[(Innsendt.) Kva skal me tenkja?]

(Innsendt.)
                       
Kva skal me tenkja?
 
Hr. Bladstyrar! Det gjeng nokot vidt no med Bakstrævar-Raaskapen. Det ser ut til, at korkje Kristendom hell aalmen Folkeskikk lenger kann temja det vitlause Hatet, som dei ber til sine Motstandsmenn.
           
Fyrr hev dei daa meir kunnat dylgja sine Tankar under ei Kaapa av Finleik. No er det Slut med det. Medvitet um alle Mistaki, dei hev gjort og Synet av, kor Talet deira minkar Aar for Aar, ser det ut til hev gjort dei so sanselause, at dei ikkje lenger vyrder nokon Ting.
           
Eit syrgjeligt Teikn paa dette hev me liggjande framfor oss i Morgenbladet for i Dag.
           
Det fortel um Køhler Sandberg fraa Fredrikshald, at han er innsett paa Gaustad, og det ynskjer Fredrikshald til Lukka med, at det endeleg er kvitt denne Urostiftaren. Og dertil legg Mgbl. eit Ynskje um, at eit Par andre Uppviglarar, som og synest lida av Stormannsgalskap, like eins maatte verta innsette paa Daarekista.
           
Kva segjer du um slikt eit Ynskje?
           
Er det ikkje so du kann verta fælen? Det er ein Raaskap so avskræmeleg, so ugudeleg og so skamlaus, at Ein kann verta rædd aa bu i eit Land, der slikt vert sagt offentleg, og det i eit Blad, som er Organ for Intelligensen og Magti i Landet.
           
Det er verre enn Heidendom! Heidningarne bar Age for den tunge Lagnaden, som Allstyraren hev lagt paa dei, som misser Vitet sitt og Judianaren tek berre Haarreimi, men læt Heilen vera i Fred.
           
Til same Tidi høyrer me um Folk, som stend og snakkar um, at dei nok kunde vera med paa aa setja ei Spitskula i Bjørnson, - elder um fine Fruvur, som sit i Selskap og ynskjer at nokon vilde skjera Hovudet av den elder den Radikalaren.
           
Og dette er den upplyste Del av Nationen, dei Moderate, som segjer seg aa vilja verja Samfundsorden, Daning og Kristendom mot dei Radikale, det vil segja mot den norske Bonden!
           
Gud hjelpe oss for Samfundsorden! Gud hjelpe oss for Daning! Gud hjelpe og trøyste oss for Kristendom!
           
Men kva kann ein venta annat, naar Ein høyrer og ser, at Preikestolar, Bønemøte, Prestar, Bibelbud alt vert brukt til politisk Bakstrævar-Agitation, so at det heilage misser si Helgd og Saltet tapar si Kraft? Dei skuldar Vinstrepartiet for at det øydelegg Gudstrui hjaa Folk; men er det nokon, som øydelegg den, so er det dei sjølve. Og paa slikt eit Bakstræv er det, at Regjeringi styd seg! Hell rettare: slikt eit Bakstræv er det, Regjeringi vil stydja! Dei tvo er det, som vil trassa 94/ 114av ein Nation!
           
Kjem ikkje den Klikken eingong til aa liggja som han hev reidt upp aat seg, so skal det vera underlegt.
           
1ste November 1880.               ....... d.