Fraa Kristiania.

(Brev til Fedrh.)
                       
 
Kristiania 20de Oktbr.
           
Aa hava Valet og taka Skalet skal etter det gamle Ordet vera eit stort Styvingsverk; men det er nok just dette, Kongemagti hev gjort. Ho hadde Sibbern, og tok Selmer; ho hadde ein Statsmann og tok ein Kontorchef. Og det verste var, at ho hadde ein Mann, som kunde skapt Forsoning med Thinget og altso gjort Regjeringi sterk, men tok ein Mann, som nok berre er endaa meir einvis og ukonstitutionel enn Stang, og som altso vil gjera Regjeringi endaa veikare. Sjølve Høgre er so leid yver dette som nokon kann vera. Det er det galnaste, som enno er gjort, segjer dei. Regjeringi kann ikkje venta annat enn at Storthinget held seg ubøygjelegt, naar ho fer slik aat. Og lat vera, at Stang hadde voret ein so dugeleg Mann, at han kunde ha vunnet Striden, - det er Ingen som trur, at Selmer kann gjera det. Ingen veit um, at Selmer er Statsmann. Og i Thinget hev han so liten Tillit og so liten Age, at det er ikkje snakkande um. No vert Thinget reint umoglegt aa koma utav det med; no kjem Thinget reint til aa spila Basen. Thingfleirtalet vil ikkje lenger bry seg det Slag um korkje Regjeringi elder Høgre, og Minoriteten vil verta so mykje veikare enn fyrr, som han hev ei mindre vyrd og mindre klok Regjering attum seg, enn han daa hadde.
           
So jamrar Høgre og det visseleg med all Rett. Det vil gaa som Høgre ræddast, og det maa gaa so. Som Ein reider upp aat seg, so fær Ein liggja. Regjeringi hev ingenting lenger aa fløyta seg upp paa, ikkje eingong eit klingande Namn.
           
At Høgre er i Ulag, hev alt komet fram i Bladi, og det so sterkt, at Ein knapt skulde tru det. Og di lenger det gjeng, di verre Ulag vil Høgre koma i. Høgre hev, etter den Politikken det hev ført under Stang, ingen annan Ting aa lita paa enn ei sterk Regjering. Ettersom Regjeringi ved sin eigen Uklokskap vert meir og meir veik, vil Høgreflokken koma meir og meir i Berrhogget.
           
Det vil med eit Ord gaa som Fedrh. hev skrivet fyrr: at tilslutt vil Høgreflokken sjølv sjaa seg nøydd til aa krevja ei ny Regjering og eit nytt System. Høgre kann ikkje vera tent med ei magtlaus Regjering, og Regjeringi kann ikkje verta sterk, utan ho vinn Tillit i Thinget. Høgre vil altso sjølv koma til aa maatta krevja ei Regjering, som kann samarbeida med Thinget. Høgre kjem sjølv til aa ynskja ei parlamentarisk Regjering.
           
Dette vil ikkje vera so rart som det kann sjaa ut til. Den parlamentariske Tanken hev voret uppe i Høgre fyrr. I 1833 og utetter til 1860 hadde Tanken sin varmaste Fyretalsmann i sjølve Statsminister Stang. Høgre vil koma til aa sjaa, at den Gongen var det inne paa ei rettare Leid enn den det hev faret etter 1872.
           
Og kjem den Dagen, at Høgreflokken sjølv ser seg nøydd til aa slaa upp med Regjeringi, so er Regjeringi ferdig. Og hev Kongemagti fyrst eingong sleppt det Stangske System, - ho tek det aldri att. Dertil hev ho røynt det altfor væl.
           
Høgre er som sagt alt paa Vegen til aa sjaa, at det ikkje kann hjelpa seg med ei Regjering som denne. Dette, at ein Mann som Selmer vart Statsminsiter, hev skræmt dei litt upp. Dei ser, at dette peikar gale i Veg. Og naar dei trur, at Storthinget etter denne Dag vil halda endaa støare fram som det stemner, - so kann dei lita paa, at dei ikkje tek i Mist.
           
 
Welde er, som De veit, komen. Det hev ikkje voret greidt for Mannen, kann De tru. Ifjor brann Husi hans upp, og det gav stort Tap; sidan hev han bygt dei uppatt med stor Kostnad; so vardt han no nøydd til aa gjeva upp Umbodet sitt, og so skal han sitja her inne i fleire Maanadar og ikkje faa nokot for det fyrr sidan. Og alt dette fordi Regjeringi hev meir Bry for aa verja sin eigen jammerlege Politikk enn for aa faa istand ei god Verning for Landet. Folket i Nørdre Trondheims Fylke veit væl, kva dei skal segja um ei slik Aatferd av Landsens Regjering. Det vil ikkje koma blautare Menn fraa det Fylket til næste Val. -
           
Det er fælt, at Tiderne skal vera slike, at Folk maa ofra si eigi Vælferd for aa kunna gjera sin Skyldnad mot Landet. Men me hev Menn, som vaagar det, og derav kann me vera byrge. Og Nationen skal ikkje gløyma dei Menn.
           
Det skal vera Meiningi, at Her-Nemndi vil senda inn Spurnad til Regjeringi, um det er so, at ho vil negta aa betala ut dei Pengarne, Thinget hev bevilgat til Nemndi. Det er rimelegt, at Regjeringi negtar; ho er so langt komi no, at ho tenkjer væl det fær bresta elder bera; men Nemndi vil hava hennar eigne klaare Ord for det, so ho sidan kann leggja dei fram for Thinget. Det er rett og vitugt, at Her-Nemndi gjer dette; slikt skal Ein hava svart paa kvitt for, - helst naar Ein hev med Folk aa gjera, som hev vist, at dei trur paa den gamle Prokuratorsetningen quod non in actis, non in mundo (det, som ikkje er brevfest, er ikkje til).
           
 
Bakstrævar-Olmskapen ser ikkje ut til aa vilja spara korkje høgt elder heilagt. Kyrkjestolen vert Gong etter Gong gjord til politisk Tribune, og sjølve Thingfreden vert broten og krenkt. Ein Skrivar i Valdris skal, etter det som for visst vert sagt, paa eit Thing, han heldt i Sumar, ha brukt sjølve Thingtidi til aa lesa upp og leggja ut for Bønderne det halvgalne Morgenbladsdiktet Til mit Folk, og til aa riva ned paa Bjørnson og andre slike Uppegglarar derimillom ein av Lærararne i Bygdi. Bønderne vart so forfjamsa, at dei kom seg ikkje til aa svara paa dette - den Gongen. Enn um slikt skulde henda oftare! Bønderne kann naar dei vil vera Menn og ikkje Kjeringar dei kann ikkje tigja til det, - og kor vert det so av Thingfreden og Domar-Autoriteten? Det er forunderlegt, at ikkje Justitsdepartementet gjer nokot ved denne Saki; for som sagt: ho skal vera sann. Men ho kjem nok for ein Dag, etter som det vert fortalt.
           
 
Novemberlaget fortel oss, at det ikkje er nokot politiskt Samlag; det vil berre arbeida for sunn og sann Upplysning. Men kvar Gong Novemberfolk er ute og gjeng, vert det likevæl altid Politikk av. Og den Politikken er altid Bakstrævarpolitikk av stramaste Slaget. Paa Lillestrømsmødet talad baade Vaktmeister Selboe og Kandidat Gulbrandson for det absolute Veto; den siste vilde have Veto i Bevilgningssaker og. I Røken talad Bernhard Kjekstad og hev sidan prentat Foredraget sitt i Morgenbladet; - det heile gjeng ut paa at Kongen hev forlite Magt, at Grunnlogi er av 4de November, og at me bør takka Gud, fordi Svenskarne ikkje tok oss i 181-, som dei etter hans Meining godt kunde ha gjort. Etter alt dette vil det ikkje lenger nytta Novemberlaget aa løyna seg burt. Alt Folk veit no, kva det fører i sin Skjold. Dei, som no gjeng inn i det Laget, maa vera Folk, som ikkje er likare sjølve.
           
I Upplysningsvegen kjem Novemberlaget knapt til aa gjera stort, iallfall dersom det ikkje hev betre Karar aa gjera i Veg enn Hr. Kjekstad. Han stod og vov der i Røken um Soga vaar, so det er vandt du veit, anten du skal læ hell graata. Daa var det likare, Novemberlaget leigde seg ein Mann som t. D. Professor Monrad til aa fara ikring aa halda Foredrag. Han er so gauv til aa upplysa Folk, so dei tilslutt ikkje veit anten upp hell ned, og han veit mykje betre enn Kjekstad, kor faarlegt det er, naar det gjeng Troll i Ord. - -
 
           
Vaktmeister Selboe, som eingong foor med aa vera ein liberal Mann, men som sidan hev vortet nokso gode Venner med det same Morgenbladet, som for nokre Aar sidan knapt livde honom Æra for tvo danske Skilling, er no komen under Tiltale for grov Munn mot Verdens Gang. Dette Bladet hev nok voret Hr. Selboe ein leid Gast; for det hev ikkje sparat korkje honom elder andre Slingringsmenn, og det hev stadet trufast paa Vagt mot baade Novemberbakstrævet og andre myrke Magter. Difor hev Hr. Selboe vortet so sinnad paa Bladet, at han ikkje kunde styra Tunga si, naar han skulde tala um det. Det foor med Lygn, sae han, so Ein fekk leiga seg ein Mann serskilt til aa hava Auga med det, dersom Ein vilde halda Greida paa alle Lygnerne, det kom med. Daa han saag, det vart Aalvor av det, og at Bladet verkeleg vilde vyrda honom so mykje at det vilde leggja Sak mot honom, vart han ille ved og prøvde i Mgbl. aa lempa litt paa det han hadde sagt. No fær me daa sjaa, um det vil nytta honom. Det skulde vera underlegt, um han slapp ifraa det, - endaa det hender mangt utenkt ved Domstolarne vaare i desse Tider.
 
           
Etterskrift um Her-Nemndi. Tonning kjem ein av Dagarne og vil vera med i Nemndi. Det skal vera Sjukdom, som hev hindrad honom i fyrr aa etterliva sine Plikter som Folkerepræsentant. Um Kaptein Jakobsen er det sagt, at han snart skal kunna venta Svar paa Avskilssøknaden sin, og daa kjem naturligvis han og. - Fleire høge Offiserar skal vera svært leide, fordi Grimsgaard ikkje er med i Komiteen. Dei veit, at Storthinget hev Magti her, so det vil vera for galet for Saki Skuld, um ikkje Grimsgaard er med og gjer det han kann for aa faa lempa den nye Herskipnaden etter deira Ynskje. Det hev hellest voret ventat ymist paa ein ny kongeleg Militærkommission; men enno er det stillt.