[Notisar]

Den 6te.
           
Eit Dominoparti hev sendt Bladstyret 2 Kr. til Det norske Samlag.
 
           
Garfield er tvillaust vald til President i Sambands-Riki i Amerika. Mæ andre Ord, dæ er Republikanararne som hev vunne. Vara-Presidenten heiter Arthur.
 
           
Paa Hamar hev dæ no atter vore Skadvarme. 5 Hus brann.
 
           
Hærkommissionen sit no og lagar i Stand for Regjeringi.
 
           
Endaa ein Kommission hev me fenge: Hertzberg, Bonnevie, Berg og Jørgensen skal tenkja ut om Læretidi paa Seminararne bør væra 3 Aar, og om me skal hava Seminarar for Lærarinnor.
 
           
Slage i Havrsfjord. Prof. Dr. Gustav Storm meiner, at Harald haarfagre berre slost mæ ein norsk Konge i dette Slage Gudrød Kjøtve (Konge paa Agder), men Son til Gudrød, Olav Gudrødsson (Haklang), som var Konge i Dublin, var au mæ og hjelpte Far sin. Daa Harald vann, knekkte han daa mæ eit Smaakongarne og Vikingmagti. Dæ norske Rike i Dublin hadde ei Avmagtstid lenge etterpaa. Ferdi som Harald gjorde til Skotlandsøyerne heng i Hop mæ, at han ved Havrsfjorden slost baade med Nordmenner og Vestmenner.
 
           
Eit ny Handskrift av Olavs (Under-) Soga er funne i Oksford. Der stend somt i den, som ikkje er kjent fyrr, Ein finner ogso der, at Erkebisp Øystein (1181-88) namngiv seg som den, som heve skrive den Olavs Soga. Gustav Storm hadde fyrr funne ut, at ho maatte vera skrivi i Nidaros paa Øysteins Tid.
 
           
Skrivarfullmegtig Rasch i Stavanger hev rømt. Han heve svike Skrivaren for 10,000 Kr., som han hadde tekje ut av Banken til ymse Tider, paa Bøker som høyrde Skifteretten til.
 
           
Løvenskjold er vorten Forman i Selskape for Noregs Væl i Staden for Stang.
 
           
Grunnstøyt. (Brev). Natta til den 22de Oktober rende eimbaaten Saturnus paa eit skjer i Aaramsundet paa Sunmør. Det var speglande blaankt maaneskjin, so de kunne sjaa merkje paa skjera, og dette trefte dei so godt at det vart liggjande mitt under Skutaa. Hadde ikkje folk vore so viljuge og hjelpt til med storebaata og farty er det venteleg at skipe hadde vorte reint vrak.
           
Etterat ikring 1000 tynnor sild var uttekne, flotna fartyet natt til laurdags. Til takk fyr hjelpa, og fyr at folk i svineveir, mange utan mat og oljeklede hade mødst der baade dagjen og natta fekk dei lita, og mange ingja betaling. Skiperen let seg endaa med sidan han var komen flot at folkje berre var i vegja, hadde han gjort sin rett, skulde han set sprøitaa paa dei. Fartye hadefenget lekje, men inkje verre en det tok inn lasten og gjekk til Bergen.