[Notisar]

Kristiania den 25 November.
 
Vinjes Storegut. 3die Upplaget av denne Boki hev voret utselt ei Tid som Boki ikkje hev voret aa faa. No vil Samlaget gjeva ut 4de Upplaget fint utstyrt og i Lumeformat -; det skal vera ferdigt til Jol, er Tanken.
 
           
Fædrelandet driv paa med Moralen. No leet det ein Skulemeister skriva um, kor ravgalt det er, at Lærararne gjeng med dei radikale. Værst av alt er det, naar Politikken ogsaa trekkes ned i Skolestuen, segjer Mannen; det er oplyst, at der er blevet holdt Foredrag i Skolen af radikale Lærere til Bedste for Oppositionspartiets Forslag. Skolen burde da idetmindste være neutral og fri for Tidens forbitrede Strid.
           
Ja ikkje sant, gode Skulemeister? Men kvi skjeller du berre paa dei radikale? Kvi gløymer du dei, som verre er? Er det berre Oppositionspartiets Politikk, som skjemmer ut Skulen?
 
           
Novemberforeningen skal hava eit eiget Blad til næste Aar. Det er bra, so fær me daa sjaa, kva det er for nokot nytt og merkjelegt, som han hev aa koma med, og som meir enn nokot annat skal kunna tyna Radikalismen. Det vert sagt, at Novemberlaget ikkje skal hava meir enn ikring 20,000 Kr. aa gjera med, men at det stend rike Folk attum, som kann stydja til, um det knip. Ein ung Skulelærar fraa Kristiania skal dei tenkja paa aa faa til Redaktør.
           
Han skal hellest hava det Vitet, at han set upp som Vilkor at han vil vera fullt fri i Arbeidet sitt; han vil nok og helst vera berre Medarbeidar i Bladet.
 
           
2 Mann som var med i Ufreden i 1814, er i Aar daane i Fett. Ola Hanssen Bjanes døydde i April og Anders Torsteinsen Nordby no i denne Maanaden.
 
           
Ein fransk Eimbaat, heiter Josef, hev støytt i Hop med ein italiensk Eimbaat. Josef sokk og 250 Menneskjor bleiv; berre 50 av deim som var om Bord vart redda.
 
           
B. Bjørnson hev skrive eit langt Brev heim, som dæ er trykt Ordrag or i Dagbladet og andre Blad. Han likar seg fælt godt. Han legg i mangt fram eit anna og betre Syn paa Tilstand og Folk der yver en me vanleg fær av Blad og Bøker. Aftenbladet vil døyva den Elden, som dæ vel er rædd, Skrive til Bjørnson vil kveikja, og tek inn Stumpar av Brev fraa eit Par som ikkje hev havt dæ godt i Amerika! Dæ er som dæ vil segja: Amerika er ikkje eit Paradis i alt og for alle. Dæ visste me fyrr.