[Notisar]

Den 13de November.
 
Politie i Namsos hev fenge dæ annsamt. 4de November hadde ein paa Stangi si eit Flag (mæ Merke i), men over Flage hadde han bissa ein Stander mæ dei Ordi i: lenge leve Johan Sverdrup. Politie tok ne Standeren.
 
           
Ein Nordmann fraa Modum, som heiter Johan Dahl, hev tekje 1ste Premi og Gullmedalje ve ein Skyttefest i Bismark Grove Kansas Amerika. Der var 10,000 Menneskjor til Stadar.
 
           
Amerika. Garfield vil nok faa 213 Røyster til President og Hancock 156.
 
           
I Frankrike held dei no paa aa faa heilt gjenomført Mars-Vedtaki aa stengja for alle Munke-og Prestelagi, som ikkje vil faa Logerne sine stadfest av Styre. Dæ var ei Avskils-Rid paa Riksraade att no i Vika, men dæ ser ut til at ho giv seg, Orsaki var no au fælt liti.
 
           
I Tyskland vert Tiderne verre og verre. Dei skuldar paa den store Verndar-(Beskyttelses) Tolli.
 
           
Joh. Schwartz i Drammen byd no 25 pCt.
 
           
Dæ var ei Skrøne, at Sv. Foyn skulde vilja gjeva Pengar til ei ny Kyrkje i Kristiania.
 
           
Eit merkjelegt Tingmøte var Maanadsmøte i øvre Valdres den 22de Juli. Dæ hev vore skrive om dæ i fleire Blad; no hev Lagrettesmennerne lagt fram sine Vitnemaal.
           
Midt i Tingtidi, mæ ein Mann heldt paa og tala mæ Fullmegtigen, sagde Skrivar Astrup, at dei hadde so god Tid, di vilde han føra fram ei vigtig Sak for Folke. Dæ var tvo Karar, som var ovleg faarlege, den eine for heile Lande, dæ var Bjørnson, den andre for Valdres, og dæ var Klokkar Ødegaard. Dei var Slyngler, braut ne Vyrdnaden for alt godt, og meir slikt, og so las Skrivaren opp Dikte til Færden til Norges Folk - dæ var dæ beste han hadde set paa lenge. Mannen som tala mæ Fullmegtigen fekk seg eit strengt: ti stille, so Folk rigtig kunde faa njota alt dæ fagre i Nidvisa. Ødegaard (som ikkje var til Stads) hev no meldt Saki for Amtmannen og spurt honom, om ikkje slikt bør undersøkjast og paatalast.
 
           
Fraa S. Jaabæk kjem dæ om nokre Dagar ei Bok: Varme Piller til Brug imod de kolde Rivninger, som Novemberforeningen fremkalder.
 
           
I Trøgstad i Borgesysla hev ei Kjerring drepe Mannen sin, mæ han sov.
 
           
Paa Hamar hev dæ vore Skadvarme att. 5 Hus brann opp.
 
           
Sakførar H. Bentsen hev no flutt fra Kraakerøy og hev buset seg i Solumherad. Han skal heretter hava Sakførar Kantore sitt i Skien.
 
           
Vergelands-Stytta er no ferdig fraa Støyperie i Drammen. Vonleg kjem ho til aa verta innvigd 17de Mai neste Aar.
 
           
Bladtale i Noreg var i 1878: 207 og i 1879: 228. I dæ fyrste Aare vart dæ send i Posten 8,209,636 Blad, i 1879: 9,201,010.
 
 
Saxe (ikkje Jørgensen) skal vera mæ i Seminar-Kommissionen.
 
           
Paa Heidemarks-Jarnvegen hev dei no tekje paa aa kjøyra. Jarnvegen fraa Eidsvoll til Trondheim skal heita Nordbanerne og hava Hovudkantore i Trondheim.
 
     
Den danske Tonekunstneren Berggren er daaen.
 
     
Dæ er Kolera i Indien.
 
           
I Rusland hev dæ falle Dom over ein Flokk Nihilistar. 5 skal hengjast og missa sin Standsrett og 11 er dømde til Slaveri fraa Livstid til 15 Aar.