[Minnestytte yver Per Bø (Brev.)]

Nokre, som baae var gott kjende me Per Bø og Venner av Folkehøgskulesakji og Maalsakji, hev skote saman og sett upp ein stor Bauta elder Minnestein yver Per Bø paa ein liten Haug ve Vonheims Folkehøgskule. Dei tykte, at det var rettast at han sto der; for Per Bø hadde gjort somykje fyr Skulen. Onsdagen den 6te Oktober var de ein Minnefest paa Vonheim yver honom. De var daa akkorat femti Aar, sia Per vart fødd. De var ein gjild Fest. Vel hundre Menneskje hadde møtt fram. Frits Hansen heldt ei Tale ve Støtta. Han sagde, at de hadde inkje noko aa segja, um dei hadde reist upp denne Steinen, dersom inkje den Mannen, som Steinen var uppreist yver, hadde livt eit sovore Liv, at han hadde fortent han. Han tala so um Per og um dei Sakjerne, som han so trutt hadde stræva fyr. De var daa Høgskulesakji og Maalsakji og ellest alt, som kunde hjelpa Folkje fram til Fridom og Sjølvstyre. Hansen tala gott. Etterpaa var vi inne i Skulestovurne ei Stund utyver Kvelden. De var Vin og Kakur aa faa der, og der vart halde mange Talar. Brun tala fyre Frendarne aat Per, og ynskte, at det maatte gaa dei gott, serleg den vesle Guten hans. Han takka fyre at dei hadde sett Steinen ve Skulen. De Aare, som Per Bø vart fødd (1830) var eit Merkjeaar; i dei 50 Aar sidan hadde mange Bønder vokse upp, som hadde vorte gjilde Poletikkarar. Han nemnde Ueland og Jaabek og Velde og S. Nilssen og Kristjan Fougner. Men han trudde ikkje nokon hadde vore so klaarøygd i de folkjelege, som Per Bø. Matias Skard tala fyre Friskulen. Utskjiftningsformann Kamstrup fyre Kvinna. Bland dei andre, som var der, var og den unge Islendingen Gudmund Hjalteson. Han hev vore tvo Aar paa Skulen paa Vonheim og sia tri Aar paa Askov. No til Vettren skal han vera Lærar paa Askov, og til Vaaren skal han strjuka til Island. Han tenkjer aa byrja me Folkehøgskule der. Han hadde havt Husly og Kost paa Bø, mea han var paa Skulen. Han takka Per fyre de, han hadde vore mot honom og mot andre Ungmenne. Han sagde at de var mykje gott i sume Ungdomar, som Folkje inkje gjerna forstod; men Per Bø var framifraa til aa sjaa de. Gudmund sagde, at han hadde vore tvo Aar i Noreg og tri i Danmark; men han hadde inkje raaka paa nokon, som hadde so go Greie paa ny Islandsk Diktning som Per Bø, og detta skulde han fortelja til Bøndom paa Island, naar han kom dit. So takka han Christofer Brun fyre alle dei goe Ordi, som han hadde høyrt av honom. Han hadde inkje høyrt nokon korkje paa Island elder i Noreg elder i Danmark, som hadde tala soleids um de kristelege, som han. Brun ynskte, at de maatte ganga Gudmund gott paa Island.
           
Minnesteinen er av uhoggen Graastein, so ve Lag 8 Tomar tjukk og 15 T. brei og 8 ½ Alner høg. Paa Framsida stend de:
           
Til Minne um Bonden
                       
Per Bø
reiste mange Venner denne Steinen.
Fødd 1830, døydde 1878.
 
Paa Baksida stend de:
           
For Modersmaalet
som Mann han slo,
for Ljos som kunde
med Livet gro.
For Fridom funnen
paa fremste vakt,
av Kjærleik bunden
og Kristi Magt.
 
Matias Skard hadde skrive tvo Songar til Festen. Den eine var slik:
 
Ja fremst i si Fylking og hugvarm han var, -
Soli Straalar fram
Fyr Fridom og Sanning han Merkje sit har.
For Aandi gjer høgsynt sin Mann.
 
Han braut mæ dæ framande, unorske Lag; -            
For Blo rann i Aarom av gjævaste Slag.
Og Aandi finn Veg fyr sin Mann.
 
Slik lagde han Elsk aat vor Folkesak; -
Mot Spe-Or, og Latter han sto like rak.
For Aandi gjer trufast sin Mann.
 
Han saag, at vor Kyrkje, vaar Skule, vaart Maal
laa bundne i Armo og sjuke av Saar.
For Aandi gjer gløggsynt sin Mann.
 
So gav han sit Hjarta, sit Arbei, si Ti
At Dag kunde ljosna for Norig so bli.
For Aandi gjer kjærleg sin Mann.
 
Og Sus fekk han høyra av sterke Aandekor
Fraa Livsens Gud mæ Ljos og Sumarbo.
For Aandi gjer lyhør sin Mann.
 
Og Lauv spratt i Liom, og Fuglan dei song; -
Han sto der i Undring: dæ var Vaaren som kom.
For Aandi gjev Glea sin Mann.
 
Og mæ Fuglesongen han høyrde Englekor.
Ein Takk aat Himlom fraa Hjarta hass foor.
Og Aandi foor heim mæ sin Mann.
 
Hans Namn vil vi gjøyme og Minne ha kjært.
            Soli straalar fram.
Fyr Fridom og Sanning vi trufaste slær,
No Aandi roper ut alle Mann.
 
O. A.