Kristiania, den 27de September.

Gud skal vide, segjer Brevsendaren fraa Stockholm til d. Dagbl., at Manglerne ved den norske Grundlov i den siste Tid ere komne saa sterkt for Dagen, at det vel trykt kan siges, at ingen skreven Forfatning er mere sammenjasket end den, ingen saa meget som den bærer Præg af Hastverk og Jag.
           
So -!
           
Ja, dei finn væl det, dei, som vil hava absolut Veto og Overhus, kann me tru. Me andre, me finn, at Grunnlogi er god, - dersom nokon brukar henne som ei Log, d. v. s. dersom dei held seg til det, som stend, og ikkje gjer Kunster!
 
           
Ophøiet over Tvil var det absolute Veto i Slutten av Mai 1880. I Slutten av Juni d. A. var det komet so vidt langt ned i Tvil, at Regjeringi iallfall laut føra Prov for det. Men September same Aar var det komet so til Botnen ned i Tvil, at Regjeringi gjekk til det juridiskeFakultet i Kristiania og spurde seg fyre um, kor det hadde seg med dette absolute Veto, um det var so, at dei hadde det, elder um dei ikkje hadde det. Det hender mangt i mange Dagar.
           
I det juridiske Fakultet er Vetoet helder ikkje hævet over Tvil. Sume Professorar trur paa det, andre ikkje, segjer dei. Kven skal so hevja Spursmaalet upp yver Tvilen att? Ikkje veit me det.
           
- Aa jau, me veit det. Fos oss og for det aalmenne norske Folk er Spursmaalet no som all Tid hævet over Tvil. Og um det ikkje hadde voret det fyrr, so vilde det vera det no etter den 9de Juni. Det finst berre ein Autoritet i dette Landet, som kann gjeva fullgyldige Logfortolkningar. Regjeringi hev sjølv i 1845 sagt, kva det er for en Autoritet. Det er Storthinget.
           
Det er hævet over Tvil, at Kongen ikkje hev absolut Veto.
           
 
Som sagt: Bergens Aftenblad hev vortet stramare i Smaken. Her skal du kjenna -:
           
Vi beder vore Læsere gjøre sig bekjendt med, hvad f. Ex. Blade som Fædraheimen 1) og Verdens Gang serverer sine Læsere ianledning den i og for sig ubetydelige Historie paa Graatenmoen, hvorledes de ved Anvendelse af Ytringer saa lumske og paa samme Tid saa gemene, at vi ikke vil besudle vort Blads Spalter ved at gjengive dem, osfr., osfr.
           
Hr. Premierløytnant R. Sauerzapff forsvarar Premierløytnant Aas, som andre Folk segjer er ein raa Kar, og som iallfall hev vist seg raa i Munnen; - me kann forstaa no, at Premierløytnant R. Sauerzapff forsvarar Premierløytnant Aas -!
 
Teologisk Logikk. Luthersk Kirketidende skriv eit Stykkje um Kristendom og Politikk. Tanken i dette Stykke er, so vidt me hev kunnat sjaa, korteleg den, at daa Kristus ikkje dreiv Politikk, og daa hans Rike ikkje er av denne Verdi, so bør dei kristne no um Dagen - driva konservativ Politikk.
 
Heilage Menn i gamle Dagar gjorde Undergjerningar. Heilage Menn i vaare Dagar kann og gjera Undergjerningar men berre i Logikken.
 
1) At ein norsk Løytnant skulde kunna so mykje Nynorsk - elder Gamalnorsk -, at han skulde kunna deklinera Ordet Fader, - det maa ingen krevja. Fedrh.