten; han er ein Mann, som kan gjeva ei god Raad, og han tek av Vegen, trur eg, for Dykkar Skuld; - han skal leggje ein Grunnstein i Corte; eg tenkjer meg, at det maa vera eit storslegt Syn, og er overs leid for eg ikkje kann vera med. Ein Herre i utsauma Silkeklædnad, Silkehosur, kvitt Skjerf, held ei Klubbe i Haandi! . . . . Deretter er Tale; det heile ender med det tusund Gonger uppatttekne Rope: Leve Kungen! De kunde taka til aa gjera Dykk til av aa ha fengje meg til aa fylle fire Sidur; men eg tek det uppatt: Tidi fell meg lang, min Herre, og av den Grunn gjev eg Dykk Lov til aa svara i eit langt Brev. Det er sannt; eg finn det mykje underlegt, at De endaa ikkje hev skrive hit um, at De lukkeleg og væl er framkomen til Pietranera-Borgi.
                                                           
Lydia.
 
P. S. Eg manar Dykk til aa høyre paa Prefekten, og gjera det, som han segjer. Me hev baae kome til det, at De bør gjera slik, og det skulde vera meg ei Gleda.
           
Orso las Breve tri hell fjore Gonger, og det gav han mange Tankar. So skreiv han eit langt Svar som han leet Saveria bera til ein Mann fraa Landsbyen som skulde til Ajaccio same Notti. Han tenkte alt ikkje større paa aa strida med Columba um dei sanne hell falske Klaganne mot Barricinianne. Breve fraa Miss Lydia hadde sett han i slikt Godlag, at han hyste korkje Mistanke hell Hat lenger. Daa han hadde venta ei Tid paa, at Systeri skulde koma ned att, men ikkje hadde set noko til henne, gjekk han og lae seg med eit lettare Hjarta enn han hadde gjort paa lengje. Columba hadde fyrst sendt Chilina avstad med løynlege Rettleidingar, og vart so sitjande største Luten av Notti og las gamle Brev. Litt fyre Dag vart nokre smaa Flintesteinar kasta mot Glase hennar; paa dette Teikne steig ho ned i Hagen, opna ei løynd Dør og førde inn i Huse tvo Menner som saag ut til noko av kvart. Det fyrste ho gjorde var aa beda dei inn i Kjøken og gjeva dei noko aa liva av. Kven desse tvo var, skal Lesaren snart faa vita.
 
                       
XV.
           
Fram mot Klokka seks um Morgonen banka ein Tenar fraa Prefekten paa Døri hjaa Orso. Han vart motteken av Columba og sae, at Prefekten no skulde i Vegen, og at han venta Bror hennar. Columba svara utan Drygjing, at Broren hadde kome til aa falla i Trappi og vride Foten; og daa han ikkje var god for aa gange eit einaste Steg, nibad han Prefekten orsaka seg, og vilde vera overlag taksam, um han kanskje vilde vera so snild og umaka seg her hit til honom, Litt etter at Tenaren var gjengen, kom Orso ned og spurde Syster si um Prefekten ikkje hadde sendt Bod paa han. Han bad deg vente seg her, svara ho mykje rolegt. Ein Halvtime gjekk, utan at ein saag nokon Ting fraa Barricini-Huse. Dessimillom spurde Orso Columba, um ho hadde funne noko i Brevi sine, - ho svara, at ho vilde segja fraa um det, naar Prefekten stod og høyrde paa. Ho leetst vera roleg, men Ein kunde sjaa paa Augo og Liten at ho var i febrilsk Uppøsing.
 
Endeleg saag ein Døri paa Barricinihuse opna seg; Prefekten i Ferdaklæde steig fyrst ut, fylgd av Mairen og dei tvo Sønenne hans. Kor forstøkkte vart ikkje Folke i Pietranera, som hadde vore i Klædi fraa Soli rann, for aa sjaa paa, naar den øvste Embættesmannen paa Øyi reiste, - daa dei saag baade han og dei tri Barricinianne styre i rett Line yver Plassen og stige inn i Huse aat della Rebbia! Du skal sjaa dei gjer Fred! sae Politikkaranne i Landsbyen.
 
Det var det, eg sa Dykk, sa ein Gamling; Orso Antonio hev livt for lengje paa Fastlande til aa greide Sakenne sine som ein Mann med Hjarta. Legg Merkje til det, likevæl, sa ein Rebbiamann, at det er Barricinianne, som gjeng tilhonom og ikkje han til dei.
           
Det er Prefekten, som dreg dei alle etter ein Traad, svara Gamlingen; Folk hev ikkje Mod lenger no, og dei unge bryr seg ikkje meir um Blode aat Fedranne, enn um dei var Blendingar alle.                                       
 
( Meir).
 
1) Bjellesauden, som fører Flokken.