[Her-Nemndi hev teket til med Arbeidet sitt.]

Kristiania, den 24de September.
 
Her-Nemndi hev teket til med Arbeidet sitt.
           
Grimsgaard, som er General, og som godt forstend, kor naudtrengd ei ny Her-Ordning er, vil ikkje vera med i Nemndi, utan han fær serskilt Lov av Kongen. So kann daa alle sjaa, kva den Mannen bryr seg mest um. Baade som Embettsmann og som Stortingsmann skulde han fyrst og fremst sjaa etter, korleids han best kunde tena Landet, og Hr. Grimsgaard veit, kva Landet i denne Vegen treng. Han veit det betre enn dei fleste.
           
Men um honom kann Ein meina kva Ein vil. Han hev sjølv sagt, at han ikkje forstend seg paa Politikk, og det hev han vist er sannt. Han fær dømast deretter, - ikkje som Statsmann, ikkje som General, ikkje som Stortingsmann, men som Kongens Tenar og Hoffmann.
           
Verre er det med Hr. Kaptein Gregersen, Thingmann fraa Romsdals Amt. Han hev fyrr faret med aa vera liberal og bondevenleg; han var daa og med i Komiteen og vedtok denne Saki, like eins i Thinget, og endeleg kom han inn no for aa vera med endaa Permissionen hans lydde paa, at han berre skulde vera her i private Anliggender -; han møtte fram i Nemndi og syntest vita væl, kva han vilde. Han skal endaa ha lovat paa, at dersom Regjeringi vilde prøva aa tvinga honom ut, so vilde han strakst søkja Avskil. Slik Kar var Kaptein Gregersen. Men 2-3 Dagar etter dette kom han og sagde, at no vilde han ikkje vera med! Var det hendt nokon Ting? Nei; Regjeringi hadde endaa ikkje gjort nokot; Regjeringi hadde berre konferert, snakkat paa, at det og det vilde ho gjera, dersom han vaagad det og det, o. s. fr., og so hadde tilslutt den store Politikkeren og Fridomsmannen Kaptein Gregersen vortet fælen og tenkt med seg: nei, det er nok best eg stikk Pipa mi i Sekken.
           
So gjeng Ordet. I alle store Drag skal det vera heilt upp sannt og vel so det.
           
Hermed er denne Mannen politisk færdig. Alle, som kjenner til Saki, segjer, at Hr. Gregersen hev faret baade ufint og uklokt aat, ja reint ut jammerlegt. Det er vel so, at han ikkje vil verta so svært mykje tregad elder saknad; men det at han sveik no, just i ei Aalvors Stund, det gjer, at Folk vil leggja Merke til det.
           
Hr. Gregersen hev ikkje vunnet meir Tiltru i det andre Partiet helder ved dette. Det er ikkje slik Framferd, som vekkjer Tillit. Dei Menn uppi Romsdalen, som i Thingvalstidi spaadde, at Hr. Gregersen vilde gjera seg ferdig alt i fyrste Session, fær vist Ret. Og det vert knapt nokon Ting av med det Centrumsparti, som Hr. Gregersen skal hava drøymt um aa faa istand mot Sverdrup.
           
Kaptein Jakobsen, som ikkje let seg skræma av Ord, hev uttalat, at han er med i Nemndi, til dess Regjeringi kommanderar honom ut. Og det, kunde det henda, Regjeringi vilde tvila litt paa aa gjera.
           
Velde er etter eit Telegram meint paa aa reisa hit den 7de i neste Maanad. Mgbl. hev meint paa, at han ikkje tenkte paa aa koma; men gamle Velde er vist ikkje den, som sviker. Prøver Regjeringi paa aa negta honom Permission fraa Lensmannsembætte hans, so er Velde Mann for aa gjera som Ueland i 1854; - Ole Velde er ikkje Trønderhøvdingen for ingen Ting.