Fata Morgana.

Det var ein Morgon, eg hadde vaknat væl tidleg og laag og undrast paa, um eg ikkje skulde leggja meg til att. Inkje vakte eg og inkje sov eg. Augo feste seg paa den vestre Himmelen, som enno var myrk av den burtsigande Notti. Rett som det var, tok det til aa røra paa seg der ut i Halvmyrkjet; eg saag betre etter og fann til Slutt ut at det var Folk, eg saag, ei uhorveleg, yrjande Mengd med Folk. Nokre saag ut til aa vera glade, andre tyktest syrgja; nokre var høgmælte andre berre kviskrad. Det heile drog seg meir og meir burt i Vest med den vikande Notti; men seint gjekk det. Det tyktest meg likna ei uhorveleg Utferd. Eg saag tvo Slags Folk, dei eine fine og staselegt klædd, dei andre simple og uvande. Desse siste gjekk og leitte og grov i ei Mengd med Bunad og Ferdaty, som laag ikringum; det var som dei saknad nokot, og ikkje kunde finna det. Eg undrast paa, kven heile denne Horgi av Folk kunde vera. Fyrst tenkte eg det var ein Flokk Stormenn med Tenararne sine; men so syntest eg det liktest meir paa ei Ferd av Utvandrarar, som vart visitera av Toll-folket. I den fine Flokken var der ymist rart aa sjaa; ei Mengd med Ordenar, runde Magar og digre Andlit; sume drog tunge Pengesekkjer etter seg; der var kvasse harske Uppsyn, og der var gamle, godslege Dunderbeisar, som godt kunde segja at 2 og 3 er seks, men som kunde segja at 2 og 3 er 4 og, dersom nokon Vedkomande ynskjer det.
           
Det var underlegt aa sjaa paa. Tilslutt kom det so langt ned i Synsrandi, at eg laut tøygja meg upp for aa sjaa det og daa kunde eg høyra kva dei rødde um. Lengst til Vinstre stod ei Klyngja og smaakjeklad: Det var det Smalsporet Dit, som var Orsak i denne Utferdi vaar! Nei, det var den skarve Bevillingji fyrr Overslaget vart ferdugt! Og so det Budgettet som me inkje vilde hava Greide i. Aa til Bloksberg med baade det eine og det andre, skreik ein i og lo; det var Aperi alt, og alle var me like gode.
           
Meir i Midten sto ei onnor Klyngja, og der var dei store Pengesekkjerne. Hm, sa Ein, eg hev reknat ut, at det er Du med den nye Tobakstollen og dei andre Tollpaaleggi som hev drivet os ut paa Vegastig. Du kann tigja Du, sa den andre; Du hev tent fullt so mykje som eg paa den Leikjen og Din Sekk er likso tung som min.
           
Meir til høgre stod ei Klyngja og kviskrad.

Det var De, som dreiv so hardt med Vetoet, som hadde Skuldi, Lat oss inkje dragast um det no, svarad ein Annan det var mange Hundar um den Haren, og der var mange andre Tingog med der. Ei Trøyst hev me daa, og det er, at Nykjelen til Peningkjista hev me fengjet med oss. Ja den Trøysti er god, sagde ein glisande, so fær dei inkje sjaa kor rein ho er sopad! Sopat er ho inkje, sa ein fjorde, der ligg at nokre Øyrur aat Krigskomiteen, og nokre aat Kaptein Jacobsen med; men det vert dei no inkje feite av. Ja men lite er daa betre hell inkje, sa ein, som hadde blanke Knappar og tri Render paa Luva; for Kommisjonen fekk ingenting den. Nei det vart Ekstraskriving det, slengde ein Gauk inn. Nokre av den simple Flokken kom no so nære at eg kunde høyra ein segja: Kor i all Verdi kann det finnast? No hev me leitat baade upp og ned, og Ingenting er aa sjaa; men einstad skulde Ein tru det maatte vera! Ja, svarad Ein; men me fær trøysta oss med, at no er det daa ein Ende paa dette makalaust bakvende Stellet. So peika han paa den fine Flokkjen, som no hadde samlat seg og lagde til: Dei er endeleg vegne; men Gud skal vita, dei hev inkje voret for lette.
           
- No greiddest det fyr meg. Det var det gamle Bakstrævarstyret, som hadde ruslat seg ivegmed Pikk og Pakk. Og det eg hadde tekjet fyr aa vera Tollkarar, var Skattytararne, som no sistpaa leitad etter Ansvaret millom alt Ferdatyet. Men dei fann ingjenting, no meir enn fyrr.
           
So seig Notti ned i Vest og Reaktionen med. Det vart med ein Gong so ljost og lett. Det var Dagen som kom. Eg vende Augat mod Aust; der saag eg Skatteytararne mine att, men dei syntest gladare no. Det var vel Ljoset, som gjorde det. Men mange underlege Ting yrde fram i Solgjeislurne: eit Storting med Riksraadarne hjaa seg, eit Departement for offentlege Arbeid med ein ansvarleg Sjef, ein Statsrevision, som var blid, og som grein godslegt til ein Flokk breidsporade Ingeniørar . . . men so vaknad eg. Eg hadde nok sovet lel, eg!        
 
. . . . . . d.