[Kristiania den 30 Oktober]

Kristiania den 30 Oktober.
 
Ein ny kongeleg Militærkommission er utnemnd. Dei Mennerne som hev latet seg yvertelja til aa vera med i denne Straamanns Kommissionen, som er imot Thingets og Folkets Vilje, og som ingenting til Gagns kann gjera, heiter:
           
Generalmajor Grimsgaard, Kaptein Ekstraskrivar 1) Gregersen, Oberstløytnant Dahll, Oberst Gill, Generalkrigskommisarius Bull, Generalmajor Hoff. Den siste hev latet seg yvertelja til aa vera Formann. Ingen annan vilde, - ikkje eingong Grimsgaard. Ja Gregersen hev dei vel ikkje spurt. Det skal ha kostat Regjeringi fælande mykje Strev aa faa skrapa ihop denne merkjelege Kommissionen.
           
Formannen er nok den av dei alle, som er minst kjend. Selmers Regjering er nok av Naturen glad i smaae Folk. Ho skapar, som rimelegt er, sine Tenarar i sit eiget Bilæte.
           
Kva denne Kommissionen no skal taka seg til, er vondt aa vita. Det, som e r aa gjera, det er aa skriva ei Stortingsinnstilling; men den skriv Militærkomiteen. Kva skal so dei Herrar Hoff etc. finna paa? Dei kjem væl til aa bryggja ihop eit Dusin Avisartiklar til Morgenbladet.
           
Naa, lat dei det! Men at det norske Folk skal betala dei for dette Arbeide . . .
           
1) Jau, det var nok sannt lell, Mannen hev fenget nokot aa gjera i Armedepartementet!
 
           
Kaptein Jakobsen hev voret under Krigsrettsforhøyr!
           
Kva vondt hev han gjort? Han hev gjort det vonde, at han vilde hava ei Meining og vera Mann, endaa han var Militær.
           
Han hev ikkje voret mjuk nok. Han hev ikkje faret aat som Kaptein Gregersen. Difyr skal Jakobsen no pinast, men Gregersen - - -
           
Hr. Jakobsen vart sett under Forhøyr, fordi han var komen inn til Kristiania og hadde leigt seg inn paa Grand Hotel. Han vilde millom annat samtala med Hærministeren for aa høyra, um han snart kunde faa Svar paa Avskilssøknaden sin, og i det heile, kor Sakerne stod. Han hadde den Trui - som stemmer fullt med det han fyrr hev skrivet til Herstyret -, at han hadde fritt Løyve til aa reisa. Embættsforretningarne hans er han fyrr teken fri for, daa han ikkje var frisk, og den Mannen, som vart teken til aa fyrestaa Embættet, stend der enno. Hr. Jakobsen hadde altso Permission som Kvartermester. So kom han her inn, som sagt er. Men Herstyret tok Fæla og tenkte: Tru Kapteinen skulde tenkja paa aa hjelpa til i Militærkomiteen, det me strengeleg hev forbodet honom? Og so sette dei han under Forhøyr.
           
Men Forhøyri førde ikkje til nokot vidare. Saki syntest nok mindre greid for sjølve Retten. No sit dei og grundar paa, kva dei skal gjera. Men Hr. Jakobsen, som ikkje veit av at han hev gjort nokot galet, vil knapt tala Straff utan etter Dom, so det er rimelegt, at Saki gjeng til Krigsrett.
           
- Stakkars Regjering!