"Lat inkje Folket faa for mykje av Kunskap og Sjølvstyre".

[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
(Slutten.)
 
So segjer inkje berre mange av Embætsmennerne og Storhandlararne og Fabrikeigararne, men jamvæl mange Sildehandlarar og Høkerar segjer plent det same, og det er Folk, som hev ei Slags Meining um, kvat dei gjer. Naar Arbeidsmannen vert meir upplyst, kann inkje Kræmarne hava so mykje Stein i Rosinurne og Sand i Sukkeret, fyrr dei les Kveldsbøni si. Eg veit det var ein fælt gudeleg Kræmar, som kvar Kveld sagde til Krambudsveinen sin: Hev du no havt Stein i Rosinurne? Ja. Og Sand i Sukkeret? Ja. Lat oss so beda i Guds(?) Namn. Slikt vil inkje ganga so lett fyr seg, naar Arbeidsmannen fær Upplysning og Røysterett og Umtanke. Ein Kræmar langt uppe i Fjellbygderne, som hev tent 700 Procent paa eit Pund Maaling, talar mot Republikken og den moderne Ventro og um Folkets lavere Instinkter med darrande Mæle og Augurne mot Taket, slik, at du kann faa Taarur i Augurne. Det er Kampen for Tilværelsen, maatru. Tru Svensken hadde teket Austsida av Glomma i 1814, høyrde eg ein Forretningsmann sagde i eit stort Selskap. Han kunne vonleg hava tent meir paa Smaaleningarne, um dei hadde voret Svenskar. Ja mange tykkjer, at Tiderne alt no hev vortet mykje verre, og at Sjølvstyre og Republik heng som ein Komet med lang Hale yver dei fromme Høker-Hovud. Enden kann inkje vera langt undan. Ein Bonde er no slik fengd med modern Vantro og Autoritetsforagt, at han vil inkje drekka Brennevin med Grønsaapa i, liksom Islendingarne i sin gamaldagse Ærlegdom fær upp fraa Danmark. Kunne me berre faa att den gode gamle Tidi, daa Bonden og Arbeidsmannen inkje kunne lesa, daa han var den same, som ein kunne sjaa av Historiens Aarbøger at han hadde voret radt fraa me kom under Danmark i 1380 til me kom under Sverik i 1814, med si loyale Truskyld, daa Kræmarar og Embætsmenner raadde som Patriarkar, daa skulde ein tena Pengar. Men paa eit upplyst Grunnlag kann vaar Intelligens inkje byggja upp nokon Rikdom og høgre Samfundsmagt, fyr di han sjølv ligg for laagt. Den lille bitte Hansemand var liden af Statur, af Navn og af Forstand. Men af al denne Lidenhed blev Hansemand omsider kjed. So gjekk han upp paa ein Stol, og Folk totte han vart stor, men so vilde han vera endaa større og gjekk upp paa eit Berg, men daa var det ingen, som kunne sjaa han. Daa kom Hansemand reint burt. Og det skynar Intelligensen godt; for han veit, at hans Intelligense inkje er europæisk.
           
 
Mange snilde og gode Folk arbeider slike Karar upp i Henderne, fyr di dei inkje veit betre. Iaar hadde soldeis Brennevins-Samlaget i Bergen eit Yverskot paa 80,000 Krunur. Av Sty- ringi vilde Storparten bruka desse Pengarne paa den Maaten: 4000 Kr. til Verterom fyr Arbeidsklassen. 1200 Kr. til det norske Afholdsselskab. 400 Kr. til Totalafholdsforeningen og likso mykje til Bergens nye Totalafholdsforening. 24,000 til Stiftelsen for forsømte og forvildede Børn. 8000 til ein paatenkt Magdalenestiftelse. 16,000 til Veg paa Fløyfjellet osv. 10,000 visste dei inkje, kvat dei skulde gjera med. Det nationale Theater i Bergen, den einaste nationale Scena i heile Landet so nær som den i Kristiania, søkte 4000 Kr. og kunne inkje greida seg utan. Men Storparten vilde inkje gjeva til Theatret. Eit Theater kann meir enn nokot annat lyfta Folket upp og læra dei fine og nationale Kjenslur; men slikt stend fyr ein snus-borgarleg Intelligens som nokot reint urimelegt. Nei, fordrukne Mannfolk og fallne Kvinfolk og gamle Jomfruer skal hava det. Det er fælande snildt aa gjeva dei nokot, men ein kann inkje negta fyr det, det er uproduktivt berre aa bruka Pengarne til slikt. Skal me hjelpa upp Folket vaart, lyt ein taka paa med Ungdomen og læra upp den og lyfta den, so vil det minka med Drekk og Ukjuringskap og gamle uforsørgede Jomfruer av seg sjølv. Det nyttar inkje aa taka paa med Toppen, men med Roti. Det er liksom med eit sjukt Tre. Ein kann klyppa av dei visne Greinarne og binda upp og skjera til og stella med det so mykje ein vil, men det vert eit endelaust Arbeid; det vert tvo visne Greinar fyr kvar, du skjer burt. Du fær helder grava upp um Roti, hava paa god Jord og luka og vatna og gjødsla, so skal du sjaa Treet frisknar til. Vil du so etterpaa skjera burt dei visne Greinarne, so kjem Treet snart til aa standa grønt og fagert. Og det høvde seg so heppeleg, at Bergensmennerne skynad detta. For paa Generalforsamlingi vann dei, som vilde gjeva til Theatret. Men desverre, det gjeng sjeldan so. Folk flest tykkjer det er meir fortenslegt aa hjelpa uforsørgede Døtter etter Embætsmenner og sy Magabelte til Sulukaffarne og alt slikt. Kunsti og Vitenskapen og Maalsaki fær mest ingenting. Fekk Maalsaki 100.000 Kr., skulde ho snart vinna fram. Sverik og Danmark og mest alle andre Land flyg langt ifraa oss, og me kjem vel snart til aa sitja att med vaare ugifte Embedsmandsdøtre og uforsørgede Jomfruer og Magdalenestiftelser.