Etterskrift um Graatenmo-Greida.

(Av Ivar Mortenson.)
 
                         
(Fraa fyrr. Nr.)
           
So var det dette med Løytnant Aas. Det kom nokle burt til meg og klagad seg og bad meg hjelpa dei og skriva nokot um honom; det maatte vera noko riktig Forsmædelegt au, sagde dei; det var greit aa skyna, at dei var so harme paa honom som dei kunde bli. 1) So fann eg paa og skreiv dette Brevet. Hu, det er so vondslegt, naar det er soso stelt, tenkte eg. Eg totte Synd baade i Løytnanten og i Mannskape. Det kunde verta leidt for honom, um det vart sendt beintfram Klage, tenkte eg; for etter det eg hadde høyrt um honom, so kunde han gjerna verta avsett, tenkte eg. Men um Ein skreiv til Mannen sjølv og bad honom lempa seg noko, so kanskje kunde det hjelpa, og so hadde Ein daa ikkje den Syndi paa seg. Og so kunde det au vera mange andre, som kunde vera verre enn han.
           
So kunde Pelotonen sjølv hava betre av dette, tenkte eg, naar dei visste, at dei kunde faa honom klagad for Retten, men dei likevæl ikkje vilde honom so vondt, men tilgav honom og berre bad honom fara fram med eit mildare Lag; det vilde sona Stemningi, meinte eg; det vilde brjota Odden av Hatet. Der fær eg øva meg i eit nytt Slag Stil au, tenkte eg. Det norske Maalet, det er eit gildt Maal, tenkte eg. Sjaa no, her kann Ein segja ærlegt og greidt alt saman, utan at det fornærmar nokon. Hadde eg skult skrivet dette paa Dansk, so hadde eg maatt tenkt det ut og sveipt det til paa ein reint annan Maate, so det hadde vortet eit fælt Hovudbrot, og so hadde eg ikkje fenget det so stutt og so ærlegt og greidt helder. Eg var heilttupp stolt av det, og meinte eg hadde gjort det reint godt. Dette vil han lika, tenkte eg; for dei vil hava det ærlegt og greidt, Hermennerne. Eg totte berre eg saag han, naar han fekk Brevet. So vilde han lesa det i ei Hast; i Fyrstningi vilde han skjelva litt; men so vilde han verta so glad, naar han kom mot Slutten; so vilde han snu seg til Soldatarne og segja til dei:
 
De skal hava Takk, Gutar; eg hev væl ikkje voret i alle Maatar som eg skulde, eg held; men me skal hjelpast aat, so skal me sjaa, um det ikkje skal gaa betre!
           
So høyrde eg, det kom til Forhøyr. Stakkars Løytnanten no, tenkte eg; skulde det bera den Vegen lell! Men so vart eg so forundra: det var ikkje h a n, det var e g, som skulde vera Syndaren, og eg kunde ikkje skyna, kva galet eg hadde gjort. Og di meir eg høyrde og saag, di meir forbinad vart eg. Eg var ein Uppviglar, ein Anstaltmakar ei vond Aand, ein falsk Profet, og hadde fyrst forsøkt meg i mitt eiget Kompani, men daa det ikkje gjekk der, so hadde eg prøvt meg i eit annat; fyrr hadde det voret Fred og Ro og alt godt paa Moen, men no, daa eg var komen, so hadde den gode Aand kvorvet burt. Eg var eit syrgjelegt Tidens Tegn. Eg fekk strenge Formaningar um aa lata av fraa den Vegen eg var komen innpaa. Eg forstod ikkje det Slag av alt dette. Men paa eikor Vis laut eg væl hava forbrotet meg, tenkte eg.
           
Med Løytnanten var det ein annan Ting, ettersom eg fekk høyra. Ein av Skulelærararne meinte paa d e t under Forhøyret, at det var raadlaust annat enn aa mislika ein Løytnant, som kallad og bannad so. Skulde da ikke en Løitnant ha Lov til aa banne sine Soldater? vart det svarat. Og eg, som trudde, at det var stor Synd slikt! Synd baade mot Soldaten og Heren og Embættsautoriteten, som vert undergraven ved slikt, - Synd mot baade Guds og Landsens Log og mot sjølve den aalmenne Folke- skikken!
           
Nei, eg hadde nok reint misteket meg i alt dette.
           
Dei spurde meg under Forhøyret ved Krigsretten, um eg ikkje fann Framferdi mi respektstridig. Nei, eg kann ikkje plent skyna det, sagde eg, og spurde, korleids daa det kunde so vera. Men daa var det berre som dei vart vonde, flaug upp og sagde, at eg hadde fortent ein Ørefik; slikt burde eg daa ha lært paa Skulen, sagde dei. Og dei raadde meg til aa sansa meg betre etter.
           
Ja ja; so fekk eg til aa tenkja etter daa. Er du so reint forherda, at du ikkje skynar det no helder daa? tenkte eg. Eg gjekk igjenom alt det, eg hadde høyrt sagt um meg. Og di meir eg tenkte paa dette, di meir gjekk det upp for meg, at me gjekk nok ikkje ut fraa dei same Grunnsetningarne, og dei. Men eit maa det vera, anten maa eg vera forunderleg laga, hell so maa dei vera kallege Folk, tenkte eg. Eg totte det var vondt um eg skulde fraadøma meg sjølv Vitet, men likso galet totte eg det var aa avheidra dei. Eg visste plent ikkje kva eg skulde tru. So kom eg paa nokot: Du skal freista aa tenkja deg inn i deira Tankegang og so skildra deg sjølv deretter, og so sidan skal du framføra ditt eiget Syn, so fær dei sjølve døma!
           
Ja, so maatte eg daa fyrst byrja med meg sjølv og prøva aa sjaa meg med deira Augo. Her visste eg tvo Ting: at eg etter deira Meining var ein Brotsmann og ein Urostiftar, og at eg etter deira Folkeskikk maatte vera ein Raring, naar eg hadde voret so lengje Soldat og so likevæl forbraut meg so svært mot den militære Aand utan aa vita av det. Dette hadde eg aa ganga ut ifraa; og so skulde eg daa prøva etter det og etter deira Maate aa greida Saki slik ut for dei, at dei kunde forstaa, at Logbrotet mitt iallfall ikkje var gjort paa nokot vondt. Men no aa sitja slik aa sjaa seg sjølv med andre Folks Augo og skildra seg sjølv som ein faarleg Brotsmann der som nokot løglegt inn i dette; eg kom halvt um halvt til aa sjaa paa denne Brotsmannen likesom det var ein annan, og aa skildre honom paa Lag som naar ein prøver aa analysere psychologisk i ein Novelle; - nokot slikt blandad seg inn, og so vart det deretter. Men Grunnen i det eg skreiv skulde vera denne: Eg hev stødt havt min eigen Skikk og voret van til aa gjera slik som eg sjølv fann det best. Men er eg her komen uppi eit Liv, der det gjeld andre Reglar enn dei, eg fyrr kjenner, so er det greidt, at eg maa finna meg i aa dømast etter dei. Og eg lyt vedkjennast, at det er omtankeløst av meg, at eg ikkje fyrr hev ansat meir paa, kva det er for Reglar, som gjeld her. Men dette kjem av, at eg er so og so lagad - og so skulde daa denne Skildringi av meg sjølv koma so, som eg daa og etter den Maaten kunde faa henne til. Men det er greidt vilde eg daa segja -, at no, daa eg hev fengjet meir Greida paa desse Reglarne vil eg fylgja den vanlege Skikken, so eg ikkje skal koma i Ugreida med Log og Rett berre for Ingenting og for ei Form Skuld; for det kann daa ikkje nytta. Til Slutt vilde eg leggja fram mitt eiget Standpunkt og prøva aa faa dei til aa forstaa det; - fekk eg det til, meinte eg, so vilde eg vist au faa dei til aa skyna, at eg ingen Brotsmann var; men kom eg med det fyrst, so vilde dei berre finna det respektstridigt. Eg visste i det heile ikkje rett, kor mykje eg torde segja. Eg hadde voret ute for det fyrr, at naar eg sagde det eg meinte, so svarad dei, at det var mot Respekten. Det gjekk rundt for meg; eg forstod meg ikkje paa, kva dei meinte med den Respekten, meir enn eg skulde vera eit barn.
           
Men eg fekk ikkje Stunder til aa gjera Forklaringi mi ferdig. Eg hadde berre ein Formiddag aa gjera paa, og den fyrste Parten av Stykket mitt gav meg so mykje Hovubrot, at eg rakk ikkje meir enn det. Og det vart helder ikkje slik, at eg kunde leggja det fram. Eg hadde ikkje fengjet det til som eg vilde; sumt av det, eg hadde skrivet, var der Meining i, og sumt ikkje. Nei, tenkte eg daa, eg fær berre segja det, som eg hev tenkt aa skriva; dette her fær eg berre bruka til Hjelp for meg sjølv for Retten, so eg ikkje gløymer ut for mykje. Men so daa eg kom for Retten, og dei saag, at eg hadde Papir, so vilde dei hava det. Ja ja, tenkte eg, dei fær væl faa det daa; - nokot vondt kan det væl ikkje gjera! Og aa faa heilt fram det som eg meinte, det gav eg upp. Eg forstod meg ikkje paa heile Stellet deira; eg var rædd det kunde lite nytta. Dei fekk gjera som dei vilde sjølve.
 
- Men du kann tru, eg vart forundra, no daa eg fekk sjaa nokot av dette Rablet mitt att i Morgenbladet. For der saag det rart ut. Eg visste ikkje anten eg skulde læ hell graata. Hadde eg endaa fengjet det fullskrivet -! Men eit halvgjort Arbeid, eit halvgjort Forsøk paa eit Arbeid, og so dertil lange Uttydningar, - nei, so rart hev eg aldri set som aa sjaa sovoret paa Prent. Ikkje hadde eg tenkt held, at Folk kunde tru slikt som at eg den eine Dagen skulde tru aa ha gjort ei god Gjerning og den andre Dagen angre det vonde eg hadde gjort!
           
No tregar eg mykje paa, at eg den Gongen gjorde som eg gjorde. Det er ikkje so mykje for meg sjølv; for eg er ung og sterk og hev eit godt Mod, so det var ikkje verre enn eg altid kunde standa ut dei 25 Dagarne. Men eg tykkjer mest Synd i Løytnant Aas; han hev daa fengjet den verste Straffi ved all den Skrivingi, som hev voret um honom, og so Generalen au. Og so Respekten for Offiserarne, den fæler eg for hev fengjet eit hardt Hogg ved alt dette; for det hev samlat seg mykje Vilje mot dei ved det. Og det var ikkje det, eg vilde. Eg tenkte helder eg skulde hjelpa til aa sona det, som var sundbrotet, eg, og hjelpa fram eit betre Forhold.
           
Men Mistaket mitt var, at eg ikkje agtad rett paa, korleids Offiserarne og det heile Militæret i Grunnen var lagad. Eg tok det for norskt, for endefram. For seint fekk eg sjaa, at ein norsk Maate og ein militær Maate høver ikkje plent ihop. Den militære Aanden, so som den hev utviklad seg her, og so vidt eg forstend den, er nokot reint serskilt og formerkjelegt, som eg vist aldri kjem heilt inni. Men eg vil freista aa stella meg klokare ein annan Gong.
 
Eg kann ikkje hava nokot aa segja paa Domen min det er greidt, at eg kunde ikkje venta aa verta dømd etter mine eigne Meiningar; eg maatte finna meg i aa dømast etter deira Krav. Og etter all det vonde, som eg maa hava gjort, kunde eg væl ikkje venta mindre. Ein annan Ting er det, at eg gjerna kunde ynskje aa faa meir Grunn i heile dette militære Stellet enn eg hev; for Straffi trur eg ikkje hev gjort meg stort klokare. Ein annan Ting er det au, at eg kunde ynskja aa forstaa dette, at det, eg gjorde der paa Moen i Sumar, skulde vera so stor ei Synd!
           
Eg hev ærlegt prøvt aa setja meg inn i det; men Synsmaatarne er so ulike.
 
1) Du veit eg vilde ikkje nemne nokot vidare um dette for Retten; det var nok at me tri kom i Ulukka, syntest eg.