Columba.

[Del 9 av 28. Fyrste delen]
 
Korsikansk Forteljing etter Prosper Mérimée.
                         
VIII.
           
Der er altid noko høgtidelegt ved aa skiljast, endaa um det berre er for ei stutt Tid. Orso og Syster hans skulde fara tidleg um Morgonen, og Orso hadde alt tekje Farvæl med Miss Lydia; for han hadde ikkje Von um, at ho for hans Skuld vilde gjera noko Undantak i Latmannsvananne sine. Dei hadde sagt kvarandre Farvæl kaldt og aalvorlegt. Etter den Samtala, dei hadde havt ved Havstrondi, hadde Miss Lydia vore rædd, at ho hadde synt ein altfor varm Samhug med Orso, og Orso paa si Sida minntest altfor væl dei spottande Ordi og meir enn alt den lette Tonen, ho hadde brukt. Ein Gong hadde han trutt, han saag Merke til ei spirande Kjensla av Kjærleik hjaa den unge Englenderinna; no var han modlaus etter all Skjemten hennar, og sae til seg sjølv, at for henne var han nok berre ein vanleg Kjenning, som snart vilde vera gløymd. Storleg forundra vart han difor um Morgonen, daa han sat og drakk Kaffe med Obersten, og saag Miss Lydia stige inn, i Fylgje med Columba. Ho hadde stae upp Klokka 5, og for ei Englenderinne, for Miss Nevil meir enn alle, var dette eit so stort Tiltak, at han nok kunde vera litt kaut ved det.
           
Det var leidt, De skulde uroast so tidleg sagde Orso. Det er væl Syster mi, som hev vekkt Dykk, tvertimot mitt Ord og Paalegg, og De vil væl snart ynskje oss dit der Peparen gror. Kann hende ynskjer De alt, at eg var hengd?
           
Nei, sa Miss Lydia laagt og paa italienskt, tydeleg for at ikkje Obersten skulde skyna det. Men igaar var De tykkjen, fordi eg dreiv litt Skjemt, og eg vilde ikkje, De skulde fara avstad med eit leidt Minne um ein Ferdakammerat. For fæle Folk de er, Korsikanarar! Farvæl daa, paa snarleg Attersyn, vonar eg. Ho gav han Haandi.
           
Orso kunde berre svara med ein Sukk. Columba kom burttil han og drog han med seg burtaat eit Vindauga, synte han noko, ho heldt under Mezzaroen og snakka ei Stund laagt med han.
           
Syster mi, sae Orso til Miss Nevil, vil gjeva Dykk ei underleg Gaave, Frøken; men me Korsikanarar hev ikkje stort aa gjeva . . . utan Venskapen vaar . . . som aldri sloknar. Columba segjer, at De hev set paa denne Dolken. Det er eit Ervestykkje i Ætti. Kann hende hev det eingong hengje i Belte aat ein av desse Korporalanne, som eg hev aa takke for Kjenskape med Dykk. Columba held Dolken so gjæv, at ho hev spurt meg um Lov til aa gjeva Dykk han, og eg eg veit ikkje um eg skal svara ja; for eg er rædd De berre vilde gjera Narr av oss.
           
Dolken er framifraa, sae Miss Lydia, men det er eit Ættevaapen, eg kann ikkje taka imot han.
           
Det er ikkje Dolken hans Far, sae Columba livlegt. Ein av Godfedranne hennar Mor fekk han av Kong Theodore 1) . Vilde Frøkni taka imot han, gjorde ho oss ei stor Gleda.
           
Dolken aat ein Konge vil De ikkje vanvyrde, Miss Lydia, sa Orso.
           
For ein Samlar er Leivingar etter Kong Theodor uendeleg mykje meir verde enn um det var etter den megtigaste Herskaren. Fristingi var sterk, og Miss Lydia tenkte seg alt, kor gjild denne Dolken vilde vera aa hava liggjande paa eit Bord i Stova hennar paa St. James-plassen. Men, sae ho og tok Dolken, tøvrande, liksom Ein, som nok gjerne vil taka imot ein Ting, men ikkje rett veit um det gjeng an, - men, kjære Førken Columba ho vende seg til Columba med sin fagraste Smil eg kann ikkje . . . eg vaagar ikkje aa lata Dykk fara avstad vaapenlaus.
           
Bror min er med meg, sae Columba byrgt, og me hev den gode Byrsa, som Far Dykkar gav oss. Du hev væl ladt med Kule, Bror?
           
Miss Nevil gjøymde Dolken, og Columba kravde ein Sou (Skilling) i Betaling, daa det var faarlegt aa gjeva burt Stikke- elder Skjærevaapen til Venenne.
 
No laut dei fara. Orso tok endaa ein Gong Miss Nevil i Handi; Columba kysste henne og baud so sin roseraude Munn aat Obersten, som stod heiltupp fjetra yver denne korsikanske Helsingsmaaten. Fraa Glase saag Miss Nevil Bror og Syster stige til Hest. Augo aat Columba glima av ei vond Gleda, som Miss Lydia ikkje hadde lagt Merke til fyrr. Denne store sterke Kvinna, som blindt bøygde seg for sine ville Tankar um Æra, - som, med Byrgskap lysande fraa Panna, med Munnen uppdregjen til ein sardonisk Smil, burtførde denne unge Mannen, væpna som til ein myrk Daad, - alt dette kalla henne til Minnes det Orso hadde spaatt, og ho trudde, ho saag den vonde Aanden hans, som førde han mot Avgrunnen. Orso sat alt paa Hesten; han lyfte Hovude og saag henne. Anten han no gjeta Tankjen hennar, hell han vilde segja endaa eit Farvel, so treiv han den ægyptiske Ringen, som han hadde bunde i eit Band, og førde han upp til Lippunne. Miss Lydia raudna og gjekk burt fraa Glase; daa ho mest strakst etter gjekk attende, saag ho dei tvo Korsikanaranne fara avstad i raskt Tvisprang paa dei smaa Hestanne sine og taka Vegen mot Fjelli. Ein halv Time seinare synte Obersten henne dei gjenom Kikaren, som dei foor langs Botnen av Viki; ho saag daa at Orso ofte vende Hovude mot Byen. Han kvarv endeleg burt attum Myranne, som no hev maatt ryme for ei væn Tresetning.
           
Daa Miss Lydia saag seg i Spegelen, fann ho, at ho var bleik.
           
Kva maa den unge Mannen tenkje um meg, sae ho med seg sjølv, og eg, kva tenkjer eg um han? Og kvifor tenkjer eg paa han? . . . Ein Ferdakjenning! . . . Kva vil eg i det heile paa Korsika? . . . Aa, eg elskar han ikkje . . . Nei, nei; det er daa og umoglegt. . . . Og Columba . . . Ei voceratrice til Versyster . . . som gjeng med ein stor Dolk! Ho vart var, at ho stod med Dolken aat Kong Theodor i Handi og kasta han paa Pynteborde. Columba i London, paa Ball! Det vart ei Løva aa syne fram! Ho gjorde Stormlykke kanhende . . . Han elskar meg, det er eg viss paa. Det er ein Romanhelt, som eg hev stansa paa hans Eventyr-Veg . . . Men skulde han verkeleg tenkje paa aa hemne Far sin paa korsikansk Vis? . . . Han var ein Millomting millom ein Conrad 2) og ein Dandy . . . . Eg hev gjort han heiltupp til ein Dandy, men ein Dandy, som ein korsikansk Skræddar hev skore Klædi aat.
           
Ho kasta seg paa Sengi og vilde sova, men det var raadlaust. Eg vil likevel ikkje herma meir av Einetala hennar, men berre fortelja, at ho hundra Gonger sae til seg sjølv, at Hr. della Rebbia ikkje hadde vore og aldri vilde verta noko for henne.
 
1) Baron Theodor von Neuhof (fraa Westfalen), Konge paa Korsika fraa 1736-38.
 
2) Helten i Korsaren av Byron.
           
           
 
[ Meir]