Utanfor Live.

[Del 5 av 5. Fyrste delen.]
 
(Den Spitelske fraa Aosta av Grev Xavier de Maistre).
                         
(Slutten).
           
(Sjukingen:) Ynksame Framande! Gud fri Dykk fraa nokonsinn aa verta nøydd til aa liva aaleine! Syster mi er ikkje meir; men Himmelen vil gjeva meg Kraft til aa bera Livet som ein Mann, for det bed eg um av alt mitt Hjarta.
           
Hermannen: Kor gamall var Syster Dykkar, daa De miste ho?
           
S. Knapt 25 Aar; men Sjukdom og tunge Dagar hadde gjort, at ho saag eldre ut. So vond enn den Sjukdomen var, som tok ho fra meg og som hadde vanstellt Anlite hennar, vilde ho endaa vore fager, dersom ho ikkje hadde vore so forfælande bleik; ho var eit livande Bilæte av Dauden, og eg kunne ikkje sjaa det utan eg laut sukke.
           
H. Altso berre reint ung -!
           
S. Ho var for veik og fin, ho kunde ikke uthalda so mykje vondt paa ein Gong. Um ei Tid kom eg etter, at det nok ikkje var Raad aa avvende Ulykka, og Lagnaden hennar var so tung, at eg var nøydd til aa ynskje Enden. Etter som eg saag ho tærast burt og vesna, lae eg med ei myrk Gleda Merke til, at Lidinganne hennar snart var til Ende. Alt i ein Maanads Tid hadde eg set ho veikne meir og meir burt; ho daana alt i eit, og eg visste aldri rett, um ho skulde vakna att. Ein Kveld i Fyrstningi av August saag eg ho var so magtlaus, at eg ikkje vilde ganga fraa ho. Ho sat i Armstolen, daa ho i fleire Dagar ikkje hadde kunna halde ut aa liggje. Eg sette meg attmed henne, og i det djupaste Myrkre hadde me siste Samtala vaar. Taarunne mine vilde ikkje stanse, og eit tungt Hugbod uroa meg. Kvi græt du so? sae ho; kvi vil du syrgje so? eg gjeng ikkje ifraa deg, naar eg døyr; eg vil vera nære ved deg, naar du hev dine vonde Rider.
           
Ei Stund etter bad ho um aa koma ut i Hagen; ho vilde beda i Nattelunden, der ho bruka aa halde til Mesteparten av Sumaren. Eg vil sjaa Himmelen, mea eg døyr, sae ho. Eg trudde likevæl ikkje, at den siste Stundi var so nær enno. Eg tok og lyfte henne upp i Armanne mine. Berre styd meg uppe, bad ho, eg hev enno Kraft til aa gange. Eg leidde henne sagte burt til Lunden og laga eit Sæte aat ho av turre Blad, som ho sjølv hadde samla; eg lae eit Slør yver ho for aa verja ho mot Doggi, og sette meg med Sida av ho; men ho ynskte aa vera aaleine med sine siste Tankar. Eg gjekk til Sides, men passad væl paa henne. Eg saag, kor Sløre hennar lyfte seg ender og daa, og kor dei kvite Hendenne lyftest mot Himmelen. Daa eg nærma meg burtaat Lunden, spurde ho meg etter Vatn; eg bar det til ho i Bikaren hennar; ho vætte Munnen, men kunne ikkje drikke. Eg kjenner, det ber mot Enden, sa ho og vende Andlite burt. Torsten min vil snart vera sløkt for all Tid. Hald meg uppe, Bror; hjelp Syster di aa koma gjenom denne ynskte, men grysjelege Gjenomgangen. Hald meg uppe; les Bøni for dei Døyande. Dette var det siste, ho sae til meg. Eg studde Hovude hennar inn til Brjoste mitt og las upp Bøni for dei Døyande. Gakk inn i Æveheimen, kjære Syster, sae eg til henne; gjer deg laus fraa Live; lat denne jordiske Hamen etter deg i Armanne mine? I tri Timar heldt eg henne slik uppe i denne siste Striden, endeleg slokna ho i all Fred, og utan Kamp foor Sjæli hennar fraa Jordi.
           
Ved denne Enden av Forteljingi lae Sjukingen Henderne for Andlite; Medkjensla gjorde den Framande maallaus. Etter ei Togn stod den Sjuke upp. Framande, sae han, naar Sut hell Modløyse tek Dykk, so tenk paa Einbuen i Aosta; daa vil de endaa hava Gagn av, at De gjekk inn her.
           
Dei gjekk saman ned til Hageporten. Daa Offiseren skulde til aa segja Farvel, drog han paa høgre Hansken. De hev enno aldri haandtekest med nokon, sa han; gjer meg no den Gleda aa taka mi Haand; det er Haandi aat ein Ven, som hev hjarteleg Samhug med Dykk. Sjukingen skvatt eit Par Stig att Ende, liksom fælen, so lyfte han Augo og Henderne mot Himmelen. Du allgode Gud! ropa han, dyng dine Vælsingningar yver denne hjartegode Mannen!
           
So gjer meg ei onnor Gleda, svara Framandkaren. Eg maa fara; lange Tider kann gange, fyrr me ser kvarandre att. Kunde me ikkje med naudsynleg Varsemd skrive til kvarandre ender og daa? Slikt eit Samband vilde vera til Tidtrøyte for Dykk og til stor Gleda for meg. Sjukingen tenkte etter ei Stund, so sa han: Kvifor vil eg gjera meg noko Slags Tankar. Eg bør ikkje hava Lag med andre enn meg sjølv, og ingen annan Ven enn Gud; me skal sjaa kvarandre att hjaa honom. Farvæl, ædle Mann; vert lukkeleg . . . lev væl for all Tid! Den Framande gjekk. Sjukingen leet att Døri og skaut Loka fyre 1) .
 
1) Sjukingen livde endaa 6 Aar, etter at han hadde tala med de Maistre. Han døydde i Taarne sitt den 13de December 1803, 52 Aar gamall. Ein kann lesa i Ministerialboki: S. S. Maurice et Lazore: Guasco Petrus Bernhardus, lepris affectus, filius Lazari, obiit 13 dec. 1803. Han livde 13 Aar, 5 Maanadar og 21 Dagar i Taarne.