Ikkje leik dykk med Vermen!

No flyg det Verdi rundt, at det held paa og lagar seg til eit stort Parti her heime, som vil segja upp Samlaget med Sverige og gjera Norig til ein Republik. Dei konservative set ut slikt, so dei kann faa skræma upp alle retttenkjande Folk til aa verja um dei konservative Interessar. Men det er aa leika seg med Vermen. Fyr eit halvt Aar sidan var der ingen som tenkte paa aa segja upp Samlaget med Sverige; korleids det er no, veit eg ikkje, men finst det slike Unionsfiendar, so er dei konservative Skuld i det. Naar Folk umkring i Landet ser av baade innanlands og utanlands Blad, at mange vil skilja Lag med Svensken, so fer Folk til aa tenkja paa det, og gjer dei fyrst det, so veit ingen kor den løyste Tanken skjeivar av, og so kann der laga seg til eit unionsfientligt Parti, fyrr nokon veit Ordet av det. Det er rett som med all Preikingi mot Vantrui. Prestarne preikar og preikar mot Vantrui kring heile Landet og fortel, at Vantrui trengjer seg inn fraa alle Kantar og et umkring seg. Men detta er ikkje klokt; mangein Mann, som tvilar ender og daa med seg sjølv, tvingar seg til aa tru paa Kristendomen; men høyrer han at dei fleste tenkjande Menner ikkje trur lenger, so er det slutt paa Trui hans; og mangein, som aldri hev tvilat fyrr, tek til aa tvila daa. Dei konservative lokkar fram alt det, som dei er mest rædde fyr i Verdi, og skapar Mistru til Sverige og religiøs Vantru der slikt ikkje fanst fyrr.
           
Daa gamle Gunhild i Peder Paars vilde hemna seg paa Kraakurne, fyrdi dei hadde skræmt ho, so ho tapad det store Slaget mot Jens Blok, fekk ho Einerett til aa skjota Kraakur paa Øyi Anholt. Stort klokare er ikkje dei konservative. Dei fer det til aa trivast, som dei minst likar. Dei løyser paa den eine etter den andre av dei Posarne, som Vindarne er i, men kann dei faa i dei att?
           
Det skal ikkje stort til aa faa det til aa bera laust, naar der er Uro i Lufti. 23de Februar 1848 i Paris saag det ut til, at det skulde jamna seg. Daa fall det eit Skot, og ingen visste, kven som skaut, og dette Skotet vekkte heile Februar-Stormen, og Kyrkja, Eigedom og Ægteskap kom i Faare.
           
I Mars same Aaret gjekk det sameleids i Berlin. Stormen var aat aa leggja seg, og Folket helsad paa Kongen med Gleda; daa fall det tvo Skot, og ingen veit, kven som skaut, men daa laagad Striden upp i heile Byen. Ein skal ikkje leika seg med Vermen.
           
No hev me fenget vaart Ministerium Polignak; 1) held dei no paa og saar Ufreds-Tankar umkring i Bygderne, so kann radt det veksa upp, som ingen likar.
           
For Vinstremennerne likar ikkje Upprør. Det vert eingong ein Strid millom den innfødde Nationaliteten og den innflutte for her finst tvo Nationalitetar; dei konservative, som helder vil under Sverige enn under det norske Folkeparti, dei vil ikkje høyra til den norske Nationaliteten -, og daa fyrst vert her Grunn til Strid, aa snakka um, soframt ikkje dei konservative loyalt vil bøygja seg. Men det er lenge til den Tid. Me treng til vaare konservative; dei er liksom vaare Mjølketenner. Naar dei rette Tennerne vaare veks ut, so feller me hine, og daa vert her vel Strid. Men den Striden, som daa kjem, vert ikkje med Sverige, men med vaare eigne konservative, soframt dei daa ikkje med Vilje fører Norig i Ufred med Sverige til aa bergja dei konservative Interessar.
           
Men dei konservative tarv ikkje stunda so paa den Striden; for dei kjem sjølve til aa tapa. Etter det 19de Aarhundradet kjem det 20de, og ikkje det 18de.
 
1)