[Notisar]

Den 23de Oktober.
 
Skandinaven, eit republikansk Tidsskrift skal fraa Nyttaar av koma ut 8 Gonger om Aare. Dæ er Isodor Kjellberg, som skal styra dæ, og dæ skal kosta 2 K r. om Aare, omfram Postpengar.
           
 
I Kristiansand heve dæ vore stor Eldebrann. Kyrkja gjekk mæ og 18 Hus. Dæ er no vel mest brunne opp for ½ Mill. Krunor i alt.
 
           
Oppdagingar. Rolf Andvord, som er Skiper paa ein Eimbaat, skal hava gjort ei merkjeleg Oppfinning. Gjeng den fram, som han tenkjer, so vil Namne hans bli kjend til alle Tider. Han trur han kann faa Skutor til aa ganga forutan baade Segl og Eim (elder Gov). Dæ er vel best aa vera lite vantru fraa Fyrstonne kann henda. Men dæ er no ikkje godt aa veta helder.
           
 
Ei onnor merkeleg Oppdaging heve 3 Eikersunds-Karar gjort. Dei heve funne eit Natur-Emne, slikt laga, at naar dei som fer til Sjøs kan hava dæ paa seg, so flyt dei so lenge dæ skal vera. Dæ skal vera mykje av dæ Toe her i Lande, og i Sverige og Rusland au. Dæ vilde bli ei vælsigna Drift, om me kunde faa mange Bruk i Gong, som dreiv mæ aa faa fram og tilvirka den Slags Vara.
 
 
Bjørnson vert no interviewed av reporters i Amerika: det kjem Folk fraa Bladi der og spyr han ut om hose dæ er med Politiken her o. s. b.
 
           
N. J. Sørensen heve, som me sagde ifraa i forr. Nr. fenge Sak paa seg for dæ han heve skrive om Kongedøme; han skal hava vist Ringeagt mod de konstitutionelle Magter (Krl. 9-26). Referenten Sakførar Bech i Fredriksstad meiner, han bør hava 80 Dagars Fengsel, endaa dæ er kome likso ille Ting fra mere ansede Hender fyrr, segjer han, og desse heve ikkje Styre ensa. Dæ er nesten som han vilde slaa paa Orde: Dei heng opp dei smaa Tjovarne og - -.
 
           
Sofus Bugge er no i Upsal og talar om den nordiske Gudelæra. Han vil syna, at dæ er mykje i denne som er ættleit fraa jødisk og kristeleg Tru. Dæ er mange som høyrer paa.
 
           
I Stokholm tenkjer dei aa byggja eit nyt Rikstingshus.
 
           
Islandsfiske giv meir og meir av seg. Dæ er Nordmenner fraa Vestlandsbyarne som er derover og fiskar. Islendingarne sjølv giv seg lite av mæ Fisking.
 
           
Den tyske Teologen Hengstenberg er daaen.
 
           
Den ryske Kjeisaren heve nyleg gift seg til vinstre Haandi mæ Frilla si, Prinsesse Dolgorukki. No er dæ Spursmaal om aa faa dei Borni, dei heve, til Prinsar og Prinsessor. Vil Kronprinsen gjeva Jaminne sitt til dæ, so skal han faa taka ved Styre, segjer dei.
 
           
I Sudamerika heve dæ no i 2 Aar vore Ufred millom Chile og Peru, og dæ fyrste heve jamt vunne. Sambandsriki i Nordamerika heve no havt seg fram og vil faa deim samde, og dæ ser ut til at dei dæ skal bli. Dæ skal ellest ganga ut yver Bolivia, som heve hjelpt Peru. Detta Lande bryr seg kanskje ikkje om aa vera for seg sjølv; dæ visse er nok at Chile skal faa meste Parten av dæ og Peru Resta, og so skal Vinnaren faa utbetalt Krigsutgjevsterne.