Frederik Stang

[Del 1 av 6.]
 
er fødd paa Raastad i Stokke (Jarlsberg) i 1808, same Aaret som Henrik Wergeland. Han vart Student i 1824 same Aaret som det absolute Veto skal vera tilkomet -; juridisk Kandidat i 1828 same Aaret som Carl III Johan forbaud Nordmennerne aa halda Fest 17de Mai -; Lærar (Docent) i Logkunna 1829 same Aaret som Torgslaget stod. I 1835 vart han Høgsterettsadvokat og sidan deraattaat Regjeringsadvokat; i 1845 vart han Statsraad (Styrar av det nye Departement for det Indre); der var han til 1855, daa han vart sjuk og maatte utanlands. I 1857 kom han heimatt og var med i Riksstyret i den Tidi Kong Oskar laag sjuk, og i 1859- 60 var han Storthingsmann fraa Kristiania. - Dette er det fyrste og beste Stykket av Soga hans.
           
Han var ein Mann med gode Gaavur. Fraa fyrste Ferd av var han med paa same Sida, der han hev voret heile sitt Liv: paa Embættssida, Intelligenssida, mot Bondepartiet. I dette hev han voret trufast, - i dette aaleine. For det hadde han i Arv; det var han heimangjord med. Sine politiske Tankar laut han sleppa ein etter ein, so som det vanleg er Bakstrævets Lagnad; men sine politiske Hugdrag, sine politiske Instinkt, - dei fylgde han blindt til Slutten. Me møter honom fyrste Gongen i Studentersamfundet millom den Flokken, som sidan samlad seg kring Welhaven og Schweigaard til Krig paa Kniven mot Wergeland, Norskdomen og Bonde-Demokratiet. Det var i Slutten av 1820-Aari. Det var daa burtimot 1830 -, at vaar politiske Barndoms- og Fredstid tok til aa faa ein Ende. Det tok til aa visa seg, at ikkje alt var gjort med det, at me paa Papiret hadde fengjet ei fri Forfatning, og det tok til aa visa seg, at naar det kom til Stykket, so var der fleire Meiningar i Norig um Norigs Tilstand og Framtid. Daa Fridomsrusen fraa 1814 var utsoven, var det mange av dei gamle, som tok til aa kjenna med seg sjølve, at i Grunnen høyrde dei ikkje rett heime i Landet; dei hadde sitt Hjarta og sin Hug i Danmark; her heime kjende dei seg aaleine og avstengde; dei totte her var kaldt og audt; det galdt um aa halda seg so tet inntil Danmark, som Ein kunde. Samstundes var det dei, som tok til aa tvila paa, um Eidsvollsgrunnlogi var so god, som Folk meinte; - um ho ikkje var væl frilyndt, um ho ikkje gav Bonden væl mykje Magt osfr.; sjølve Falsen, Grundlovens Fader, tok til aa tvila paa dette, og kom med fleire Forslag til Grunnlogbrigde i bakstrævande Leid. Og imot alt dette kom just paa same Tid ein vaknande norsk-norsk Heimhug, ei vaknande Tru paa Norskdomen og ei vaknande Kjenning av, at skulde me vera eit Folk, so maatte me fyrst og fremst vera norske; det kom upp eit Danskehat, ei Forguding av alt, som var elder truddest vera norskt, som var reint utan Maal og Maate; og samstundes som Embættsfolket tok til aa fæla for, at Grunnlogi kanskje var for fri og bondevenleg, tok Bonden just til aa røra paa seg; han gav seg til aa tru, at den Magti, Grunnlogi tilsagde honom, den burde han hava og bruka. Og midt uppi den sterke nationale og politiske Spaning, som desse Strøymingarne skapad, kom det so dessutan nokot, nytt: - Unionen med Sverige. Sverig kom med sine Krav; Svenskarne trudde i den Tidi, at Karl Johan hadde hervunnet Norig, og at Norig altso var svenskt Lydrike, og dei likad ikkje, at Nordmennerne talad so mykje um Fridomen sin. Karl Johan, som visste med seg, at han i denne Saki ikkje hadde utført alt det, som Svenskarne hadde ventat av honom, likad det ikkje helder. So kom han (i 1821 og utetter) med sine vælkjende Grunnlogforslag um absolut Veto og mykje annat, og i 1828 forbaud han Nordmennerne aa høgtida den 17de Mai. So vart her eit svenskt Spursmaal midt uppi alle dei andre, og den politisk-nationale Floken vart so mykje meir vanskeleg. Det var under dette, at det norske Aandslivet vaknad og tok Fart, og det var daa, at den politiske Partidaning, som enno held seg, kom upp og feste seg i sine store, klaare Grunnlinur.
           
Det var eit heilt norskt Parti, som samstundes etter dei historiske Høve vart eit demokratiskt Parti, og so eit halvnorskt elder provinsnorskt Parti, som, etter dei same historiske Høve, maatte samla seg um Embætts- og Kongemagti og dermed vart eit byraakratiskt Parti. Dette sistnemnde Partiet var i den fyrste Tidi meir dansknorskt enn svensknorskt; dette hev skift um sidan; men Grunndraget er det same som fyrr: Provinshugen er like livande. Og danskehugen er ikkje daudare enno, enn at det same Partiet just no hev kunnat reisa Stytta hans Kristian Kvart.
           
I Studentersamfundet var det, at desse Parti fyrst skilde seg ut. Studentarne var i den Tidi nokot annat enn no; det kom baade av dei lokale og av dei historiske Forhold. Studentarne ikkje berre livde med, men dei gjekk i Fyre-Enden; millom dei var det, at Folketankarne og Folke-Ynskje fekk Form og Ord, og fraa dei gjekk so desse Tankarne ut i Folket att som sterke, vekkjande Her-rop. So gjekk det no. Mengdi av Studentarne var tekne av den same barnlege Gleda yver Fridomen og den same barnlege Tru paa Norig som det store Folket; men Provinstanken og Intelligens-Tanken laag og æste og gjorde under seg hjaa ein liten Flokk av dei, og tilslutt var det tvo motsette Parti i full Ufred og kvar med sine Førarar. Paa Provins- og Embættssida stod Stang, Schweigaard, Fougstad, U. A. Motzfeldt og Welhaven; paa den norsk-liberale Sida stod Henrik Wergeland.
           
Ufreden millom dei tvo Fylkingarne vart tilslutt so hard, at dei maatte skiljast. Dei kunde ikkje rømast i det same Samfund. 30 Studentar meldte seg ut og skipad Studenterforbundet (i 1832). Og same Aaret tok dei til aa gjeva ut Vikebladet Vidar. Det var vaart fyrste Intelligentsblad av det Slaget. Men det var heldernoko tannlaust. Stang og Scweigaard skreiv sitt Jus og Statsøkonomi der, og Fougstad litt Politikk: hellest livde Bladet mest paa Umskrifter og boklegt Nytt fraa Utlandet. I 1834 gjekk det inn att og hadde ingen Ting gjort.
           
Men i denne Tidi, i 1833, var det, at Stang gav ut det Verket, som fyrst gjorde honom til ein stor Mann: Norges constitutionelle Ret, Stangs Grundlovsfortolkning.            
 
( Meir.)