[Skulestyrar Hægstad]

Skulestyrar Hægstad oppe i Namsos er dæ mange Maalmenner, som kjenner. Han heve gjeve ut fleire Bøker paa norsk: Maallære, Lesebok o. a. No vert han kjend av dei umælande au. Han hev gjort Majestetsbrot. Han tenkte seg trygg i eit Lag millom gode Vener, og dei tala om Kongedøme og Folkedøme, som alle talar um no. Hægstad sagde daa, at naar ein hadde kongeleg Ervelog kunde ingen svara for at Folke ikkje fekk ein Tumsing til Konge. Kongen burde, sagde han vidare, ikkje driva paa mæ Politik, han kunde vera Veidemann, opna Jarnveger og slikt. Han totte helder ikkje dæ var rett at so mange Pengar som heile Kongeløni gjekk ut or Lande. Kong Oskar vart ikkje nemnd; men du kan vera trygg, Juristarne kjem nok mæ sine Udvidende Fortolkninger. Detta gjekk nok for seg 4de November. I neste Nr. av Ramdalsposten, eit Blad som Hægstad fyrr hev styrt, men som hev gjort høgre om, var dæ ein namnlaus Fisletut ute og mana paa Politie: slikt maatte ikkje taalast. Nei naturlegvis. Politie skreiv til Amtmannen, og Amtmannen til Politie, og Politie heldt Forhøyr, men dermæ er dæ nok ikkje slut. Selmers Ministerium legg nok Sak mot Hægstad. Er Skræme-Styre byrja, maa dæ halda fram.