"Tiderne er vonde."

Grundtvig fortel um Mester Ole Vind, som preikad
 
om de bløde Skind,
hvori sig Daarer svøbe ind,
om Mænd i Kongers Gaarde.
 
Jo der saa faldt hans kvasse Ord
Der skal man Christne finde;
ja, christen Folk om Drikkebord
med Kande, Krus og Kvinde,
og saa Guds Ord i Hyldekrog,
hvor bundet hardt i Spendebog,
det ligger som en Fange.
 
For Felix vel Sankt Povel kom
at stande mange Gange;
men hed det: Kydskhed, Lov og Dom,
saa blev vor Felix bange,
saa hed det: gaa du kun dit Skud!
Jeg har saa travlt, du skal faa Bud,
naar jeg faar bedre Stunder.
 
Ja vist, Guds Ord skal nok faa Bud,
naar høfligt det vil være,
og strege ind det sjette Bud osv.
 
           
Denne Preika kom attfyr Kristian den fjorde; han læt ikkje Mester Ole Vind tiltala fyr Majestætsbrot, men han gjorde han til Hofprest!
           
Holberg let Arlequin i De Usynlige tridje Akt sette Scene segja: Din indtil Døden forbundne ringe Madik, Kaalorm og Oldenborger. Holberg var ikkje tiltalt fyr Majestætsbrot han helder.
           
I 1840 stod det i Korsaren, som Goldschmidt gav ut Laurdag, so nær som naar Reiersen var i Ulag (for Reiersen var imprimatur, maata) ein Katekisation, som var paa Lag slik (eg minnest det ikkje ordgrant):
           
Læreren: Hvad vil det sige, at Gud er almægtig?
           
En Gut: Han kan gjøre alt hvad han vil.
           
En anden Gut: Men da er jo Kongen ogsaa almægtig.
           
Læreren: Snak, hvad staar der i Forklaringen.
           
En Gut: Gud er almægtig, det vil sige, han kan alt hvad han vil, men han vil ikkun, hvad der er ret og godt.
           
Læreren: Ja, der ser du, det er Forskjellen.
           
Dette Stykke greidde seg fraa Censuren, og Goldschmidt vart ikkje tiltalt fyr Majestætsbrot, endaa han segjer, um just ikkje endefram, at Kongen ikkje vil det, som er rett og godt.
           
Wilhelm von Braun hev skrivet eit stygt Dikt, som aldri skulde voret prentat, um Nebukadnesar, og han segjer der, at redan folkets kärlek var blefven hans belønning. Dette er beint fram aa gjera Nar av det svenske Kongehuset, men so vidt eg veit, vart han ikkje tiltalt.
           
Kvat hev Løberg sagt, som var so faarlegt? En vis Mand frir nok sine.
           
Hægstad hev i eit privat Lag sagt, 1) at med Ervefylgje kann ein faa ein Idiot til Konge. (Det er daa visst og sant. I Slutten av fyrre Aarhundrad hadde halve Verdi galne Kongar, Rusland Keiser Paul, England Georg den tridje, Norig og Danmark Kristian den 7de og Sverik Gustav den fjorde!); 2) at Kongen skulde halda seg fraa Politik og berre jaga, opna Jarnveger og slikt (liksom i England, og som Grunnlogi vaar vil og); 3) at det meste av Kongens Løn gjeng ut or Landet. (Detta er og sant, og er ikkje nokot Klagemaal mot Kongen.)
           
Sørensen hev skrivet um det einveldige Kongedøme, um alt det Blod og meir slikt, som det hev paa sit Samvit. Han er no sett under Tiltale. Tek daa vaar Konge detta til seg? Oskar den andre likar ikkje Blod og vil ikkje hava Livsstraff dessmeir, so det Sørensen segjer kann slett ikkje høva paa honom.
           
Frit tør han tænke og frit tør han tale, frit tør han virke til Noriges Held,
stend det um Nordmannen i Nationalsongen vaar. Det er vakre Ord, men det ser smaatt ut med Fridomen no, naar ein ikkje kann vera trygg i eit Venelag dessmeir. Det vert Tider som under Keiser Tider. Bergens Tidende hev Rett, naar ho segjer, at kvar lyt no agta seg, endaa i privat Lag, for paa denne Maaten kann ein aldri vera trygg, korkje i Rusland elder paa Namsos. Der er no ikkje eit europæisk Land so nær som Rusland, der den personlege Fridomen er so liten som her. Men personleg Fridom er nokot, som Nordmennerne altid hev havt, endaa um dei hev misst Æra og Namn og Sjølvstende, og detta er det einaste som alle Nordmennerne forstend.
           
Det politiske Barometret stend laakt no; det stod paa Storm, daa Statsraadsaki vart negtad Sanktion. Det stod paa Jordskjelv, daa Selmer vart utnemnd til Statsminister. Men no stend det endaa laagare. Det stend paa Fabrikmerket. Barometret stend paa Petersen.
 
           
Verst vert det, um den snilde, retttenkte Idealisten Hægstad skulde koma under Tiltale. Han hev vist aldri snakkat vondt um nokon Mann, korkje um Kongen elder um andre. Me vonar, at Styringi vil gjeva Amtmannen og Skrivaren ei dugeleg Skrape fyr Bryet sitt. Gjer ho ikkje det, ser det myrkt ut. Den eine vil ikkje tru paa den andre lenger; ein kjem til aa ganga umkring, liksom med Muleband og tore ikkje snakka, men tenkja vil ein so mykje meir. Ei kjøvande Pestluft vil leggja seg ut yver By og Bygd, og Folk vil spyrja um Grunnen og Svaret ligg fælt so nær. Og daa vil Folk i tusenvis ganga yver til Republikken.
           
Republikanismen hev havt stor Framgang paa det sidste. Ingen negtar lenger fyr det. Hadde me havt 11 Statsraadar, som hadde sett seg den Uppgaava aa gjera Bønderne til Republikanarar, hadde dei venteleg ikkje fenget ein einaste Bonde med seg. Og um eg og du hadde gjevet os til aa skriva fyr Republikken og hadde reist umkring i Bygdi og preikat fyr Bønderne um Republikken, hadde me ikkje voret lenge um aa hava oss heim- att. Men no hev me fenget ei Styring, som hev sett seg fyre aa verja um Kongemagti i eit Land der Folket truleg var meir royalistisk, enn i nokot annat Land. Og so ja me ser, kvat dei hev utrettat.
           
Slikt er vanleg det, som den oplyste Del av Nationen kallar Politik, og som dei segjer, at Bønderne og Skulelærararne ikkje forstend seg paa.
           
Nei Gud skje Lov! Skulde me fara aat paa den Vis, vart me nok snart raka Fant.
 
           
Skal det no bera til med Fisling og Melding fyr Raadsmagti, undrast eg paa, um den oplyste Del av Nationen hev Vit nok til aa døma rett um alle Klagemaal: I 1868, daa Kong Karl opna Stortinget, stod det ein Sjauar og ventad paa, at Kongen skulde koma ut, so han kunne faa sjaa han. Men daa han totte, det vart nokot langdrygt, sagde han so høgt, at fleire høyrde det: F-ta Kongen, som inte kan komma da! Ein Konstabel for paa Raadstova med han, og kannhenda fekk han Straff, det veit eg ikkje. Men Sjauaren meinte ikkje nokot vondt; han gav sin Loyalitet eit Uttrykk, som høvde til hans Kunnskap og Daning, men Meiningi var god: Gid hans Maiestæt Kongen snart vilde komme, jeg skulde ønske at se ham. I Trane-Krigen hende det i ein Smaaby paa Austlandet, at Herkemugen slo inn Ruturne. Ein Glasmeister kom fraa godt Lag og gjorde Narr av dei og sagde: Det er rett, Karar, slaa inn Ruturne, dere, det tener eg Pengar paa. Mannen kom paa Tugthuset fyr aa have opfordret til Oprør!