[Notisar]

Den 9de.
           
Eit politisk Møte vart halde paa Litlestraumen mæ Eidsvollsjarnvegen sist laurdag. Sverdrup kunde ikkje koma, av di han var sjuk. Ein November-Mann Grosserar Carl Gulbrandson tenkte so, at han regtig kunde sleppa seg laus. Dæ vilde bli Broder-Krig og Ufred mæ Svensken, dæ var ikkje Spursmaal om anna, om dæ gjekk fram som Fridomsvenerne vilde. Berner svara godt. Selbo vilde at Riksraadarne skulde i Tinge, men han vilde ikkje hava Republik. Dæ var like gode Grunnar for absolut Veto og inkje noko Veto etter Grunnlogi. Han skjelde ut Fridomsbladi, serleg var Verdens Gang fullt av Lygn. Olav Thommessen som er Redaktør for dette Blade, sagde, at dei Ordi skulde han faa svara for for Retten. Der var 6 Høgremenner i alt og ved lag 150 Venstremenner dei fyrste tala i lengre Tid en dei siste; endaa var dei sinte daa Møte sluta, av di dei ikkje hadde fengje tala nok, og Høgrebladi held mæ deim, kann du veta.
 
           
I Stavanger tenkjer dei paa halda Landbruksmøte og Utsyning om Hausten 1882.
 
 
Det dreg meir og meir opp til Uver i Tyrkrike, men noko regtig Tiltak til Ufred er ikkje gjort endaa.