Frankrike etter Ludvig den 14de.

[Del 3 av 5. Fyrste delen.]
 
(Etter Hettner).
             
 
(Framhald fraa No. 41.)
 
Ja, Folkesuveræniteten vart endefram godkjennt i eit Forslag til Arvelog, um Kongen døydde barnlaus, eit Forslag som kom fram, ikkje just fordi det var Von um at slikt skulde henda, men for aa tryggja dei rette Arveprinsarne den medfødde Forrangen deira i uminkat Maal. Synsmaaten var denne: Folket hadde sluttat eit Forlik med den styrande Ætti, som det hadde gjevet Kruna aat for aa sleppa dei endelause Valstridar; altso maatte alt, som kunde hindra, at Kongsætti døydde ut, vera etter Folkeynskjet og til Folksens Bate. Det kongelege Svaret av 1ste Juli 1717 fordømer ikkje den revolutionære Forlikstanken, men fylgjer honom heilt ut. Skulde nokotsinn den Ulukka henda, som den fyrre Kongen hadde tenkt seg, so stod det til Folket berre ved sine vise Val aa bøta paa Ulukka.
           
Desse Tankarne skapte endaa for ei Tid, ein ny Styremaate. Einveldet aat Kongen elder ein tiltrudd Minister skulde avminkast og høvast til etter Riksens Tarv. Ikkje ein uansvarleg og allmegtig Minister skulde styra, men fleire Riksraad (Departement), som innbyrdes skulde hjelpa og kontrollera kvarandre. Det vart skipat 6 serskilte Raad: for Kyrkja, Heren, Pengestellet, Floten og for innanriks og utanriks Saker. I kvart Raad vart sette 12 Menn, sidan fleire, ja dobbelt so mange. Formennerne i desse Riksraad arbeidde ut Innleg aat Kongs- elder Regentskapsraadet, og dette avgjorde daa Sakerne ved Røystefleirtal som øvste Magt. Det var eit stort, langtrekkjande Umbrøyte. Ikkje lenger Ein, som baud, og dei andre berre lydde; dei andre skulde og hava eit Ord med i Laget.
           
Denne nye Skikken hadde vistnok berre ei stutt Livetid. Parlamenti gjekk væl vidt. Dei trudde at dei skulde kunna hava ei Magt, jamgod med den, det engelske Parlamentet hadde, endaa dei var samansette paa ein Maate nokot ved Arv, nokot ved Kaup -, som gjorde dei so ulike ein Folkerepresentation som dei best kunde vera. Det var ikkje Regentens Meining, at han vilde tøygja seg so langt. Det vart difor ein endelaus Strid. Parlamentet trengde seg fram og vart tilbakevist, vart undertrykt og gjorde Motstand; so vart der Semja, men Striden braut fram att, og so alt fort. Endaa mindre svarad Riksraadi til det, som Ein hadde ventat. Dei var utan Einskap og Ordning i seg sjølv, var difor tunge og ustøe i Arbeidet, og reint uppraad, naar nokot uventande kom paa. Desse Ugreidur nyttad Regenten med stor Klokskap. Og ved eit Paabod av 24 Septbr. 1718 skipad han paa nytt Lag til heile det gamle Einstyrestellet aat Ludvig XIV. Men Folket hadde likevæl fenget som ein Tanke um eit friare Liv, og den leet keg ikkje heilt upp tyna. Ranke nemner i 4de Bind av Frankrikssoga si eit Minneskrift fraa den Tidi, som talar med byrge Ord um, at Folket no vekkjest upp or Dvalen sin og trivlar ikring seg etter Fridomen. Og daa Voltaire i Syrgjespelet Brutus sette fram som Fyremaal for Framtidi aa grunna Folkefridomen i Skuggen av Kongemagti, daa kjende denne kloke Skalden væl til, kva Folk i den Tidi sjølv ynskte og drøymde um.
           
Og endaa varigare og meir heilt umskapande verkar det, som i Millomtidi gjekk for seg i Folkelived sjølv. Det er Tridie-Standet, som i dette Tidskiftet kjem til.                                   
 
( Meir.)