"Lat inkje Folket faa for mykje av Kunskap og Sjølvstyre".

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald).
 
So meinar mange. Ein Arbeidsmann vil inkje bera Plankar, naar han veit, kor Rouen ligg, segjer Storhandlaren, difyr skal Folket inkje hava Upplysning, at det kann inkje bruka Sjølvstyret, um det fekk det. Difyr skal Folket inkje hava Sjølvstyre. Han ræddast Sjølvstyret og, maa vita, for han forstend godt det, at av Sjølvstyre kjem Kunskap og Klokskap. Kunskap og Sjølvstyre gjeng Hand i Hand. Det beste med Sjølvstyret er inkje just det, at Styringi daa vert betre; det er berre faa, som kann styra, og var det berre ei god Styring um aa gjera, var det best aa lata ein dugande Mann standa fyr den, um det fanst nokon ( Ervekongen?). Men den gode Styringi er inkje Hovudsaki og kann inkje skapa den største Lukka fyr den største Mengdi, som er Fyremaalet fyr all liberal Politik. Det er berre Sjølvstyret, som orkar det; det gjev Folket Umtanke og Klokskap og lærer det upp til aa kjenna Andsvar. Det er og Vilkaaret fyr ei personleg Gudstru og fyr ein sann Fedrelands-Elsk. Imot all denne Vinningi veg det litet, um kannhenda eit og annat i Styringi gjeng mindre godt. Ei god Styring, som kjem ovantil liksom ei Gaava til Folket er mindre verdt enn mange Mistak, som Folket hev gjort sjølvt og kjenner Andsvaret fyr sjølvt. Det veks seg stort gjenom Mistak. Difyr er so mange av vaar Halvkultur rædde Sjølvstyret. Det hjelper inkje, at dei veit, at eit Folk fyrutan Upplysning aldri kann verta rikt. Mange av Storhandlararne og Embettsmennerne vaare gjev ein god Dag i, um Folket vert rikt, dei vil vera rike sjølve, um so Landet skal siga ned i Armod, og Storhandlararne og Embætts- mennerne etterpaa kjem til aa armast ut. Dei veit, at armast Folket ut, vil eingong i Tidi dei høgre Klassar armast ut imot dei høgre Klassarne i andre Land, men det vert inkje i deira Tid. Blodet skal koma yver deira Ættmenner. Etter oss kjem Siflodi, après moi le déluge, som Ludvig den 15de sagde. Dei veit, at med eit upplyst og klokt Folk som Grunnlag kann det veksa upp høgre Samfungs-Lag med Kultur og Rikdom, men daa spyrst det meir etter Dugleike og Framsyn, og det er for mykje Stræv aa leggja seg etter slike Ting. Det er maklegare aa kjøva alt hjaa Folket enn aa arbeida seg upp sjølve, so dei framleides kann vera i Fyreenden. Kann henda og, at dei inkje vilde vera gode til aa arbeida seg slik upp helder, men at nye Menner kunna arbeida seg upp av Folket og trengja undan dei, som no raader. Difyr: ingi Upplysning, inkje Sjølvstyre.
           
So ræsonerar dei, som gjev seg sjølve Attest fyr aa vera den oplyste Del af Nationen, Menner med Syn paa Nationens sande Interesse og Menner med sand Fædrelandskjarlighed.
           
Ja, det er lettare aa styra eit umyndigt og faakunnigt Folk. Eg vil inkje røda um Prestar og Futar og Skrivarar; dei hev god Grunn til aa klaga paa Tiderne. Det hev alt no gjenget so til Atters med den gamle Lovlydighed og det gamle patriarkalske Forhold, at allvisst paa Flatbygderne tarv inkje ein Bonde lenger hava med seg ein Toppe elder ein Aarfugl, naar han skal tala ved ein Embættsmann. Men jamvæl Offiserarne klagar. Det hev gjenget til Atters med Heren, fraa di det kom Kunnskap og Upplysning inn i Geledet, og dei berre ynskjer all Intelligensen ut or Heren. Der er ingen militær Aand lenger. Alle veit, at den preussiske Heren er so god, fyr di der finst so mange Brillur i Geledet. Dei segjer, at det var den tyske Skulemeisteren, som vann ved Sadowa, og den tyske Prefessoren, som vann ved Sedan. Men hjaa oss vil Offiserarne hava Intelligensen ut. Kvifyr? fyrdi det er maklegare aa kjøva alt hjaa Soldaten enn aa arbeida seg upp sjølve. Offiserarne maa vera mykje betre enn Soldatarne, og kann dei inkje naa det ved aa læra meir baade Kunnskap og finsleg Aatferd, so lyt dei naa det ved aa jaga Intelligensen ut or Soldatarne. Slik ræsonerar mange, som kallar seg den oplyste Del af Nationen, og dei vaager seg til aa segja det reint ut og. Det er Lukka, at det no er mange gode Menner av Offiserarne, som hev eit annat Syn paa Tingen, elles kom Militærgreida til aa ganga heiltupp under i Villmanskap, so me fekk den gode gamle Tidi att med Kak og Hasselpaakar, daa Soldaten gjekk fraa Geledet beint til Slaveriet, og Offiseren ropa til Fienden: Er de galne, som skyt, ser de inkje, at der er Folk paa Brui?
                                                           
( Meir.)