"Lat inkje Folket faa for mykje av Kunskap og Sjølvstyre".

[Del 1 av 3.]
 
Der stod ein av Dagarne i eit Blad, at dei i Frankrike held paa og vil senda 150 Tunnur Sild til Norig. I eit annat Blad saag eg, at dei i Amerika, Minnesota trur eg det var, vil senda Smør til Norig, og at dei trur detta skal løna seg godt. Slikt er aa selja Braud til Bakaren. Men er det ikkje Bakarens Skuld, at Folk byd fram Braud til han? Det skulde vera trøysamt aa vita Grunnen til slikt, for Norig skulde nettup vera godt lagad fyr Feavl, og Sildi vaar hev voret med dei beste Rikdoms-Kjeldurne vaare. Ja, hade du icke din sill, hvad dugde då Norge väl til? segjer Svensken. Skal me no kaupa slike Varur, kann me likso godt stengje Budi og fara til Amerika alle ihop.
           
Mange Storhandlarar og Fabrikeigarar og einkvar Embættsmannen og ein skulde inkje tru det -, meinar at det stend so laakt til, fyr di Aalmugen i den seinaste Tidi hev fenget reint for mykje Upplysning. Aalmugemannen skal inkje læra aa skriva og reikna, men han skal læra Luthers Katekismus, allvist Hustavla, so han kann lystra sin Herre med Frygt og Bæven, inkje lyfta Hugen sin upp mot nokot, som er stort og fagert, berre slita og slæpa fyr liti Løn, med laak Kost og jammerlegt Husvære, og naar so Fabrikeigaren hev brukt han ut, so skal han koma paa Kassa, so eg og du kann vera med aa betala fyr han. Daa, meinar Fabrikeigaren, naar han hev vortet heiltupp jordvendt, daa skal han arbeida so det knakar. Difyr er no mange i Byarne hatige paa Stortinget, fyr di det vil koma med ei ny Skulelog fyr Byarne, Upplysningi er reint for stor fyrr, segjer dei; vert ho endaa større, fær dei inkje Arbeidsfolk. Stortinget veit aa spara paa alle andre Ting, men gjeld det um Upplysning, so er det raamust, segjer dei, for Stortinget er berre eit Bonde-Storting og vil ikkje det, som kann vera til Bate fyr Storhandlarar og Fabrikeigarar, segjer dei.
           
Eg veit det, at det hender, at Foreldri inkje vil lata Sønerne sine taka Midelskule-Examen, for daa hev dei verre fyr aa faa seg Plass. Ein skulde tru, at ein betre lærd Gut hadde lettare fyr aa faa seg Plass en ein, som er litet lærd, men det gjeng nok inkje altid so. Handelsmennerne, som litet hev lært sjølve, vil tidt helder hava Gutar med liten Lærdom og smaa Krav, som dei kan løna med 5 elder 10 Krunur Maanaden paa eigen Kost; slikt kann inkje ein godt lærd Gut lata seg lita med. Paa den Maaten er ein Gut tidt uppraadd med den Kunnskapen, han hev fenget paa Skulen. Men slik Økonomi, aa halda billege og litet kunnande Folk, er inkje av det gode; det er slikt ein kallar passiv Økonomi, det vil segja, aa faa Budgettet til aa gjeva Yverskot paa den Maaten, at ein kniper paa Skillingen, naar ein kan sleppa til. Men dette er den reine Fatigmanns-Økonomi og duger inkje fyr Forretnings-Folk, soframt det inkje kjem nokot annat til den aktive Økonomi, som gjeng ut paa aa faa Yverskot ved aa tena meir. Denne legg Umtanke i Arbeidet, infører betre Maskinur og brukar klokare og betre lærde Arbeidsfolk og vil reikna ut korleids han skal faa selt Varurne sine til rette Tid og paa rette Staden. Slik ein Forretningsmann vil seint elder tidleg vinna paa den, som inkje kann annat enn spara og knipa og fila paa Skillingen, og me tek alt til aa merka det og. Det er inkje lenger so let aa faa selt Klippfisken og Turrfisken, som me lagar til, kann eg tenkja, paa same Visi som paa Harald Haarfagers Tid, og snart kjem vel den Tid, daa andre Folk kauper upp vaar Fisk og lagar til slik Mat, som dei vil eta i Utlandet, og daa kjem me kan henda til aa kaupa vaar eigen Fisk att. Sameleids er det Faare fyr det kjem til aa ganga med Sildi vaar og; 1) andre Folk byggjer no store Eim-Skip (og Seglskip) av Jarn, og me held endaa paa med dei gamle Segl-Skipi av Tre, allvisst paa Austlandet. Men paa denne Maaten kjem det inkje til aa drygja lenge, fyrr me, som fyr nokre Aar sidan hadde so stor Handelsflaate, at me var Nommer tri, kjem langt ned. (So hev det alt gjenget med den italienske Handelsflaaten). Det vil hjelpa litet daa, at me kniper paa Arbeidsløni fyr dei, som byggjer Skuturne, og set ned Hyra fyr Matrosarne, so me kann sigla billegt; det vert berre større og større Armdosdomen paa den Maaten, og vaare 8000 Flag og dei 50,000 Mand om Bord, som bær Norge i sin Bøn rundt Jord, vert daa berre ei gamal Segjande-Segn. Alt no tek engelske og jamvæl danske og svenske Eim-Skip Routarne fraa os, og me kann inkje fragta vaare eigne Utvandrarar til Amerika dessmeir.
           
So gjeng det, naar passiv Økonomi og litet Upplysning og Trongsyn og gamal Vane skal vera dei Magter, som raader fyr Framstiget.
                                                           
( Meir.)
 
1) Paa Vestlandet hev dei no fenget upp Augurne fyr detta.