Fraa Kristiania.

(Brev til Fedrah.)
                                               
Kristiania 29de Sept.
 
For tvo Dagar sidan vart det meldt for vist at Statsminister Stang hadde søkt um Avskil. Det var knapt mange, som kjende Sorg yver det. Daa Kongen strakst etter kom til Byen den 27de, Kl. 11 ½ -, vart han helsad med Hurrarop, ein Ting, som no sjeldan hender; og kven veit, um ikkje sume av dei, som skreik, gjorde dette av Gleda yver Ministerskiftet?
           
Dei trur, at Kongen ikkje vil negta den gamle Mannen Avskil no. Stang hev køyrt baade seg sjølv og Kongemagti so fast, at Kongen vist vil finna det gagnlegt aa skifta Hestar. Som Stangs Ettermann nemner dei fyrste og fremst Professor Aschehaug. Det er greidt, at det vert ikkje nokot Systemskifte; det kjem til aa gaa nokotsonær i same Duren som fyrr, so me kjem berre fraa Elden og i Oska. Det hev desutan i seinare Tid voret Aschehaug, som i Grunnen hev voret Statsminister. Det, som Aschehaug hev lært, paa Universitetet og i Thingsalen, det hev Regjeringi etter sit beste Vit prøvt aa liva etter. Aschehaug hev voret Moses, Stang hev berre voret Aron. Det er naturlegt, at den Mannen, som hev Magti, fær Ansvaret og. Stang hadde vist aldri vortet saa galen som han hev voret, dersom han ikkje hadde havt Aschehaug til aa setja seg upp.
           
Umframt Aschehaug veit Mgbl. aa nemna Statsraadarne Helliesen og Selmer som Aspirantar elder Søkjarar til Statsministerposten. Helliesen, fordi han er den eldste av Statsraadarne, Selmer, fordi han vil vera godsleg nok til aa taka den Uriasposten, dersom ingen annan vil. Det kunde vera Moro, um nokon av desse Herrarne skulde naa upp til Riksens høgste politiske Post. Det vilde daa visa seg endaa sterkare enn fyrr, at etter det Systemet, som no herskar, skal Norigs Regjering ikkje vera Regjering, men berre Toppen av Embættsstigen. Ein norsk Minister skal ikkje vera Statsmann. Han skal berre vera ein lydig Tenar. Og lydige Tenarar finn Ein nok av no millom Embætsmennerne. Aschehaug og Stang hev lært dei upp. Aa verta Statsraad vert altso berre eit vanlegt Embættsavansement. Ein Mann, som hev voret Skrivar i so og so mange Aar, vert Fut; ein Mann, som hev voret Fut i os og so mange Aar, vert Amtmann; hev han voret Amtmann i nokre Aar og vist seg som ein lydig Tenar so vert han Statsraad; hev han voret Statsraad eit Bil, so vert han Statsminister. Det gjeng som Hjul i ei Klokka. Det er det same, um Mannen hev Vit paa Politikk elder ikkje; er han berre ein veltent Embættsmann og gamall nok, so kan han verta Statsminister, so snart som den Posten vert ledig. Og i den Posten sit han daa, til han vert so gamall, at han ikkje kann meir; for Statsministerposten er det feitaste Embætte i Landet. Det er Ancienneteten, som raar.
           
Politiskt vert det slik Slag. Vert ikkje Aschehaug Statsminister i Namnet, so vert det likevæl han, som stend attum. Og so fær me den same syrgjelege Striden, som me hev havt. Høgrebladi fortel oss det Gong paa Gong. Kongen kann ikkje gjeva etter. Leg Merkje til det; Kongen - -.
           
Morgenbladet segjer med reine Ord, at det ikkje kann vera Tanke um nokot Kompromiss- elder Forsoningsministerium. Den, som skal verta Statsminister no, maa heilt ut gjera seg til eit med den Politikken, som Stang hev ført. Ikkje nokot Vas um Forsoning elder Samarbeide! Krig, Krig paa Kniven.
           
Stortinget vert altso framleides nøyd til aa halda fram med sin Politikk, utan Stans og utan Avslag. I denne Striden maa det koma til ei Greida um, kven det er, som i dette Landet hev det siste Ordet. Vil ikkje Regjeringsmagti vita av Forsoning, so fær ho sjølv taka Ansvaret og Fylgderne. Landet ventar, at Thinget gjer si Plikt.
 
           
Stangs Regjering hev i den seinste Tidi gjort tvo gode Stykkje, som vil vera ei værdig Avslutning av Soga hennar.
           
For det fyrste det, at ho gjekk til Universitetet for aa spyrja etter, um ho hadde det absolute Veto. Folk hev no teket til aa faa ei Njosn um, kor dette hev seg, og naar du høyrer det, vil du væl knapt vita, anten du skal graata elder læ.
           
Det hev fyr voret ein Professor, som ikkje hev trutt paa det absolute Veto; Mannen heiter Fr. Brandt. Men no skal denne Mannen ha skift Meining. Kor slikt gjeng til, kann Ingen forstaa; men sannt skal det vera. Hr. Brandt skal no tru paa det absolute Veto likso væl som Aschehaug og Aubert.
           
No veit altso Regjeringi, at ho kann faa alle Professorerne til aa svara som ho vil. Og daa gjeng ho til Universitetet! Naar ho kan faa Vitenskapen til aa segja det ho sjølv ynskjer, so raadfører ho seg med Vitenskapen; men naar ho er rædd, at Vitenskapen kunde motsegja og avsanna det ho sjølv vil hava fram, - so let ho Vitenskapen vera i Fred. Det gjeld ikkje um aa faa Saki fullt uppklaarad, so Ein kan sjaa, kvat som er sannt og rett; det gjeld berre um aa faa fram sine eigne Ynskje, anten dei so er vise elder galne. Men um Professor Brandt og hans nye Veto-Tru skal me ingenting segja, fyrr me ser.
           
Det andre Storverket, Stangs Regjering hev strævat med i seinare Tid, er aa faa øydelagt Militærkomiteen. Daa ho ikkje kunde faa sin kongelege Kommission istand, burde Komiteen helder ikkje faa arbeida; for det galdt ikkje her um Landsforsvaret og slike Smaating; det galdt for Regjeringi um aa faa Hemn for sit eiget store Fiasko. So ser det iallfall ut.
           
Det hadde vist seg, at Regjeringi ingenting kunde utretta med aa segja Veto her, for Ingen trudde paa dette Vetoet. So gav ho seg til aa bruka Magt mot einskilde Komite-Menn. Ho prøvde paa aa hindra dei einskilde Medlemer i aa faa vera med i Komite-Møti. Som Thingmenn kunde ho ikkje røra dei, naar dei sat i sitArbeid, som Storthinget sjølv hadde paalagt dei; men so prøvde ho aa taka dei som Embættsmenn. Det var Offiserarne i Komiteen, ho prøvde seg med paa denne Maaten; for dei kan ho taka paa Kommando-Veg.
           
General Grimsgaard var det snart gjort aa faa Skikk paa. Han hadde nok som Thingmann voret med paa det same som dei andre; men Regjeringi visste, at Thingmannen Grimsgaard var ein annan enn Generalen Grimsgaard, og dessutan visste ho, at naar han hadde vist seg halvt um halvt regjerings-uvenleg i Thinget, so kom det mest av, at han var tykkjen paa Herstyret, fordi dette ikkje hadde vyrdt hans Ord og Meiningar so mykje som han tottest Rett vera. Det viste seg daa og, at strakst det kom til Aalvor, so gjorde Generalen seg mjuk, skaut seg inn under Kongens personlege Avgjerd og gav Storthingsmann Grimsgaard ein god Dag.
           
Det verste var det, at han hadde sagt i Komiteen, at etter det han hadde snakkat med Statsraad Munthe, so vilde ikkje Regjeringi leggja vondt i Vegen for Her-Nemndi, tvertimot. Men dette kunde Ein negta. Grimsgaard skreiv daa au i Dagbl. og prøvde aa vrida seg fraa det. Men Dagbl. hev sidan kunnat stadfesta at det var sannt, for baade Sverdrup, Frilseth, Bjering, Skaar og Jakobsen, kann vitna, at Generalen hev sagt det. -
           
Me skal ikkje segja meir um dette; for det einaste, som her med Sanning kunde segjast, - - det tek seg ikkje ut paa Prent.
           
So var det Gregersen. Kaptein Gregersen, Storthingsrepresentant for det liberale Romsdalsfylke, var ein Mann, som vilde gjelda for framifraa frilyndt. Han trudde desutan, at han var ein stor Politiker, og han skal hava drøymt um aa skapa eit nytt stort Centrumsparti, som skulde gjera Hr. Gregersen likso megtig som Sverdrup i Politikken vaar. Medrepræsentantarne hans fraa Romsdals Amt hadde derimot spaatt, at Hr. Gregersen kom til aa gjera seg ferdig alt paa fyrste Thinget; so stor Tru hadde dei paa Politikken og Frilyndet hans. Desverre, - det skulde verta dei, som fekk Rett. Det var nok ikkje Gregersen, som var utsedd til aa verta Sverdrups Ettermann og Arvtakar!
           
Fedrh. hev i f. No. fortalt, kor det gjekk med honom i Komiteen. Me skal ikkje taka det upp att; Folk hev visst lagt so væl Merke til det, at dei ikkje gløymer det. Men Regjeringi og hennar Aatferd skal helder ikkje gløymast.
           
Endeleg var det Kaptein Jakobsen. Han hadde ikkje søkt Permission; han hadde fenget Lov til aa bu i Kristiania for Vinteren, og det var ingenting sagt um, kva han vilde gjera elder ikkje gjera i den Tidi. Det var altso mindre lett aa faa Knipetak paa honom. Men Regjeringi hadde fenget Blod paa Tann; hadde ho teket tvo, vilde ho hava den tredie med, og ho trudde ikkje Jakobsen skulde vera stødare enn dei tvo andre. So lagde ho i Veg. Jakobsen vart skræmt med det same som Gregersen: at dersom han vaagad seg til aa vera med i Komiteen, so skulde han verta kommanderad ut. Men Jakobsen var ikkje so dum som den andre; han visste at Ord drep ingen Mann, og han sagde, at han vilde gjera sin Skyldnad som Thingmann, til dess han fekk Kommando-Ordren. Gong etter Gong prøvde det høge Departement paa aa faa skræma Mannen; for Kommando-Ordren hadde dei i Grunnen ikkje Hug paa aa gjeva; men Jakobsen stod paa sitt: han gjekk ikkje, fyrr han fekk Ordre, og tilslutt kravde han Ordren skriftlegt for aa vera trygg. So laut daa Regjeringi til med den skriftlege Ordren. Det var leidt aa maatta bruka so beintfram Magti; det var leidt, at Ein ikkje skulde faa Folk godviljugt med seg, og det var ingen Moro-Leik aa fara fram slik mot ein Storthingsmann, som etter Storthingspaalegg sat og arbeidde i ein Storthingskomite; men Jakobsen var strid og det var ikkje onnor Raad. Regjeringi var komi so langt, at ho kunde ikkje snu. Hr. Jakobsen fekk skriftleg Kommando-Ordre til aa reisa fraa Kristiania, og han reiste. Men han gav inn Avskilssøknad med det same. Naturlegvis var Regjeringi so vrang mot honom som ho kunde. Armekommandoen hadde sjølv gjenget beint til Jakobsen med Ordren sin utan aa bruka den lange Umvegen gjenom Graderne, og so trudde Jakobsen, at han og kunde gaa beint til Kommandoen med sin Søknad; men nei! Han fekk gaa den vanlege Vegen, senda Søknaden til sin nærmaste Overmann og deretter uppigjenom, til ho paa vanleg Vis naadde fram til Departementet. Paa den Maaten vil dei væl hala det ut med aa svara paa Søknaden; kanskje fær ikkje Jakobsen Avskil fyrr ut i næste Aar. Og so lengje han ikkje hev Avskil, stend han under Kommando meiner Departementet. Det er fine Greidur. Militærkomiteen kann dei ikkje faa øydelagt; men so held dei seg skadeslause ved aa vera vrange mot denne einskilde Mannen, som dei hev Magti med, fordi han høver til aa staa under dei som Embettsmann!
           
Det var ikkje greidt for Jakobsen. For honom galdt det ei Livsstilling, som han baade var glad i og som han trong um, og det var ikkje godt aa vita, kva Regjeringi kunde finna paa sidan helder. Men Jakobsen hev havt Mod til aa vaaga alt for aa kunna gjera si Plikt mot Storthinget og mot Landet, og difor skal han hava Æra og Takk av oss alle. Dei segjer han skal snart vera ventande til Byen att for aa vera med i Komiteen som fyrr. So kann Regjeringi prøva seg. Hr. Jakobsen hev i alle Tilfelle frelst Æra si baade som Politiker og som Mann, og det som sidan kjem, kann han daa visseleg taka med Ro.
           
Men det hev Folket lært av desse Ugreidurne, at det er faarlegt og yver all Maate uklokt aa velja Embættsmenn til Thingmenn. Det er sjeldan, at dei vil vera aa lita paa, naar det knip. Dei er altfor avhengige av Regjeringi, og altfor godt upptamde i aa tru som dei vert fyre- sagde. I Tider som desse, daa sjølve Forfatningi stend paa Kast, og daa Regjeringi vert meir og meir paagangande, bør Folket agta seg væl i so Maate. Det maa verta Aalvor i Leiken no.
           
 
Stytta yver Kristian IV vart avslørd i Kristiania den 28 September. Torget var mett med Folk, so nær som den Firkanten ikring Stytta, der sjølve Festen gjekk fyr seg. Kongen kom Kl. 1 og vart helsad med Hurrarop av dei, som var inni Firkanten og av sume utanfor og. Han sette seg i ein Stol, som var uppsett aat honom midt framfor Kristian IV, Musiken spelad ein Festmars av Ole Olsen, eit Sangkor song nokre Vers av A. Munch, og so heldt Ordføraren Advokat Schweigaard Avsløringstalen. Denne Talen var god; for han innehelt ingenting, og det var det einaste, som her kunde høva. So litt Song og Musikk, so eit Leve for Kong Oskar den andre, og so var det slutt.
           
Dei var ein rar Fest. Ikkje Namn til nokot Slag Eldhug elder Uppgløding; stivt og kaldt inne i Firkanten, Flir og Laatt og likesæl Nyfikna utanfor. Folk stod og gjorde Narr av det heile.
           
Sidan var det ein Festmiddag i Logen; det kostad 20 Kr. aa faa vera med. Der heldt dei Talar paa nytt Lag. Men for Kristian IV var det i Grunnen Ingen, som talad. Gamle Løvenskjold gjorde nok ein Tale, som skulde handla um Grunnleggjaren av Byen, men daa det kom til Stykket, so lyfte han Skaali til Minne um Kristiania Grunnlæggelsesdag.
           
Tenkje seg til: aa reisa ei Stytte paa mange tusund Dalar yver ein Mann, som Ein i sjølve Avsløringsfesten knapt nok hev Mod til aa nemna!
           
Det er aalkjent no, at Kristian var ein liten Mann, og ein Mann, som ikkje var vidare gagnleg for sine Land og Rikje. Med sine galne Krigar og sine mange ukloke Regjeringstiltak armad han Landi sine ut, tapad dessutan heile Provinsar. I sitt private Liv var han raa og vill. Han drak som ein Sjauar og hadde utrulegt mange baade Kjeringar og Ungar. Han hadde ein urimeleg Sans for Smaating og vilde gjerna tena Pengar; det var det mest merkjelege ved honom. Og so vilde han gjerna kalla seg sjølv upp. Han bygde Borgar og Byar, som alle maatte beita nokot paa Kristian. I Norig var det tvo Byar, som fekk den Æra aa bera hans Namn; den eine av dei Byarne var ny, det var Kristianssand; den andre var gamall og hadde Namn fyrr Oslo -; men heiter etter den Tid Kristiania.
           
Til Takk for den Æra, gamle Oslo paa den Maaten fekk njota, er det, at Kristiania no reiser ei Stytta yver Kristian Kvart. Nokot annat kann det ikkje vera.
           
Det er daa vel ingen som kann tru, at ikkje gamle Oslo av seg sjølv hadde kunnat veksa seg likso stort og gildt, som det Kristiania, denne Kongen lagde Grunnen til! Dei segjer at Oslo hadde ikkje Rom til aa veksa. Var daa ikkje Kristianiadalen likso breid daa som no? Skapad Kristian ein ny Dal? Flutte han Fjelli, liksom Ein kann flytja Stolarne paa eit Stovegolv?
 
Aa nei. Ein By veks og minkar, ikkje etter eit Kongebod, men etter som han hev mykje elder lite aa liva av. Er det sant, at Kristiania ligg so makalaust godt for aa verta ein Storby, so er det og sannt, at han hadde vortet like stor, um han hadde heitt Oslo.
           
- Nei, det er dette her med den Æra: det er so gildt aa vera uppkallad etter ein Konge, um Kongen no ikkje er so rar, dessmeir. Det er den Æra, som hev kostat Kristianias Skattebetalarar so mange tusund blanke Krunur som dei kunde havt Bruk for til mange andre Ting! og det er den Æra, Norigs Hovudstad hev aa takka for, at han heretter skal faa visa fram for alle, som kjem, Bilætet av denne digre Styggjingen, som me ikkje veit stort annat enn armt og daarlegt aa fortelja um, og som Europa kjenner likso lite til som til Kong Ding-Dang av Mongolia!
           
Det er merkjeleg Æresans, me hev der upp i dette landet. Men aliquid er noget, som Klokkaren sagde og ein fær ikkje mæla Smaafolk med vaksen Manns Maal.
           
Men der ligg nokot meir i denne Hyllning av den gamle danske Landsfaderen. Morgenbladet hev toskat ut med det paa sin Maate, naar det fortel, at Dansketidi er den eneste Periode af vor Historie, til hvilken den nulevende Generation kan føre sine Familietraditioner tilbage. Det er den gamle Danmarks-Elsken som enno hev voret sterk nok til aa segja seg eit Merke. Og so den nyare Skandinavismen. Og endeleg sist, men ikkje minst den djupe, halvløynde Kjærleiken til det landsfaderlege Einevelde. Det er ikkje for ingen Ting, at dei absolute Veto-Menn reiser Styttur yver Kristian Kvart just i desse Tider. -
 
Fleire gode Borgarar skal ved dette Tilhøre ha vortet utnemnde til St.-Olafs-Riddarar, - Andr. Munch endaa til Kommandør. - Kvar hev no sin Maate aa verta namngjeten paa, og ein tru Tenar er si Løn verd. Me ynskjer Andreas Munch til Lykka!