Nytt Ministerium det gamle Ministeriuem.

Ikkje Sibbern, ikkje Helliesen, ikkje Aschehoug ikkje eingong Kjerulf . . . . Selmer!
           
Nordmennerne hev ikkje Bruk for nokon Statsmann. Det greidar seg med ein vanleg Byfut, ein vanleg Kontormann, - ein Expeditionschef. Der er Meining i alt, me bør leggja Merke til dette.
           
Bakstrævarbladi gjer stive Øyro og lætst vera nokotsonær nøgde med Mannen, alt um dei helsar honom helder kaldt. Eit hev endaa beintfram sagt, at Regjeringi vil tapa i Vyrdnad ved dette. Og Vinstrebladi, - Vinstrebladi segjer som so, at det er nok ikkje Vinstre som tapar paa dette merkjelege Ministerbytet.
           
Nei; Vinstre hev ikkje tapt. Det me no hev, er Stangs gamle Styre utan Stangs Dugleik og utan Stangs Autoritet. Ei slik Regjering kann ikkje halda ut lengje paa den gamle Maaten. Viser Storthinget berre litegrand Vit og fast Vilje no, so maa den tunge Striden snart vera til Ende.
           
Stillingi er klaar, som Mgbl. segjer. So klaar, at det skjer i Augo. Selmers Ministerium er eit nytt Slag i Bordet. Det er som Regjeringi reint gjer seg ei Gleda av aa visa, at ho gjev Folkemeining og Folkerepræsentation ein god Dag. Det einaste , Folk veit um Selmer, er, at han er ein lydig Bakstrævar. Han vil driva Kamppolitikken so blindt som det er Raad. Han var den einaste, som hadde Mod til aa taka upp den ville Politikken, som Stang laut sleppa, og det viser, at Hr. Selmer ikkje hadde Vit til aa vera rædd. Hs. Excellence Selmer - Hans Excellence Selmer! forstend knapt, kva det er han hev teket paa seg. Men han vil l æ r a aa forstaa det. Han vil faa sjaa, at det er vand Sak aa sigla i Storm for fulle Segl. Det skal god Baat til det, - og god Styresmann.
           
Det hev voret Tale um, at Lambrechts og skulde inn i Ministeriet og styra det Departementet, som Selmer styrde fyrr; Selmer skulde vera for god til aa stella med slikt no, daa han hadde vortet Excellence. Statsmannen Selmer skulde berre stella med Politikk. Men Mgbl. segjer, at dette um Lambrechts er berre Snakk. Og det er rimelegt. Regjeringi vil vist ikkje taka nokon Assessor fraa Høgsteretten i denne Tid, for so kunde dei ikkje faa setja nokon ny inn att, og so vart Høgsteretten ei Røyst veikare. Dette meiner Høgrebladi og! Derimot er der no meir Tale um M. Birkeland. Denne trufaste gamle Amalgamisten vilde vist duga meir til aa sitja og vera sta i Regjeringi enn til aa arbeida i Thingget; for der hev han ikkje vist seg vidare sterk. Høgrebladi talar um, at dei vonar Regjeringi vil inndraga ein Riksraadpost. Selmer kann godt styra Revisionsdepartementet, samstundes som han er Riskminister, segjer dei, og det er daa sannt nok. Men me for vaar Part trur i denne Tid mest paa dei, som spaar verst.
           
Situationen er klar. Me ynskjer Vinstre til Lukka med Selmers Ministerium!