[Er det den nye Excellencen]

Er det den nye Excellencen som hev funnet paa at leggja Sak mot N. J. Sørensen for dei sterke Ordi, denne hev brukt um Kongedømet? Aa nei, det er vel den gamle. Gamle Stang synest væl, at han hev tapt so mange Slag no, at han bør prøva, um han ikkje kann vinna eit med det sama han gjeng, - um det so var eit aldri so litet. Selmer drøymer væl um større Vinningar, han, han vilde væl ikkje vasa Tidi burt med slike Smaating!
 
           
Fædrelandet finn, at Fedrah. hev misbrukt Kristendomen til Hjelp for Politikken, av di me hev teket inn eit Stykke av ein svensk Prest, der det stend, at naar Kristendomen vinn, so er det Slutt med Kongeveldet. Fædrelandet finn, at me burde motsagt Presten i dette.
           
Me hadde aldri tenkt, at Folk, som fyrst og fremst vil vera Kristne, kunde vera misnøgde med aa høyra ein Mann segja, at Kristendomen eig Framtidi! For det er det Presten meiner. Det er greidt for alle, at han skriv som han skriv for aa visa, at um so baade Kongedøme og Statskyrkja fell, so vil Kristendomen liva like godt: ja han vil endaa segja so stort eit Ord, at just daa vil Kristendomen naa full Magt og fullt Herredøme! Men det gudelege Fædrelandet likar ikkje dette. Kva nyttar det væl, um Kristendomen vinn, dersom Kongedømet skal døy? synest Bladet aa meina.
           
- Me kunde gjerna ha motsagt Presten, naar han kallar Kongedømet Heidendom framfor Republikken; for me trur ikkje paa serlegt kristelege Riksformer. Men dette hev Fedraheimen sagt so ofta, at me tenkte ikkje det trengdest, helst daa Presten ikkje hev gjort dette Paastandet til Grunnlag i Utviklingi si, men berre slengjer det inn attpaa og utanfor Tankegangen som ei laus personleg Meining. Me tok upp Stykket hans, fordi det i det heile syntest oss vitugt skrivet (helst naar det var skrive av ein Prest!) og fordi det inneheldt ein god og sann Dom yver den norske Bakstrævs-politikken, - ikkje fordi at me vilde gjeva kvart einaste Ord i Stykket ut for eit Evangelium.
           
Det veit Fedrel. godt. Men det er merkjelegt, at dette Bladet, som tigjer so trutt til mange andre Ting, me hev sagt det og spurt det um, just skulde finna Grunn til aa hefta seg ved dette!
 
           
General Wergeland er nok endaa ikkje ferdig med Ivar Mortenson og dei tvo Medsyndararne hans. No skal han ha fyreskrivet, at Domen yver dei skal forkynnast ved Haustmynstringi for alle Soldatar av Telemarkens Bataljon og kanskje for heile Brigaden. Dei store Syndararne skal liksom setjast i Gapestokken, etterat dei hev stadet ut Straff. Dei skal brukast til Skræmur. Slik Aatferd skal etter det me hev høyrt av Militære, ikkje hellest vera brukt, iallfall ikkje ved slike Tilfelle og i so stort Maal, so dette synest vera nokot, som General Wergeland sjølv hev funnet paa for aa gjera Straffi dess tyngre og saarare. Um so er, so lat Folk vita det.
           
Der er svært, so ivrig som denne General Wergeland er i Tenesten! Hev han so godt Samvit, tru, at han synest hava Rett til aa vera so streng mot andre -?
 
 
Magnus Brostrup Landstad er daaen.
           
Tvo Storverk vil gjera Minnet um denne Mannen udøydelegt i Norig: Folkevisurne og Salmeboki.
           
Han var mill. a. Heidersmedlem av det norske Samlag.
 
           
Kaptein Gregersen skal ha vortet Kopist i Armedepartementet, fortel Dagbl.
           
Me kan ikkje tru so galet. Det vilde daa plent vera aa gjera Narr av den djerve Kapteinen og store Politikkeren. Han maa daa sanneleg kunna venta større Framgang enn som so.
           
Men kanskje vil dei gjera Mannen til Kopist, for at han fyrst kann læra tilgagns aa lyda, fyrr han lærer aa bjoda?