Kristiania, den 8de Oktober.

Kristiania, den 8de Oktober.
           
Statsminister Stang hev teket Avskil! So skulde det og henda ein Gong.
           
Folk hadde alt vant seg til aa tru, at den Mannen var usliteleg, og at han vilde sitja, til han sturad. Og alraminst hadde Ein væl tenkt, at han vilde gaa av no, etterat han hadde teket aat med ein so ubøygjeleg Krig paa Kniven. No trudde alle, at han maatte staa. Ingen annan kunde vilja taka Andsvar elder Skuld for det Verket, han her hadde vaagat.
           
- Men gjengen er han. Og det so reint stillt og pent. Alle tek det so rolegt; det er liksom Ein er mest likesæl. Hadde han gjenget fyrr, so hadde han iallfall fengjet Takk for det -!
           
- Det er ein underleg, sorgsam Lagnad. So gaaverik ein Mann, ein Mann som vist eingong hadde den fagraste Meining, og ein Mann, somnaadde so høgt i Æra og Magt, som nokon kann naa i dette Landet, - og so staa ved Enden av eit langt, langt Livsverk og ikkje hava annat aa minnast enn Nederlag og skipbrotne Tankar, og ikkje annat til Takk enn tri Vers av Rungolf i Aftenposten.
           
- Det finst ingen Mann so hard, at han ikkje maa kjenna Medynk med Excellencen Stang no. Han er sjukleg, segjer dei. Trulegt nok. Og um han ikkje var det, so maatte han verta det no, synest me.
           
Det einaste, Folk spyrr um, det er dette kalde, gløymskne: kven skal koma etter honom? Det er liksom naar ein Fut hev flutt fraa Futedømet sitt. Kva Slags Kar fær me att tru?
           
Ein einaste Ting er mæ rædd. Me vilde ikkje vera rædd, um dei tok Aschehoug, Helliesen, Selmer, Kjerulff elder slike. Men um dei tek ein Mann, som ser u t som Forsoning, og so det viser seg, at det ikkje var meint! - Det er ein Ting, som Storthinget maa halda væl Auga med; for det kunde verta faarlegt.
 
           
Storthingsfleirtalet hev ikkje Folket med seg, segjer Bakstrævet. Den store Mengdi rundt i Landet meiner ikkje som Thinget. Altso bør Regjeringi styra Landet, ikkje som Thinget vil, men som den store Mengdi vil utanfor Thinget.
           
Naar Bakstrævet talar slik, so talar det Tøv, det er det eine; for eit Storthingsfleirtal, som held seg gjenom Val etter Val, kann ikkje representera nokot Mindretal af Veljarfolket; men naar Bakstrævet talar slik, so talar det desutan revolutionært, - og det er det andre.
           
Det einaste loglege, konstitutionelle Uttrykk for Folket er Storthinget. Utanfor det kjenner Grunnlogi ingen politisk Folkevilje. Er Thinget logleg valt, so hev Folket nedlagt sin Vilje i det, og gjenom det aaleine kann Folket tala til Styret sitt. Vilde Folket paa annan Maate gjera nokon Vilje gjeldande; vilde det stiga fram sjølv, som Masse, utanfor dei loglege Former, utanfor Representationen, og paa fri Haand føra politisk Forhandling med Landstyret, - so hadde me Revolution med det same. Folket er i konstitutionel Meining berre til i sin Repræsentation; den aaleine er Beraren av Folkets Magt, Majestæt og Vilje.
           
Gjorde Folket Revolution, og Landsstyret slog L a g med Folket, so godkjende og vigde det Revolutionen, gjorde seg sjølv medskyldigt i den.
           
Det er altso i Grunnen dette, Bakstrævet vil hava Regjeringi til aa gjera. Regjeringi skal godkjenna Revolutionen, styra paa Grunnlag av den. Bry deg ikkje um den loglege Folkeviljen, segjer Bakstrævet til Regjeringi, styr Landet etter den Folkeviljen, som stend utanfor Repræsentationen og i mot den! - Det e r aa tala revolutionært.
           
Aa godkjenna Masseviljen som meir gyldig enn den konstitutionelle Folkemagt, det e r i seg sjølv Revolutionen. Fær Bakstrævet den Tanken inn i Folk, at det er den loglause Masseviljen utanum Thinget, som skal styra Landet, so hev Bakstrævet i Sanning undergravet Samfundets Grunnmurar.
           
Velde hev dei negtat Permission. Det ser ut til, at Stang vil halda ut til det siste. Elder skal det vera eit Fyrebod um den nye Forsoningspolitikken?
           
Ole Velde hev søkt Avskil. Han hev vist seg aa vera den Mannen, som Folk tenkte. Det er ikkje Bondehøvdingarne som sviker!
           
- Velde kjem til Kristiania den 9de Oktbr., so sannt han hev Liv og Helsa.
           
 
Jarnvegen millom Eidsvoll og Hamar vert vigd den 11te d. M. Dermed er Jarnvegssambandet millom det nordanfjellske og sunnanfjellske Norig fullført.
           
Gjenom slike Verk byggjer Folket si Framtid. Storthinget vil gjenom alle Tider hava Takk for det.
           
- Men Kristiania-Bakstrævet ligg samstundes og byggjer Gravminne yver det gløymde.
           
 
Dei tvo skipbrotne Politikkerar Grimsgaard og Gregersen hev sleget Lag no til gjensidig Hjelp; Generalen bed um Attest av Kapteinen, og Kapteinen gjer sitt beste.
           
Commune naufragium dulce! Naar Herodes og Pilatus kjem i Knipa, so vert dei Venner. Det hev me set fyrr. Gregersen og Grimsgaard høver godt ihop no. Og med so hugfaste og djerve Førarar vil den norske Heren greida seg lengje. Det trengst visst ikkje korkje Kommission elder Komite!