[Notisar]

Den 20de November.
           
Biskop Birkeland i Bergen vil taka Avskil.
 
           
Moltke Moe hev lenge vore i Bøherad i Telamark og samla ei Mengd mæ Eventyr, Visor og Stev.
           
 
Hægstads Sak er etter Forhøyre sent inn til Kongen.
 
           
Lensmann Lars Aga i Ullensvang hev tekje Avskil. Han er 80 Aar gamall og hev vore Lensmann i 50 Aar. Han var Tingmann i 1842 og 1845. I seinare Tider var, som dei fleste veit Broderen, Johannes Aga, Tingmann men daa han slog seg til Høgre i 1872, vart han ikkje vald meir.
 
           
Nordenskjøld er vald til Tingmann for Stokkholm.
 
           
Dæ er stærke Jordristingar i Austrike. I Byen Agram er mest alle Husi sundskaka og mange Folk særde. Ristingi kom att 2 Vendor mæ 8 Dagar imillom. Folk er fælt rædde, som rimeleg kann vera, naar Jordi giv seg, som skulde vera dæ traustaste av alt.
 
     
I Rusland er eit Par Nihilistar hengde.