Sogur fraa Island.

[Del 2 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga.)
                         
 
(Slutten).
 
Torbjørn hadde megtige Ettermaalsmenner (som hemner ein, naar han er drepen); den megtigaste av desse var Snorre Gode, som var Syskenbarnet og Halvbror hennar Turid paa Frodaa, Enkja etter Torbjørn. Torarin torde ikkje vera heime den Veteren og for til Verbroder sin, Vermund, og bad um Hjelp, men han trudde seg inkje til aa taka mot han, og dermed reid dei baade tvo til Arnkel Gode paa Bolstad. Arnkel var Broder hennar Gjeirrid paa Maavalid og Son hans Torolv Bøgifot. Torolv hadde voret ein stor Viking og hadde gjort mykje vondt. Daa han totte, han hadde for liten Gard, baud han ein Mann, som het Ulvar, Holmgang, og fellte honom, men Torolv fekk eit Saar i Foten, og sidan var han halt og vart kallad Bøgifot. Arnkel, Son hans, liktest litet paa Fader sin; han slo stort paa og var ein gladvær Mann og likad ille, at andre inkje var likso glade som han var. Han baud Torarin og Vermund, at dei skulde vera paa Bolstad um Veteren alle tri, um Snorre skulde setja paa dei.
           
Gjeirrid paa Maavalid sende Bod inn paa Bolstad, at ho hadde fenget Vissa paa det, at Odd Katlason hadde hogget Handi av Aud. Ho sagde, at ho hadde hennar eigne Ord fyr det, og at Odd hadde gildat seg av det fyr Venerne sine. Daa Torarin og Arnkel høyrde detta, reid dei heimantil sjølv tolvte ut til Maavalid og var der um Natti. Men um Morgonen reid dei ut til Holt, og paa Holt saag dei Ferdi deira. Der var inkje andre Karmenner heime enn Odd. Katla sat paa Pallen og spann; ho bad Odd sitja utmed seg, og haldt deg tett utmed meg, sagde ho. Kvinfolki skulde sitja kvar paa sitt Rom i Stova, men ver stille, sagde ho, og lat meg tala ved dei. Daa Arnkel og hine kom, gjekk dei radt inn, og daa dei kom inn i Stova, helsad Katla paa Arnkel og spurde um nytt. Arnkel sagde, han hadde inkje nytt aa segja, og spurde, kor Odd var. Katla sagde, han var faren sud til Breidavik, og han vilde inkje vera rædd fyr aa møta deg, um han var heime, sagde ho, for me hev god Tru til deg, slik Fagnadmann som du er. Det kann vel henda det, segjer Arnkel, men me vil sjaa etter her likevæl. Det kann de gjera, som de sjølve synest, sagde Katla og bad Kokka lysa fyr dei og læsa upp Stabburet; det er det einaste Huset, som er læst paa Garden, sagde ho. Dei saag, at Katla spann Garn av ein Rokk. Dei leitad umkring i Husi og fann inkje Odd, og dermed for dei av. Men daa dei var komne eit Stykke fraa Tun-Garden, stanad Arnkel og sagde: Skal tru inkje Katla hev kvervt Synet paa oss? Det hev visst voret Odd, Son hennar, det som me totte var Rokken. Det kunne vera likt ho, sagde Torarin; lat oss fara attende, og dei so gjorde. Daa dei saag paa Holt, at dei snudde, sagde Katla til Kvinfolki: De skal sitja kvar paa sitt Rom no og, men eg og Odd skal ganga fram. Daa dei kom ut i Forstova, tok ho til aa kjembde Odd, Son sin, og skar Haaret hans. Arnkel og hine flaug inn og fekk Auga paa Katla og saag, at ho stellte med Gjeitebukken sin, og at ho jamnad Toppen paa han og Skjegget og greide Flokarne paa han. Arnkel og hine gjekk inn i Stova, men saag inkje Odd. Der laag Rokken hennar Katla paa Benken. Daa tyktest dei vita, at Rokken inkje hadde voret Odd. Sidan gjekk dei ut og for av. Men daa dei kom so pass langt som der dei snudde sist, daa sagde Arnkel: Trur de inkje, at Odd var umskapt til ein Gjeitebukk? Det er inkje godt aa vita, sagde Torarin, men skal me snu no, skal me taka paa Katla. Lat oss freista eingong til, sagde Arnkel, og prøva paa. Dermed snudde dei. Men daa dei saag Ferdi paa Holt, bad Katla Odd ganga med seg, og daa dei kom ut, gjekk ho til ein Oskehaug og bad Odd leggja seg ned under Haugen, og ver der, sagde ho, korleids det so gjeng. Men daa Arnkel og hine kom til Garden, sprang dei inn i Stova, og der sat Katla paa Pallen og spann. Ho helsad paa dei, og sagde, at dei var fælt so tidgjengde. Arnkel sagde, at det var sant, som ho sagde. Dei, som var med han, tok Rokken og hogg han isund. Daa sagde Katla: No tarv de inkje fortelja heime i Kveld, at de hev faret ærendslause fraa Holt, no de hev hogget sund Rokken. Dermed gjekk Arnkel og hine og leitad etter Odd baade ute og inne, og saag inkje eit einaste Liv so nær som ein Gris, som Katla aatte, som laag under Haugen, og dermed for dei av. Daa dei var komne midveges til Maavalid, kom Gjeirrid og ein av Arbeidsmennerne hennar imot dei og spurde, korleids det hadde gjenget. Torarin fortalde det, og ho sagde, at dei hadde inkje leitat rett etter Odd, og eg vil, at de skal snu eingong til, og eg vil vera med dykk, og det nyttar inkje aa sigla med ei Bjørkebuske, naar ein skal til Katla. Dermed snudde dei. Gjeirrid hadde ei blaa Kaapa paa seg. Daa dei saag Ferdi fraa Holt, fortalde dei til Katla, at no var dei fjortan ihop og ei i fargad Kaapa. Daa sagde Katla: Er no det Trollet Gjeirrid komet? Daa kann det inkje nytta berre med Synkvervingar. Daa reis ho upp fraa Pallen og tok av Puta, som ho sat paa, og der var det ein Lemm under, og Pallen var innhol, og der let ho Odd gjøyma seg og lagde Lemmen og Puta paa og sette seg ovanpaa og sagde, at ho var so undarleg i Hugen. Daa Arnkel og hine kom inn i Stova, var det ingen, som helsad. Gjeirrid kasta av seg Kaapa og gjekk til Katla og tok ein Sekk av Kobbe-Skinn, som ho hadde havt med seg, og hadde den yver Hovudet paa Katla, og sidan batt hine attfyr nedantil. Daa bad Gjeirrid, at dei skulde brjota upp Pallen, og daa fann dei Odd og batt han. Dermed for dei inn til Bulandshovde med dei, og der vart Odd hengd. Daa han spann i Galgen, sagde Arnkel til han: Ilt nyt du no av Moder di, kann henda og du eig ei laak Moder. Daa sagde Katla: Visst er det, at han inkje hev god Moder, men han nyt inkje ilt av meg fyr di eg vilde det; men det skulde eg ynskja, at de alle naut ilt av meg, og dermed fortalde ho eit Skarvestykke, ho hadde gjort. Du Arnkel, sagde ho, kann inkje njota ilt av Moder di, for du hev ingi i Live, men det skulde eg ynskja, at denne Spaadomen min vil slaa inn, at du nyt so mykje verre av Fader din, enn Odd hev notet av meg, som du hev meir aa missa enn han; og det tenkjer eg Folk vil segja, fyrr Enden kjem, at du hev ein laak Fader. Dermed steinad dei Katla ihel der under Fjellet.
           
Dese Tidenderne spurdest no umkring, og ingen totte det var Skade i det.
           
Torarin baud inkje Bot fyr dei, han hadde drepet og saarat, daa han inkje hadde Raad til det. Arnkel hjelpte han lil aa koma yver til Norig, og Vermund var med han. Sidan fekk Snorre Gode dømt Torarin fredlaus paa Torsnesting.
           
Hausten etter fann dei Hestarne hans Torbjørn Digre i Fjellet. Hesten hans Torarin hadde jagat Stodhesten hans Torbjørn ut or Hagen, og dei var daude alle ihop.
 
[ Meir]