[Kristiania den 4 November]

Kristiania den 4 November.
           
Kaptein Jakobsen vart igaar sett under Krigsrett og dømt til 8 Dagars Husarrest.
           
Samstundes vart han paalagt av Brigaden aa reisa til Tunsberg, der hev han Militærdistriktet sitt. Han er reist i Dag.
           
- Sjølve Statsminister Selmer skal ha sagt, at han trudde det var uloglegt av Kommandoen aa senda Kapt. Jakobsen fraa Kristiania til Kongsvinger, som dei gjorde no i Haust. Men dertil skal Krigsministeren Munthe ha svarat, at han kunde ikkje bry seg noko um, kva Statsministeren meinte; for han hadde Paalegg fraa ein høgare kar til aa halda Jakobsen burte fraa Militærkomiteen.
           
Kva skal me segja um slikt?
           
- Best ingen Ting aa segja, men minnast det so mykje dess betre. For dette ser fult ut.
 
           
Me hev eit Par Blad, som kallar seg Centrum. Men kvar Gong det gjeld um nokon Ting saa gjeng dei med Morgenbladet. Og daa er dei ofta dei verste.
           
Det er ingen som i denne Tid hev voret verre til aa stræva for det absolute Veto enn
Centrumsbladi, og no tek dei til aa forsvara Konge-Sanktionsretten i Bevilgningssaker og.
           
Det er eit fint Centrum. Centrum i Munnen, men fullt Bakstræv i Grunnen.
           
Nei, i Tider som desse er det nok ikkje greidt aa vera Millomvegsmann. Det er Prøvingstider, daa dei store Grunnspursmaali bryt upp og tvingar Folk til aa visa sine sanne Meiningar. Den store vavrande Millomflokken, som i rolege Tider stend som i ei Skodd og ikkje rett veit, kor han vil av eit Stig til Vinstre og so eit Stig attende att til Høgre o. s. fr. -, den vert no blesen fraa kvarandre av den politiske Stormen og søkjer strakst inn under Tak hjaa Høgre. For der kjenner dei seg trygge. Dei er huskjende der, og
der er det lognt og rolegt millom breide Autoritetar og skinande blide Prestar. Folket med Folket fær det gaa som det kann.
           
Ingen skal undrast paa dette. Godslege Folk utan klaart Standpunkt er altid rædde; og vert dei rædde, so vert dei gjerna fanatiske. Dei fær Galtestøkken. Og daa er dei ikkje greide aa koma ut fyre. Men ein skal berre lata dei laupa. Ein god Dag vert dei trøytte, stansar og ser seg ikring. Daa ser dei, at der er ingen Faare. Og so vert dei modige att, modige og snille.