[Er det sant]

Er det sant, som no vert fortalt fraa ein Vestlandsby, og som me her skal fortelja vidare, so maa me segja, at det er liden Skilnad paa (norsk) Finleik og den verste Ufjelgskapen, som kann tenkjast.
           
Soga lyder so: Ein av Storbiksarne i Byen, Kaupmann, Skipseigar og Konsul, hev Sumarbustaden sin ut paa ei liti Øy tett utanfor Byen. No nyleg skulde daa Fruva hans ein Dag yver Sundet fraa Øyi til Byen. Paa Vegjen saag dei ein Mann, som var dotten i Sjøen, og som no laag og kavad for aa berga Livet. Baatsgutten vilde hjelpa Stakkaren; men den fine Fruva - forbaud honom aa gjera det, so lengje ho var i Baaten. Guten maatte daa skunda seg aa faa Fruva i Land, rodde so attende til Mannen, fann honom og fekk honom upp i Baaten. Men daa var det for seint. Alle Upplivningsforsøk var faafengde. Mannen var sloknad.
           
Fruva er kjend for aa vera fælande fin og ovlaga rædd for alt, som heiter simpelt. Men naar Ein vert so fin, at Ein læt Folk døy framfor Augo paa seg, fordi Ein ikkje vil hava simple Folk med seg i Baaten, daa vert det for ille. Ein maa beda Vaarherre fri seg for slik Finleik, som er styggare og ufysnare enn den verste Raaskapen. Dei skal, som ventande var, ha havt Forhøyr um denne besjelege Sakji; men daa var Fruva so klein av Samvitsgnag? Rædsla? Skam? - at ho maatte forhøyrast heime hjaa seg sjølv. Dette skulde væl hellest ikkje vera ei Tilstelning for aa faa heile Skandalen døyvd ned att? - Nei; slikt lyt greidast upp. Er det sannt, som Soga vert fortald, og det ikkje vert aalvorsleg aatgjort, so lyt me i Sanning spyrja, um det er eit kristelegt Samfund, me liver i.
 
27de Oktober 1880.               ........ d.