[Notisar]

Den 30te.
 
Nationalsubskriptionen til Sverdrup. Listur kjem dagstøt inn med i Pengar fraa 24 til 200 Kr. Det er enno so vidt Tid aa teikna seg.
 
           
Bjørnson er no ventande til Chicago. Der er valt ikkje mindre enn 5 Nemnder, som kvar skal gjera sitt til, at han kan verta motteken paa ein høveleg Maate.
 
           
Novemberlage skal gjeva Livsteikn ifraa seg om ein Maanad, segjer Fredriksstads Tilskuer, som er Organ for Lage.
 
           
Ein Amerikanar, fødd av norske Forelder, er komen herover og skal vera paa Chr. Bruuns Folkehøgskule i Vinter. Han er Student fraa Presteskulen i Dekora i Iowa.
 
           
Av Metodistar er der her til Lands 3262 vaksne og 1769 Born. Dei heve tvo Blad, Kristeleg Tidende og Evangelisten.
 
           
Svend Foyn i Tunsberg skal vilja gjeva 240,000 Kronor til ei ny Kyrkje i Kristiania. Ho skal standa opi for alle kristne, kva Trubrigd dei so høyrer til; for Foyn heve sjølv fraa Ferderne sine Jordi rundt lært at dæ Orde er sant: Gud er ei Aand, og dei som bed til honom, lyt beda i Aand og Sanning, ikkje i Utaalsemd mot deim, som tenkjer og trur noko onnorleides. Me tykkjer Tanken er ovgod, me kann ikkje tru anna, en han vil gjera mykje til Fremde av Trufridomen i Lande.
 
           
Av Bjørnsons Bok om Republiken er dæ no kome ut 4 Opplag.
 
           
Idag og i Morgon vert dæ halde ei stor Framsynig (Utstilling) i Fredriksstad av Saker som heve vokse eller er tilverka i Borgesysla. Der er mykje vent aa sjaa; i alt er dæ 800 ymse Ting framhavde einn kann sjaa at dæ er gild Vokster og godt Arbeid paa denne Kanten av Lande. Mest forvitnelegt er kann henda dæ som er kome fraa Arbeidsskularne i Fredriksstad, Glømmen og Gresvik, Gutar paa ein 12-14 Aar heve gjort Ting, som mange utlærde Handverkarar ikkje turvte skamma seg yver.
 
           
Norsk Lesebok elder Lesebok i Landsmaalet ved Kr. M. Hægstad og J. O. Bech er utkomi i Namsos.
 
           
Elling Eielsen (Egilson), Prest i Amerika, er daaen. Ei Tid var han mykje kjend her i Lande, der han for ikring og helt Oppbyggelsar. Han var i Amerika Formann for eit Kyrkjesamlag. Men detta gjekk sundt for nokre Aar sidan. Dæ var nok dei mindste av Ellingianararne, som fylgde honom dei andre slog seg saman i Hauges Synode.
 
           
Jarnvegen millom Eidsvoll og Hamar er no ferdig. Den 8de November skal nok Ferdslen taka paa.
 
           
I Rygge ved Moss hev ei Ætt i 200 Aar vore Gravarar. Ein, som no er daaen, het Ole Kristiansen Fløgstad. Han heve havt mæ dei daude aa gjera i 64 Aar og gjort Graver for 2000 Menneskjor. Sonen skal nok faa Ombode etter honom.
 
           
Veto-Greida. Dæ juridiske Fakultetet skal no vera ferdig mæ Svare sitt til Regjeringi. Dei segjer nok veto alle saman.
 
           
Frankrike og Amerika