Sogur fraa Island.

[Del 1 av 10]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga.)
 
           
Paa den Tidi, daa Jarlen Haakon Sigurdsson raadde i Norig, hende det ein Sumar, at det kom eit Skip til Island. Nokre Sudrøyingar aatte Helvti av Skipet, og Alvgeir, Styremannen deira, tingad seg i Kost paa Maavalid hjaa Torarin Svarte, og han hadde med seg ein Felage, som het Nagle; Nagle var ættad fraa Skotland og var ein stor Mann og snarføtt.
           
Torarin hadde ein Hest, som var hard til aa slaast, upp i Fjellet. Torbjørn Digre paa Frodaa hadde og Hestar upp i Fjellet, men um Hausten, daa han skulde taka ut Hestar til Slagt, kunne han inkje finna dei, endaa han leita vidt og breidt. Det var fælt vedrhardt den Hausten. Der var ein Mann, som het Odd Katlason. Moder hans het Katla; ho var Enkja og budde paa Hott eit Stykke fraa Maavalid; det var ei vakker Kona, men ho var inkje som Folk flest. Odd var ein stor Mann og dugande; han vilde gjerne upp i Høgdi, men gjorde mykje vondt og lastad Folk paa Baken. I Fyrstningi av Veteren sende Torbjørn Odd Katlason til ein Mann, som het Spaa-Gils; han var framsynt og kunne visa igjen, naar nokon hadde stolet. Odd spyrr, um det var Utlendingar elder Utanhøgdes-Folket der Grannarne, som hadde stolet Hestarne hans Torbjørn. Spaa-Gils svarad: Seg du til Torbjørn, som eg segjer, at Hestarne hans er inkje langt undan Hagarne deira, men det er vandt aa tjovkjenna nokon, og det er betre aa missa sin Eigedom enn aa koma ut fyr Faare. Men daa Odd kom til Frodaa, tok Torbjørn det so, liksom Spaa-Gils hadde stiktat paa Maavalid-Folket med detta; Odd sagde og, at han hadde sagt, at ein best kunne tru dei til aa stela Hestar, som litet hadde sjølve, og no heldt dei ataat meir Folk paa Maavalid enn fyrr. Etter detta reid Torbjørn heimantil sjølv tolvte, og Hallstein, Son hans, og Tore Ørnsson, ein rask Mann var med. Odd Katlason var og med. Daa dei kom til Holt til Katla, hadde ho ein graabrun Kjole paa han, som ho nyst hadde gjort. Sidan for dei til Maavalid, og Torarin og Drengerne hans var ute i Døri, daa dei saag Manne-Ferdi. Torarin var ein stor og sterk Mann, men stygg og stilfarande, og Folk sagde, at han i Huglynde liktest meir eit Kvinnfolk enn ein Karmann. Kona hans het Aud og Moder hans het Gjeirrid. Dei helsad paa Torbjørn og spurde um nytt. Sidan sagde Torbjørn, at han for og leitad etter dei Hestarne, som dei hadde stolet fraa han um Hausten, og bad um aa faa sjaa etter paa Maavalid. Daa spurde Torarin, um dei hadde set etter paa andre Stader; men Torbjørn svarad, at han trudde inkje det var Naud paa aa leita fleire Stader. Daa sagde Torarin tvert nei, og daa svarad Torbjørn, at daa var han viss paa, at Torarin var Tjoven. Gjer med det som du vil, sagde Torarin. Daa sette Torbjørn Rett utanfyr Døri og nemnde upp seks Domarar og klagad Torarin fyr Heste-Stuld. Daa gjekk Gjeirrid ut i Døri, og saag, kvat som gjekk fyr seg, og sagde: Det er alt for sant, dei segjer, at du, Torarin, hev meir Huglynde som eit Kvinnfolk enn som ein Karmann, naar du skal tola allslags Skjemd av Torbjørn Digre, og inkje veit eg, kvi eg hev slik Son. Daa sagde Styremannen Alvgeir: Me skal hjelpa deg alt det, me kann, kvat du so gjer. Daa svarad Torarin: Eg herder inkje standa lenger her no, og dermed flaug Torarin og hine ut og vilde sprengja Retten. Dei var sjau Mann, og det bar radt ihop med dei. Torarin drap ein av Drengerne hans Torbjørn, og Alvgeir drap ein han og, og der fall ein av Drengerne hans Torarin og. Det heit inkje Vaapen paa Kjolen hans Odd Katlason. Aud, Kona hans Torarin, kallad paa Kvinnfolki og bad dei skilja dei, og dei kastad Klæde paa Vaapni deira. Dermed gjekk Torarin og Mennerne hans inn,men Torbjørn og hine, viste Saki til Torsnes-Tinget og batt um Saari sine under ein Stakk-Gard (ein Gard umkring ein Høystakk). Ute i Tunet paa Maavalid fann dei ei Hand, der som dei hadde slegest, og dei synte ho til Torarin, og han saag, at det var ei Kvinnfolk-Hand. Han spurde, kor Aud var, og dei sagde, at ho laag i Sengi si. Daa gjekk han til ho, og spurde, um ho var saarad. Aud bad han inkje bry seg um det, men han fekk likevæl Vissa paa, at ho hadde misst Handi. Daa kallad han paa Moder si og bad ho binda um Saaret hennar. Daa gjekk Torarin og hine ut og flaug etter Torbjørn og hans Ferd, og daa di var komne nær til Stakk-Garden, høyrde dei Torbjørn og hine svallad, og Hallstein tok til Orde og sagde: Idag hev Torarin synt, at han inkje er rædd. Han slost djervt, sagde Torbjørn, men mange er skarpe, naar dei kjem i Knipa, endaa dei inkje er skarpe dessimillom. Daa svarad Odd: Torarin er visst ein utifraa spræk Mann, men det var laakt gjort av han at han høgg Handi av Kona si. Er det sant, segjer Torbjørn. Sant som Dagen, segjer Odd. Dermed spratt dei upp, og skrattad og stor-log av detta. I det same kom Torarin og hine etter, og Nagle var fremst. Men daa han saag, at dei lyfte Vaapni, vart han skræmd og flaug framum dei og upp i Fjellet, og fekk Galte-Støkk. 1) Torarin rauk paa Torbjørn og høgg han i Hovudet med Sverdet og kløyvde Hovudet radt ner til Jakslarne. Daa gjekk Tore Ørnssen sjølv tridje mot Torarin, og Hallstein og ein til gjekk mot Alvgeir. Odd Katlason og ein til tok paa Felagen hans Alvgeir, og tri av Mennerne hans Torbjørn sette paa dei tvo Mennerne hans Torarin, og det bar til med ei fælande Slaasting. Med denne Striden gjekk det so, at Torarin hogg Beinet av paa Tore, paa det digraste av Tjukkleggen, og drap baade tvo, som var med han. Hallstein fall fyr Alvgeir og var saarad til Ulivs. Men daa Torarin vart laus, rømde Odd Katlason og tvo Mann; han var inkje saarad, for det beit inkje Vaapen paa han. Alle hine Mennerne hans Torbjørn laag etter, og baade Drengerne hans Torarin var og drepne. Torarin og Alvgeir tok daa Hestarne til Torbjørn og hine og reid dei heim, og daa saag dei, Nagle flaug den øvre Vegen upp i Lidi. Og daa dei kom paa Tunet, saag dei, at Nagle var komen fram um Gjerdet og tok Vegen inn til Bulandshovde (eit Fjell), og der fann han tvo av Trælarne hans Torarin, som dreiv Sauder fraa Fjellet. Han fortalde dei um, at det hadde boret ihop, og kor stor Folkemun det var, og sagde at han var viss um, at Torarin og Mennerne hans var fallne, og i det same saag dei, at det kom Folk ridande fraa Garden burtetter Jordet. Daa tok Torarin og hine til aa rida fort, av di dei vilde hjelpa Nagle, so han inkje skulde fara paa Sjøen eller utfyr Fjellet. Men daa Nagle og Trælarne saag, at desse Kararne dreiv paa og reid fort, trudde dei, at det var Torbjørn, og dermed tok dei Beini paa Nakken att alle tri inn til Bulandshovde og flaug, til dei kom til ein Stad, som no heiter Træleskrida; der fekk Torarin og hine teket Nagle, for daa var han mest sprengd, men Trælarne sprang utfyr og slo seg ihel, som ventelegt var, for Fjellet er so høgt, at alt slær seg ihel, som stuper utfyr der. Sidan for Torarin og hine heim, og daa stod Gjeirrid i Døri og spurde, korleids det hadde gjenget, og daa kvad Torarin ei Visa um Slaastingi. Daa hev Kvessingi hjelpt godt, sagde Gjeirrid, og gakk no inn og bind um Saari dykkar. Og dei so gjorde.
 
Odd Katlason for til Frodaa og sagde der, kvat som hadde hendt, og daa let Turid, Kona hans Torbjørn, samla Folk og for etter Liki, og flutte heim, dei som var saarad. Torbjørn vart hauglagd, men Hallstein vart lækt. Tore vart og lækt, men sidan gjekk han med Trefot.
                                                           
( Meir).
 
1) Han vart til ein Galt, det vil segja: vart reint vit skræmd (grebes af en panisk Skræk.)