Dr. Bistourys Nattevaktmann.

[Del 1 av 2.]
 
(Etter Chambers Journal.)
           
 
No skal De faa høyra, Doktor! De vert røva eller drepen ein av Dagarne, dæ er vist dæ!
           
Aa, dæ trur eg no ikkje, min unge Ven. Du borde veta, at Lækjararne no for Tidi brukar aa døyda andre, ikkje aa døydast sjølve. Og mæ ein hjarteleg Laatt over sin eigen Skjemt sette Dr. Jon Hunter Bistoury seg laglegt i Stolen sin og tok paa aa skala den tridje Ablesinen likeso sytsamt, som han skulde taka av eit Bein.
           
Daa Doktoren fyrst kom til Ny York for 30 Aar sidan, var han slett ikkje tyngd av Rikdom, men han gjorde Lukke med Anlete sitt. Berre aa sjaa dæ runde, blømande, lystige Anlete, der dæ i kvar Rukka syntest lura ein Skjemt eller ei løgleg Rispe, berre dæ var hjartestyrkjande og kunde liva opp den mest vonlause Sjukingen, utan andre Saker. Han visste, at mange ser sine eigne Veilor som ein personleg Fyremon, og at dei kjenner seg personleg hædde, naar ein gjer desse mindre en dei sjølve tykkjer dei er. Di gjekk Bistoury ein Millomveg: ikkje skræmde han sine Folk med at Sjukdomen var so faarleg, ikkje saara han deim og let som dæ ikkje var nokon Ting. Paa den Maaten fekk han mykje aa gjera, og dæ stod stort Ord av honom.
           
Eg er viss paa dæ, min kjære Harry, heldt Doktoren paa, at eg kjenner meg ovleg glad over, at dæ er nokon, som trur eg er verd aa røva. Ingen Tjov vilde i gamle Dagar hava sett so stor Pris paa meg som dæ, som kunde liggja paa ein Nagl. Den Pengehjelp, eg daa kunde fenge maatte eg segja fraa meg, for Ordtake mitt er: Gud hjelper den som hjelper seg sjølv.
           
Dæ er eit Ordtak, som ein Kar, sverta i Anlete, ei Natt, fyrr du veit av dæ, kjem til aa gjeva Forklaaring over mæ ei Tilburd nett i detta Huse, brumla Harry Everett; - høyr du meg, min gode Doktor, eg skjemtar ikkje, nei min Sann om eg gjer. Kvar og ein veit, at De er ein rik Mann, at dæ i Huse Dykkart er eit Rom, som altid er læst; detta er daa meir en nok til aa faa Folk paa den Trui, at der er Ting der, som er mykje verde. Og likevel held De paa aa bu i detta store Huse og hev ikkje ei Menneskje i Nærleiken, utan Kokka og gamle Sam der nere, som i eit rigtigt Slagsmaal ikkje kunde gjera Nytte for eit Øre.
           
No, no, Guten min, sagde Doktoren og lo - vilde du verta rolegare, om eg tok ein Nattevaktmann.
 
Ja vist ja; dæ var nett dæ, de skulde gjera.
 
Godt og vel, dæ er alt godt som gjort.
           
Dæ Rome, som Harry nemnte som altid læst, var ei stendig Gaate for Doktorens faae Kjenningar. Ikkje ein einaste aa deim hadde nokon Sinn gjenge over Treskelen til dæ, og naar dei spurde Doktoren om dæ, slo han dæ altid bort med Skjemt. Dæ gjekk dæ Orde, at ein ikkje mykje vaagall Kar, som Kjerringi ikkje hadde lova Fred, fyrr han fekk Greide paa kva dæ var som Bistoury gjøymde i dæ Rome at han hadde freista brjota seg inn, men at dæ hadde gjenge gale. Du kann veta at dæ var uendelegt mæ Gjeting, og ikkje faae, som vaaga mange Pengar om kva dæ var inn i detta Blaaskjeggs-Rome. Mange meinte, at Doktoren hadde innreidt dæ til eit privat Laboratorium og stræva der aa finna Steinen til dei vise. Andre var like visse paa, at der var Haugar av amerikansk Gull der inne, for han var klarleg av dæ Slag Folk, som tykte dæ var ei Njoting aa hauga opp Pengar. Ein tevlande Felage av ein Doktor, som var noko beisk av seg, glumka om, at han der hadde Leivingarne av dei ulukkelege Sjukingarne, som hadde vorte Offer for Vankunna hans, og ei oppfinsam Dame, som hadde leset seg klok i, Jane Eyre, var viss om dæ, at Doktoren som Helten i denne vidkjende Boki, hadde mura Kjerringi si inn i detta Løyndarrome, so han kunne njota ein Ungkars frie Liv utan Hinder. Mot denne djupe Tanken var der berre ein Ting aa segja, og dæ var den, at Doktoren aldri hadde havt nokor Kjerring aa mura inn. Denne skamlause Svik mot Kvendekyne var so mykje mindre tilgjevande som han uteljande Gonger hadde kunna skift Stand om han berre hadde vilja; men han vilde helder heilt ut leva for Kalle sitt.                                
 
( Meir.)