Dr. Bistourys Nattevaktmann.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Etter Chambers Journal.)
                                   
(Slut.)
           
Daa Doktoren hadde lova aa taka seg ein Nattevaktmann, vart Harry roleg for dæ fyrste, men nokre Vikor etter gjekk han paa honom aa nyo.
           
No Doktor, heve de fengje dykk nokon Nattevaktmann daa?
           
Ja, dæ hev eg gjort for ei Tid sidan.
           
Men han gjer vist ikkje si Plikt, for eg heve gjenge denne Vegen til alle Tider om Natti, men eg hev aldri set honom. Er de heilt ut viss paa, at de kann lita paa honom?
           
Vent og sjaa, var Doktorens Orakelsvar.
           
Og Everett venta, men saag ingen Ting. Den usynlege Vaktaren var likeso usynleg som fyrr, og Harry, som reint misste Taalmode over at hans gamle Ven var so blind, hadde mest tenkt aa taka Stege fullt ut for eigi Reikning, daa dæ nettopp kom ei ny Tilburd og tvinna seg inn i Dramae. Dæ var ikkje mindre en dæ, at Doktorens gamle tru Tenar, mest kjend mæ Namne Gamle Sam tok til aa verta so klenhelsa, at Husbonden hans vilde sende honom ut paa Lande i tri Maanadar. Han fekk i Stelle for honom ein Mann, som baud seg fram so braadt som han skulde havt Augo paa den Tenesta eit heilt Aar. Den avkomne var ein aalvorleg, mild, tagall Kar, som gjekk so stilt som ein Skugge, og som syntest vera ein levande Samansetning av dei tvo beste Ting ved ein Tenar Logn og Lydnad.
           
Men endaa Doktoren og dei andre Venerne hans var heilt opp nøgd med denne Mynster-Tenaren, var dæ likevæl ein, som ikkje var dæ, og dæ var Harry Everett, som ikkje let dæ ganga lang Tid, fyrr han sagde Meiningi si.
           
Min kjære Doktor, dæ er ikkje Meiningi mi aa plaga dykk stendigt med mine Læte, men visst er dæ, at den nye Tenaren dykkar heve noko vondt i Tanken. Eg kom bra seint heim i Gaar Kveld og saag honom daa standa ved Hagagrindi og tala mæ eit Par Karar; nettopp som eg gjekk framom, snudde ein av deim tilfellig paa Hovude, so Lygteskine fall like paa Andlite hans, og eg kjende honom strakst att, dæ var ein kjend Tjov, som heiter Bill.
           
Er dæ sant? Er du viss paa dæ?
           
Ja, plent. De veit eg gløymer aldri eit Andlet, som eg ein Gong hev set.
           
Ja so! Ja daa er Tidi komi til Gjerning!
           
Han sagde dæ siste Orde so underlegt og so sterkt, at Harry tok paa aa tru, at naar alt kom til alt, hadde ikkje han turvt nidbeda han so, at han skulde vara seg, og at den gamle Mannen var tenkt paa, kva dæ skulde vera.
           
Han vart vissare i denne Trui daa Doktoren ein Kveld, ein 8 Dagar bak etter, reint uventande kom inn til honom og sagde: giv meg noko Mat til Middags, Guten min. Eg veit, at du skal ikkje bort i Kveld, og difor vil eg vera so god av meg aa syta for, at du kann faa lite Moro. Hev du nokon Sinn lese Greiven av Monte-Christo? I Kveld skal du faa sjaa eit Stykkje av den for Augo dine, rigtig leande desmeir, dæ trur eg, eg skal lova deg.
           
Kva meiner de? spurde Everett og stirde paa honom.
           
Jau, høyr no. Eg sagde for nokre Dagar sidan til Tenestfolki mine at eg skulde bort i Kveld, og so kann de veta, Kokka bad seg au fri. Soleids kjem dæ ikkje til aa vera andre i Huse en den hæve Tenaren, som du utan Grunn mistrur so. Dæ er mykje mogeleg, at baade dei Herrarne som du saag honom tala mæ her ei Natt, kjem og held honom med Selskap i Einvere hans, og daa - -
           
Harry sprang opp og gjorde eit Kast, som ikkje ein dansande Dervisj hadde gjort betre, og der ataat knepsa han mæ Fingrom og ropa: godt, godt! Fyrste Premi! No skynar eg altsaman! Men kom no Doktor; kjære, kvi kunde de ikkje fyrr hava sagt meg, at de greidde Tingen godt nok sjølv, og ikkje lete meg gjera meg til Nar og preika for ein Mann, som er likso god som seks av min Sort.
           
Bry deg aldri om dæ, Guten min, sagde Doktoren og lo, dæ var ærleg meint, at du vara meg. Et no du kjem nok til aa trenga dæ, innan Kvelden er slut, dæ kann eg lova deg og sidan skal me tala om Saki.
           
Etter Middagen tende Doktoren ein av dei urimeleg gode Sigararne sine, den einaste Ovnjotingi hans, og tok so paa aa leggja ut om hose han vilde fara aat.
           
Eg hev læst dæ ytste Rome, som ligg inn til Løyndarrome mit, so der er tvo sterke Dører millom dæ og Tjovarne. Dæ vil Tenaren min segja til deim, og so vil dei ikkje ganga den Vegen, men dei vil freista Vindauga. Han læt deim inn gjenom Hagagrindi og giv deim den gamle Stigen som ligg der, til aa stiga opp paa. Me gjøymer oss i Stallen; dæ er godt at eg hev havt Giggen min standande paa eit anna Stelle, difor hev ikkje Stallen vore nytta paa lenge, og dæ fell ikkje nokon inn, at dæ er Folk der; men dæ er lett for meg aa faa opp Døri. Og so - -
           
Og so, Harry tok Orde fraa honom og sette i: gjeng me imot deim i same Stund, dei syner seg. Dæ var rigtig godt eg kunde faa røyna den nye Revolveren min.
           
Lat helder den vera att heime, sagde Doktoren lognt, ved detta Arbeide trenger me ikkje Vaapen.
           
Men tenkjer de daa magnetisera Tjovarne? spurde Harry, som slett ikkje forstod kva han meinte.
           
Vent og sjaa, lo Doktoren, me tarv ikkje vera der fyrr Kl. 11, for den hæve Tenaren min vil nok vera viss paa at eg ikkje kjem heim, fyrr han giv Varselorde, og dertil mæ tek ein forfaren Tjov sjeldan paa mæ Arbeide sitt fyrr etter Midnatt. Dæ einaste, me maa vara oss væl for, er at ingen ser oss naar me gjeng inn.
           
Her hadde dei daa Lukka mæ seg, og som Doktoren hadde sagt, Skodda til Stalldøri gjekk lett ifraa, endaa ho saag rustutt ut. Baade Kararne smaug seg inn usedde og uhøyrde.
           
Dæ leita fælt paa aa krjupa kringom der i Myrke og sjaa og lyda, alt dæ Auga og Øyra formaadde, til aa verta var dæ fyrste Teikne til ein komande Faare. Dr. Biustourys øvde Nervor raadde nokso godt mæ denne Taalmodsprøven, men for den utaaluge Everett var dæ rigtig ei Plaage. Stallen laag til den Vegen, som grensa til Hagagrindi, og fraa dæ Stallvindauga, som laag lengst borte, der dei tvo hadde stellt seg, kunde ein sjaa over heile den Sida av Huse, som berre var upplyst av eit einaste Ljos i eit av dei øvste Vindaugo. Mæ eit vart detta Ljose borte, og so kom dæ fram att ein Augnablink baketter, og det same gjekk for seg tri Gonger etter kvarandre.
           
Dæ maa vera Varselsteikne, kviskra Doktoren, haldt Øyro opne, Harry!
           
Endaa dæ ikkje traut Everett paa Mod, so kjende han Pulsen sin slaa hastigare og han visste ikkje av dæ, men han førde Handi bort aat Revolveren, som han hadde tekje mæ seg, mot Doktorens Ord.
           
Hyst! var dæ ikkje eit lett Fotstig utanfor?
           
Ein Augnablink etter høyrde dei ei laag Kviskring, og strakst kom dæ Svar fraa Huse. So gleid dæ ein mørk Skapning stillt som ein Skugge fraa Huse og til Hagagrindi og sleppte inn gjenom henne tvo andre.
           
Dei hev Stigen, kviskra Doktoren, daa tri Skikkelsar gjekk gjenom Hagen. Bruk no Augo, Guten min, for no fær du snart sjaa noko som er verdt aa sjaa.
           
Stigen vart strakst reist opp mot dæ løynsame Vindauga, Bill kviskra til Felagen sin, at han skulde hava Auga mæ Lagsmannen deira og steig so opp og skar ut ei Rute: dæ gjorde han so hendigt, at dæ var mest ikkje ein Ljod aa høyra, stakk so Handi inn og lyfta av Kroken. Baade Hjelpararne hans steig opp etter honom, Bill kraup vart inn i Rome og snudde Ljossida av Lykti inn. I same Stund hopa den svikutte Tenaren mæ eit dumt Skrik: Er dæ ikkje ei ei Kiste der oppe? kviskra han og skalv, Gud i Himlen, dæ ligg vist ein daud Mann i henne, og - -
           
Du er daa ein rigtig Patent-Tumsing! murra Bill olmt, haldt Kjeften paa deg, dæ raar eg deg til, eller au skal dæ snart verta ein daud Mann til her. Eg gjeng beint paa eg, og han gjekk fram mæ faste Stig.
           
Ratsjj! der sprang Kistelaake opp, og eit Beinrangel, skrymtsamt opplyst av dei raude Ljosi, som loga i dei tome Augnaholorne, for opp mæ eit uhyggjelegt Rasl og rekte fram dei grinande Kjakarne og Knoke-Armarne sine, som om dæ vilde springa paa deim. Napoleons berge seg den som kann var ikkje meir skiljande; den trugne Tenaren sette i ein Skrik, som var nok til aa vekkja heile Grannelage, og han tumla i Golve og laag og vreid seg i Senedraatt. Den andre Tjoven sprang at Ende og tørna so mæ Hovude saa hardt innat eit Hyrne av ein Ting, som stod der, at han rauk i Galne som eit Øksehogg skulde raama honom. Bill gjorde eit vonlaust Paatak paa Glase, velta Stigen, dumpa sjølv i Marki og braut dæ eine Beine.
           
- Der kann du sjaa, Harry, sagde Doktoren, daa dei gjekk opp, etterat dei hadde set paa, Politimennerne hadde drege av Stad mæ dei ubedne Gjesterne, der kann du sjaa, at Vaktmannen min forstod si Plikt, og dæ endaa dæ er ikkje den minnste Trollskap mæ honom, berre nokre dulde Fjører, som spring i Vere, naar nokon kjem i Nærleiken, og lite Grande Fosfor. Dæ underlege Rome ser du no er ikkje anna en eit Laboratorium. Men dei Sogorne, som gjekk millom Folk, hadde eg so mykje Moro av, at eg maa tilstanda, at eg for ein god Del sjølv hev auka deim. Lat oss no ganga og leggja oss; eg trur du heretter vil faa sova rolegt, for dæ vil vist drygjast no, innan nokon aa nyo gjer Innbrot i mitt Hus.
           
Dæ er helder ingen som hev freista paa dæ sidan.