Kva er dæ for ein Framgangsmaate, som mest verkar til Fall for Kongedøme og Innføring av Folkedøme?

Ein og annan tykkjer vel, at detta Spursmaale er underlegt, anten av di han meine at der er noko opprørskt og veltelysta (revolusjonært) i dæ, eller av di han ikkje kann tru, at dæ alt skulde vera Tale om aa faa bort Kongedøme og faa innført Folkedøme, so dæ berre var Spursmaal om den Maaten, som snøggast kunde faa dei tvo Styreformerne ombytte mæ einannan. Om dæ fyrste vil me berre minna om, at dæ er ikkje Meiningi mæ detta Stykkje aa eggja opp til Omvelting, men aa vara deim, som skundar fram slik ein, og dermæ lyt Lesaren roa seg so lenge.
 
Om dæ andre, so er me ovleg leide for, at allerhelst dei som styra, ikkje kann skyna, at dæ ligg i Tidi aa faa fellt Kongedøme og faa Folkedøme i Staden. Liksom ein some Tider kann kjenna, at dæ er Tore i Lufti, endaa ein ikkje veit, kor snart eller kor hardt ho kjem, so kann ein i denne Tidi skyna, at dæ ber imot Falle for Kongedøme, endaa ein ikkje veit kor snart, eller kor braadt dæ skal ramla.
           
Den Aand, som er i Tidi, syner os, kva for ein Veg den ustanselege Straumen gjeng. Dæ er ikkje ovleg lenge sidan, at dei tenkte Kongen var baade heilag og naudsynleg, og om nokon hadde sett fram Tanken om aa faa bort Kongedøme, hadde dei kalla honom gudlaus og faarleg, og han hadde ikkje fengje den minste Tiltru. No er dæ ikkje so meir. No held dei for, at Kongen er ei syndig Menneskje, liksom andre Aander, omkledde mæ Kjøt, og dæ som verre er, mange meina, at Konge-Styre er mykje klenare enn Folke-Styre, og dei som meina dæ vert fleire og fleire til kvart Aar, om ikkje til kvar Dag, som gjeng. Naar dæ er Snakk om Minking av Hær-Tyngslerne og større Velstand hjaa Folki, naar dei heldt Fred mæ kvarandre og fekk kaupa og selja fritt mæ kvarandre, so fær ein jamt dæ Svare: dæ vert ikkje noko av, fyrr me faa Republik, for Kongen vil leggja ei endaa tyngre Byrd paa oss, og han heve Medhald av dei store, for dei vil hava dei store Lønerne sine. So segjer Aalmugen, men me ser herav, kva Fleirtale av Folke tenkjer. Den same Mistru til Kongedøme og Tiltru til Folkedøme kann ein faa høyra, naar Røda er om Gjenomføringi av andre nyttige Betringar, som hjelper til den rolege Framgang, men sannt aa segja høyrer ein denne Mistru og Tiltru oftast og aalvorlegast, naar ein talar om den kjære Fred og om Hærstelle, som baade yngre og eldre er sinte paa, og denne Tala er vorti sterkare og sterkare i dei siste Aari. Herav kann me tydeleg sjaa, at om eit Styre driv igjenom Logjer, som aukar Militær-Tyngslerne, so er dæ ein Maate, som vil hjelpa til, at Folkedøme vinn fram. No vert Hjarto meir og meir kalde for Kongedøme, og varmare og varmare for Folkedøme, men denne Kjensla er roleg, ho kjem ikkje fram i Gjerning. Vert dei Tyngslerne, som ligg paa Folke endaa tyngre, so vert den indre Drifti stridare og kjem til aa faa ei ytre Form. Om den vert roleg eller dæ bryt ut, dæ maa Framtidi syna.
           
Noko anna, som likso mykje gneg paa Roti til Kongedøme er dæ, at eit Styre jamnt segjer nei til Logjer som dei folkevalde heve vedtekje til Gjenomføring av vigtige Betringar. Detta er so naturlegt og like til, som at tvo og tvo er fire. Den som arbeider mot ein strid Straum og vil stansa honom, han kan nok for ei Stund faa honom til aa standa still, og Born er ikkje rædd for detta, men vel vituge vaksne, for dei veit, at Styrken aukar, og han vil tilslut brjota ne Demmorne og gjera mykje større Skade, en om dæ ikkje hadde vorte sett nokor Demme mot heile Straumen, dei veit at den, som gjeng imot Straumen, snart kjem til aa bliva, men at den som freistar aa lempa seg og halda seg oppe, lenge vil kunna berga seg. Ein slik Strid mot Straumen heve nok ikkje dæ svenske Styre freista, men dæ norske, er dæ ikkje fritt for, heve gjort dæ. Di er dei au meir høgmælte i Noreg en i Sverige til aa vedkjenna seg Trui paa Republikken, og di meiner dei, som ellest er Vener av Styre, men som agta paa Tidi og den megtige Folkeaandi, at dæ norske Styre vilde hava tekje klokaste Luten, om dæ hadde gjengje mæ paa den Grunnlogsendringi, som dæ norske Stortinge hadde tekje, og som der er skrive so mykje om og dæ sama tykkja me au. Me er glad i Freden paa alle Kantar, ogso Freden millom Styre og Folk, og me likar dæ ille baade at Styre set seg hardt imot dæ Krave, Folke gjer, paa vigtige Betringar i Rikstelle, og ogso om nokon uvyrde krev Innføringi av Folkedøme. Men me veit, at dæ siste er mindre faarlegt, for dæ heftar meir en dæ skundar paa ein braad Omstøyt, dæ fyrste derimot aukar Krafti i Straumen, so at dæ visst nok gjeng för fort.
           
Me veit au, at Tidi snart er der til at Kristendomen skal vinna Siger paa Jordi, so dæ vert gjort av baade mæ Statskyrkja og Kongedøme og andre heidne Etterleivor, og difor er me ikkje av deim, som vil bruka Magti til aa faa me korkje dæ eine eller dæ andre. Me veit at dæ gjeng likevæl, og at dæ ikkje kann ganga onnorleides. Me vil berre vara baade dei stride Partarne, som er so framfuse at dei ikkje sjaa sin eigjen Bate, og beda deim som stend høgt: Stell dykk so mæ Folke, at dei, om de stend attmæ, ikkje er rædde, men segjer dæ, dei tenkja, og lat Folksens Tanke verta kjend paa høgaste Staden, for dæ er altid baade for Far og for Born betre, at Far steller seg slik med Borni, at dei vaaga segja honom Tankarne sine og let honom faa vita, hose dei liva, en at dei skal tigja still, eller i Ord og Gjerning skrymta, naar han til Stadar, og berre for andre syna seg slike dei er.
 
P. N.
 
1)