Utlandet.

Dæ dreg i Hop til Uver ute i Evropa - i Tyrkerrike kann ein vita. Etter Raadavgjerdi av Stormagterne skulde baade Grekland og Montenegro faa Grensesteinarne sine utflutte. Men Tyrkarne hev naudleg vilt gjera dæ. Magterne hev skrive Notar, men dæ hev ikkje mona. No for ei Tid sidan sagde dei so, at Montenegro innan 20de Septbr. skulde hava Byen Dulsigno, ellest vilde dei bruka Magt. Ja Tyrkarne lova dæ, men Magterne sende likevæl kvar sine Krigsskip av Stad, til aa vera viss paa, at dæ vart gjort. Tyrkarne drog au ut, men so smetter i Staden deira ein Flokk Albanar inn i Byen, og Tyrkarne hindra deim inkje. No hev Albanarne (mange av deim), endaa dei er skylde Grækarne, tekje Mohameds Trui, og daa dei er nyare i Trui en Tyrkarne, held dei so mykje fastare ved henne og meiner, Gud kann ikkje vilja, at dei vantruande (kristne) skal taka land fraa Allahs eigne Born. Dei er reine Fanatikarar, og segjer nei, naar den engelske Admiralen og no ogso Tyrkar-Gjeneralen (Risa Pasja) byd deim aa fara bort fraa Dulsigno. Slik stend det no, so fær me vel strakst høyra, om dæ ber laust for Aalvor elder dæ bryt av denne Gongen au.
           
Dei segjer ellest, at England, som fyrr mest heve hjelpt til aa halda Liv i den sjuke Mannen, som dei hev kalla Tyrken i 30 Aar, no er like sæl, som han andast. So spyrst dæ daa berre om dei kann verta samde om dæ, som er etter honom. Men det er vel mindre Von. Austrike-Ungarn, som no heve gjeve opp Trui paa aa faa meir aa segja i Tyskland, skjeglar austyver. Han smaka godt, den Biten, dæ fekk for eit Par Aar sidan (Bosnia og Hersegovina, som Tyrkland maatte gjeva fraa seg), og dæ er fullt paa meir. Dæ hev Tyskland og kanskje Italia med seg, men Rusland, som no i mange lange Aar heve tenkt seg vera den rette Arvtakaren, vil ikkje gjerne gjeva opp den Tanken, og dei segjer dæ godsnakkar med England og Frankrike, so dæ kann faa deim mæ paa si Side. Frankrike bryr seg lite om den orientalske Greida, men so hev dæ eit Ord aa segja Tysken, so kunde dæ verta oppgjort mæ dæ sama. England heve kanskje ikkje noko imot aa faa lite meir Land av dæ tyrkiske i Asia (dæ er ikkje so lenge sidan, dæ fekk Kypern). So dæ kann nok henda, her vert sterkt mot sterkt.
           
I Frankrike heve Fyrste-Riksraaden Freycinet gjeve fraa seg Styre. Ettermannen hans er Ferry, som fyrr heve vore Riksraad for Skulestelle. Den fyrste vilde ikkje vera streng mot Jesuitarne og dei andre Prestesamlag.
           
Gladstone, som heve voret sjuk, er no god att og kann taka Hand mæ i Politiken.