Etterskrift um Graatenmo-Greida.

(Av Ivar Mortenson.)
           
No hev eg set so mange Slag Uttydningar og Meldingar i Bladi um dette paa Graatenmoen, at eg trur det vil vera rett, um eg skriv nokot sjølv au um det. For Faae hell Ingen hev set rett i alle Maatar. Eg likar det ille, at dei hev gjort so stor ei Sak av dette, og det er ikkje Meiningi, at eg no vil gjera henne endaa større sjølv; men det er so mange, som trur galet um meg, at eg ikkje synest eg kann tigja plent still. - Men det vart for langt, skulde eg retta paa alt det galne, som er meldt um denne Skai.
           
Eg hadde høyrt so mykje um alt Hardstyre paa Eksisen, at det skulde daa vera so reint forsett eit Raarikje, dei hadde yver Gutarne. No saag eg au Sumt, som kunde tyda paa dette. Men eg saag daa au Mangt, som var vitugt, og eg saag Offiserar, som var plent som andre Folk. Nei, det maa vera berre nokot, som dei finn paa, dette, tenkte eg. Det er berre som eit Minne fraa gamle Tider, dette, som sitt i Aalmugjen endaa, at alt i Herstellet so skal det drivast fram berre med Vondt. Det er berre liksom ei Ovtru: naar dei ser desse glimande Klædi og all den drustelege Bunaden og so desse keike strame Kararne med Sverd og Belte og morske Minur og Fremind-Manns Maal og Fremind-Manns Aatferd, so vert dei skræmde og trur at dette er ikkje Folk, men berre Storstyggingar og Tryn-Tyrkar, som er sette til aa pina og hardstyra dei. Det er ikkje ansleids med dette hell som med Spøkeri og so- voret, tenkte eg; dei hev høyrt gamle Sogur, og so gjeng dei og skjelv i Ræddhug og trur at dei ser mange Ting, som aldri er til. For naar Ein berre vil bruka Vitet, so kann det daa aldri vera Meiningi, at alt her skal drivast med berre Hardhugen. Det vilde vera reint motskapt det. For no til Krigen, som Eksisen gjeld, so var no ingen Ting so speleg som eit hardstyrande og vondsklegt Offiserslag; for daa vilde Soldatarne anten renna sin Veg som ein Saueflokk, hell so vart det Offiserarne, som fekk dei fyrste Kulunne, og det vøre daa ikkje væl. Og eit slikt Skræmestyre vilde dessutan vera til stort Mein for sjølve Folkedaningi. Det kann aldri vera meint so, - tenkte eg.
           
Og av Krigslogi fekk eg same Tanken. For der stend det, at det er ei menneskeleg og vitsleg Aatferd, som dei skal bruka. Difor meinte eg, at so var Meiningi og so skulde det vera.
           
Men som sagt: eg saag altid sumt, som var paa eit annat Lag. Eg undrast paa dette og leitad etter Grunnen til det. Huglynne og Sermannshaatt kunde fulla hava nokot Skuld. Men det slengde seg inn i so mangt, dette, at der laut vera andre Grunnar au for det. So mykje fann eg snart ut, at Soldatarne sjølve bar ei stor Skuld. For dei førte seg som Trælar; det var som Mange trudde, at det var ein sjølvsagt Ting, at Offiseren skulde vera som eit Troll og fara aat med Soldatarne plent som han vilde. Var det daa Under um dei misste sin Sjølvvyrdnad, og um dei sjølve au vart fulle av Raaskap og vond Vilje, so Lydnaden vart berre som ei Augnetenest, som dei gjorde av Tvang, med dei bannad sine Overmenn i Hjartat. Men det er den gode Viljen, som gjeld for Gud, og eg meiner det er den, som gjeld i Krigen au. Var det so Under, um det var Mishug mot Hermannsstellet? Mishug og Klagemaal var det meir av enn av Kjerleik, som vil ofra seg for Land og Folk.
           
Det er liksom mange ikkje veit hell forstend, at Offiserarne au hev sine Plikter, og at dei au stend under vanleg menneskeleg Log og Vilkor. Visste dei plent det, og visste dei, at dei gjorde sine Plikter, so vilde dei kunna æra og elska dei som andre Menneskje.
           
Desse Plikterne hev sin Grunn i det same for baade Offiserar og Mannskap: i Kjærleiken til Folk og Land. Er dei baae fyldte med den, daa fyrst kann dei vera rette Fedrelandsverjarar, og daa kjem det av seg sjølv med den rette Maaten og det gode Samhøve millom Offiser og Soldat, som er noko av det fyrste det gjeld um.
           
Men naar Soldatarne trur, at Offiserarne berre er høge Herrar, som hev si Moro av aa plaga dei paa alle Maatar, og naar det au stundom hender, at Offiserarne tek det formykje med vondt og med hard Driving og Banning og Vondske, so er det ikkje godt for Soldatarne aa koma til aa tenkja paa, at baade dei og Offiserarne er utgjengne paa den eine store Saki; den aa verja sitt Folk og sitt Land.
           
Det kunde endaa ganga an, um Soldaten var meir upplyst; daa kunde han sansa seg betre sjølv. Men er han raa og litet upplyst, daa kann Ein ikkje venta seg so mykje av honom; daa skylder Offiseren so mykje meir, og det er daa det minste Ein kann krevja, at han sjølv skal visa Vyrdnad for sitt Kall.
           
Men tenkte eg er det Ein, som ikkje gjer dette, so bør Soldaten endaa ikkje leggja honum for Hat, men helder med trugne Ord og Manndoms Ferd prøva aa føra honom inn paa rettare Leider.
           
For kunde Soldatarne berre hava Tillit til dei og tru godt um dei, so kunde det nok henda dei vilde folka seg. Det kann vera Soldatarne sjølve, som gjer dei til Troll med Mistru og Mothug. Men naar Ein talad til dei paa menneskeleg Vis, saa maa dei daa hava Manns Hjarta i Bringa dei au, tenkte eg. For den Illska og Vondhugen og Sjavvils-Strengleiken kann daa ikkje annat vera hell som ein Ham, som dei maa vera glade dei kann sleppa ut or sjølve tenkte eg.
           
Eg saag au Merkje, som styrkte meg i dette.
           
Det var ein Offiser i Fyrstningi, som var fæl til aa banna, at det var yver alt; men daa det leid um ei Tid, so var han ikkje til aa kjenna att. Eg veit ikkje korleids det var voret, men sidan var han so reint godlidande; og so vonde som dei var paa honom i Fyrstningi, so glade vart dei i honom sidan. Dette var endaa ein kvass og braalynd Mann.
           
- Dette var Tankarne mine.            
 
(Meir.)