[Ivar Aasen]

hev i Opl. Avis gjevet ei Umskrift av Katekisma, som me her vil faa Lov aa taka inn:
 
Bodordi.
 
Du skal ikkje hava andre Gudar fyre meg.
           
Du skal ikkje misbruka Herren din Guds Namn, for Herren vil ikkje halda den fyre uskyldug, som misbrukar hans Namn.
           
Hugsa paa, at du helgar Kviledagen.
           
Heidra Fader din og Moder di, at det maa ganga deg vel, og du maa lenge liva paa Jordi.
           
Du skal ikkje slaa i Hel.
           
Du skal ikkje gjera Hor.
           
Du skal ikkje stela.
           
Du skal ikkje bera falsk Vitnesburd imot andre Menneskjor. (Elder mot din Næste).
           
Du skal ikkje traa etter annan Manns Hus.
           
Du skal ikkje traa etter annan Manns Kona, elder hans Svein elder Terna, elder hans Ukse elder Asne elder nokon av alle dei Ting, som honom tilhøyra.
           
Eg, Herren din Gud, er ein streng Gud, som reiser Vondskapen av Fedrom paa Borni i tridje og fjorde Liden, paa deim, som hata meg; men eg gjerer Miskunn i tusund Lider imot deim, som elska meg og halda mine Bodord.
           
                         
Trui.
 
Eg trur paa Gud Fader den allmegtuge, Skaparen til Himmel og Jord.
           
Eg trur paa Jesum Kristum, Guds einborne Son, vaar Herre, som er avlad av den heilage Ande og fødd av Jungfru Maria, piint under Pontius Pilatus, krossfest og daaen og gravsett, (som) foor ned til Helheimen og paa tridje Dagen stod upp-atter fraa dei daude, foor upp til Himmels og siter ved høgre Hand til Gud Fader den allmegtuge, derifraa han skal atter koma til aa døma livande og daude.
           
Eg trur paa den heilage Ande, ei heilag aalmenneleg Kyrkja, eit Samnøyte av heilage Menneskjor, Forlating fyre Synderna, Uppstanding fyre Likamen, og eit ævenlegt Liv.
                         
Fyreord til Trui.
           
Eg avsegjer Djevelen og alle hans Gjerningar og alt hans Medfylgje.
 
                         
Herrens Bøn.
           
 (Matth. 6, 9. Luk. 11, 2).
           
Fader vaar, du som er i Himmelen, helgat verde ditt Namn, til-kome ditt Rike, verde din Vilje her paa Jordi som i Himmelen; giv oss i Dag vaart daglege Braud, og ettergiv oss vaar Skuld, som og me ettergiva vaare Skuldmenner, og leid os ikkje i Freisting, men frels oss fraa det vonde! For ditt er Riket med Magti og Æra igjenom alle Tider. Amen!
 
 
Ordi til Daupen.
                         
(Matth. 28, 19).
           
Gange ut og gjere alle Folk til mine Læresveinar, so at de døypa deim i Namnet til Faderen og Sonen og den heilage Ande, og (at de) læra deim aa halda alt det, som eg heve bodet dykker! Og sjaa, eg er med dykker alle Dagar til Enden paa Verdi.
 
 
Ordi til Nattverden.
           
(Matth. 16,26. Mark. 14.22. Luk. 22,19. 1 Kor. 11,23).
           
I den Notti, daa vaar Herre Jesus Krist vardt forraad, tok han Braudet, takkade og braut det, gav sine Læresveinar og sagde: Take dette og ete det. Det er min Likam, som verder gjeven fyre dykker. Gjere detta til Minning um meg.
           
Lika eins tok han og Kalken etter Nattverden, takkade, gav deim og sagde: Drikke alle derav. Detta er Kalken fyre den nye Pakt i mitt Blod, som verder uthellt fyre dykker til Forlating fyre Synderna. Gjere dette, so ofta som de det drikka, til Minning um meg.