[Høyland (nær Stavanger) (Brev)]

Høyland (nær Stavanger) (Brev). Det er mange her, som les Avisur, - Avisur av mest alle Slag. Men av Fædrelandet totte nok Høgre her var for litet. So fekk dei paa einkvar Maaten tingat 5 Exemplar av dette Bladet, som daa vart sendt til 5 av Lærararne her med Utskrift: Lærar N. N. og Naboer. Lærararne skal altso betala Bladet med aa senda det ikring til Grannarne sine. Dersom det er paa den Maaten, Fædrelandet fær seg ut til Lærararne paa Landsbygdi, so takkar eg det sandhedskjærlige Blad lite fyre, at det kann rosa seg av aa hava 316 Lærarar paa Landet til Tingarar. Det er nok ikkje visst, at alle Lærarar betalar Bladet med den kravde Mynt helder.
 
Fedraheimen hev eg leset mest so lengje han hev voret til, og det maa segja at eg er glad i Bladet, endaa der hev voret ymse Stykkje, som eg ikkje hev likat. At De fær høyra so lite herifraa, kjem av, at me Høylandsbuar ikkje er Maalmenn av Fag. Her er altid nokre Mann, som les Bladet og likar Maalet godt; men skriva det kann dei ikkje. At Maalet vaart ikkje er so godt som det skulde vera, vil ingen undrast paa, som veit, at me hev det ovfine Ladested Sandnes liggjande midt i Sokni. Og Sandnesbuen er ikkje for Katten. Han knotar so det er reint rart aa høyra paa halvt Jarbumaal, halvt Stavangermaal -, og dei som daa vil vera nokot rundt om i Bygderne, hermer etter so godt dei kann, og Smaafolket etter Kaksarne, og so alt fort. Dessutan gjeld det aa leva fint; me tek fælt mykje med Kaffi og fin Stomp fraa Sandnes. Hev me ikkje Raad til det, so laanar me Pengar. Og gjeng det reint galet, so hev me eit stort gildt Hus paa Garden Soma, som Folk kallar Stalten (Fatikhus), der ein kann faa Losemente, um Lukka er god. Stalten er no um Dagen mest full av Lægdafolk; ei 60-70 Mann er der. Og endaa er dette berre ein liten Del av Lægdafolket vaart. Me skal til Aars lina ut 11000 elleve tusund - Krunur til Fatikvæsenet. Det ser fælt ut, helst daa ei Mengd av Gardbrukararne vaare stend paa Kant til aa spela upp. Heradsstyret vaart hev voret svært romhendt i seinste Bilet; men ifjor Sumar var det nokre, som totte det gjekk for vidt, og so fekk dei fleire nye Menn inn i Styret, som væl enno ikkje er for væl prøvde, men som me ventar det beste av. Den liberale Bondehøvdingen S. N. Oftedal vart Ordførar for 1880 og 1881. Han er gamalt kjendt for han hev arbeidt trutt i mange Aar til Upplysning og Framhjelp for denne Bygdi. I seinste Tidi hev han bl.a. kaupt ein Slump Bøker paa Norskt og gjevet burt til Almubiblioteket. Den Sigeren, dei liberale vann ved Herads-Valet, ertad Storkaksarne; dei vilde taka det att paa Thingvalet. Med Bit og Slit fekk dei fram 3 av sine Valmenn og; men den dei vilde hava til Thingmann, og som dei hadde lovat skulde gjera store Ting um han kom fram, vart ikkje eingong Suppleant.
           
Me Jarbuar driv helst mest paa med religiøse Saker. Her i Høyland er ein ikkje liten Vækkelse, som vist kunde gjera mykje godt, um han vart ført i dei rette Spor.