["Ingen, ingen Moders Sjæl kan slaa tilgavns en Død ihjel"]

Ingen, ingen Moders Sjæl kan slaa tilgavns en Død ihjel, stend det, og dei gamle Segnerne lærer det same. Vek fyrst ein Dauding til aa røra paa seg, segjer dei, so er han seigare enn alt seigt, og det skal vera ein klok Prest, som manar honom i Jordi. Nokot likt kann Ein segja um daude Tankar; for dei kann og spøkja stundom. Dei gjøymer seg burt i gamle Kjellarar og gamle Borgjer; Ingen veit um dei, slik dei gjeng der og tuslar; men so dukkar dei fram, braadt og utenkt, kjem stigande stive og stygge gjenom lange Bladbolkar, ringlande med Bokstav- Lekkjur og blaasande paa Tutarhorn; ingen veit kor dei kjem ifraa, ingen veit kor dei vil av; men Folk undrast og slær Kross for seg og segjer Mann til annan: men Herre Gud, er den Styggedomen til enno?
           
Og so kann Ein slaast med dei. Ein manar dei burt fraa ein Stad; men best som det er dukkar dei upp paa ein annan. Bleikare, veikare, meir snikjande og meir rædde; stundom hev dei skift Ham; men Ein ser, at det er dei same. Slik kann Ein jaga dei fraa Stad til Stad, lenger og lenger um i Avkrokar og Avhol. Det skal ein overlag god Prest til aa mana dei i Jordi; dei lyt helst dovna burt av seg sjølve. Og naar dei endeleg er avkomne, so er det ingen som hugsar, kva Tid det hende.
           
 
Minnest du Gøteborgsposten her i Vinter? Han kom skranglande med denne gamle Tanken, at Norig var eit hærteket Land, og at Svensken var vaar øvste Herre og Husbond. Den Tanken veit du kom til Verdi den 14 Januar 1814 i Kiel, men døydde strakst han var fødd, og vart ikkje skikkeleg nedgraven; difor gjekk han der inn i Sverig og spøgte i mange Aar. Han vart manad og driven fraa Stad til Stad, meir og meir inn i Avkrokar og Avhol; tilslutt kunde han berre visa seg i slike Avhol som Gøteborgsposten og Morgenbladet. No vart han lesen yver so sterkt, at han kom burt att med det same, og Folk trudde, han var daud for Aalvor. Ja, han var daud nok; men Fred i si Grav, det hadde han endaa ikkje fengje. For i desse Dagar dukkar han fram att. Ikkje i Sverig lenger, og ikkje i Norig held; der vaagar han ikkje meir aa visa seg. Han hev mist Magti si her og det hev voret for ljost ikring honom. Soga hev lyft upp paa dei Tufterne, der han fyrr spøkte; no hev han gjøymt seg av i den myrkaste Borgi som finst i Stockholm og so hev han eit Gjøymsle her i Kristiania med; men han fer til Utlandet, naar han vil syna seg. Sist spøkte han i Hamburg og i Kjøbenhavn; der viste han seg i Børsen-Halle og i det danske Dagbladet.
 
           
Brevskrivaren fraa Stockholm til Kjøbenhavn prøver aa slaa i Danskarne den Regla, som han hellest hev høyrt av Nordmenn, segjer han, - at Storthingsfleirtalet berre hev med seg eit Mindretal av Folket. Ein maa liva djupt nedstengd i ein Stockholmskjellar for aa kunna tru slikt. Og so fortel han i det same, at dersom Folkefleirtalet heldt med Storthingsfleirtalet, so maatte Striden millom Storthinget og Kongemagti enda anten med Revolution elder med Statskup (Umveltning nedanifraa elder ovanifraa). Men kjem det til det, at Kongemagt og Storthing kjem reint i Ugreida med kvarandre, so vert denne norske politiske Striden ei Unionssak, meiner han. Det vil segja: so maa Sverig avgjera Striden. Og Fleirtalet av Svenskarne held med Kongen i Vetospursmaalet. Svenskarne vil, at Kongen skal hava Veto-Rett yver Norigs Grunnlog, og so spyrr Ingen etter, kva Nordmennerne sjølve vil. For det er ikkje Norigs Fridom, det spyrst um, men Unionen; Unionen kviler paa Kongemagti, altso maa Kongemagti hava magt yver Norigs Grunnlog. Meiner Brevskrivaren.
           
No kunde Ein tenkja seg, at Norig og Sverig kunde vera sambundne, um dei var Fristatar og. Men, segjer Korrespondenten, det nyttar ikkje aa tenkja paa det; for Sverig vil ikkje vera Fristat. Sverig held plent paa Kongedømet. Det er Vas, at der skulde vera eit Fristatsparti i Sverig; det finst knapt ein einaste verkeleg Fristatsmann der. Sverig vil i alle Tilfelle halda fast paa Kongestyret, - meiner Mannen.
           
Dersom no Nordmennerne driv paa med sin radikale Politikk, kva skal so Svenskarne gjera? Skal dei for Aalvor bera Vaapen paa Norig for aa tvinga det til aa gjeva Kongen absolut Veto? Dei vilde hava full logleg Rett til det, fortel Korrespondenten. Men, meiner han, kanskje dei helder gjer det paa ein annan Maate. Det vil vera altfor mykje Stræv aa tvinga Norig i desse Ting; alle Nordmenn vilde reisa seg imot det. Difor vil Svenskarne helder velja ein annan Veg. Dei vil sjølve løysa Samfestet millom Sverig og Norig. Svenskarne held meir paa Kongedømet enn paa Unionen.
           
- Her hev me Trugsmaalet! Lat Nordmennerne agta seg for aa driva radikal Politikk! lat dei agta seg for aa negta Kongen absolut Veto! lat dei agta seg for aa verja sin Fridom og sin folkelege Rett! For dersom dei held paa med dette, - so bryt Svenskarne Unionen og læt Nordmennerne sigla sin eigen Kos.
           
Og daa, meiner Brevskrivaren, gjeng det galet med Norig. Norig vert so reint for veikt, at det knapt vilde kunna halda seg uppe som sjølvstendigt Land og skal det vera usjølvstendigt, so kann det likso godt vera under Sverig! meiner væl Brevskrivaren. Bjørnsons Tanke om, at Norig liksom Schweiz kunde verta nevtralt Land, den er naturlegvis ravgalen. Og ikkje kann Brevskrivaren tenkja seg nokot Forsvar-Forbund millom Norig og Sverig helder, naar ikkje Norig er kongestyrt. Sverig er so kjært i Kongedømet, at det vilde ikkje hava nokon Ting tilhopes med eit Land, som var kongelaust. Altso -: lat Nordmennerne agta seg! Lat dei spyrja Svensken um, kor frie dei maa faa Lov til aa vera! Vaagar dei seg til aa vilja avgjera sine eigne Saker sjølve, so bryt Svensken Unionen, og so -!
           
Brevskrivaren vedgjeng, at Grunnen til den svære Striden millom Storting og Kongemagt i Norig ligg i, at Kongen negtad Sanktion paa Riksraadsaki. Men hev Kongen gjort dette, so fær han og staa ved det. Landet fær bøygja seg, ikkje Kongen; for det er Kongemagti og ikkje Landet, det spyrst um. Lat Folk og Land vantrivast; kva bryr Kongemagti seg um det, berre ho kann berga seg sjølv! Det er greidt, at Land og Folk er til for Kongemagti, ikkje Kongemagti for Landet. Kva er det desutan Norig vil? Hev ikkje Norig havt det godt i alle desse Aar? Hev ikkje Svensken voret snild mot det? Hev Svensken nokon Gong utan i Statholdarsaki - brytt seg um aa visa Herredømet sitt (betone sit Supremati) yver Norig? Kva vil Nordmennerne? Vil dei kanskje vera frie, ikkje berre synast vera det? - -
           
- Dette er Grunntankarne i det fagre Brevet.
           
Grunntankarne er: Norig er ufritt; Norig hev ingen Ting aa segja mot Sverig. Svensken er Landsens øvste Herre og Husbond. Vil Norig vera fritt, so vil ikkje Sverig hjelpa det lenger; men naar ikkje Sverig hjelper det, so vil det vera øydelagt. Altso lyt Norig vera snild Gut og gjeva Kongen alt det han vil hava; for Sverig elskar Kongedømet høgre enn alt paa denne Jordi, og Kongedømet er ikkje Kongedøme, utan det hev absolut Veto. Norig fær altso sleppa sine Draumar.
           
Mannen i Gøteborgsposten hotar endefram med Vaapenmagt. Det viste sig aa vera for grovt; det norske Bakstrævet hadde berre Skade av aa faa slik Hjelp fraa Sverig. Mannen i dansk Dagbladet hotar med Unionsbrot; - paa den Maaten trur han, at han skal kunna hjelpa Høgre- og Novembermennerne betre. Men han er for dum han og. Han er so dum, at kvar Mann kann sjaa, kor han vil av. Han vil innbilla Folk, at det er dei Liberale, som øydelegg Unionen; for naar Folk høyrer det, vil dei skræamst fraa dei Liberale og inn i Bakstrævet, meiner han. Ille for honom, at han so lite veit, kva det store Folk tenkjer! Ille for honom, at han so lite forstend, kva det i Sanning er, som er Grunnlaget for Unionen! Naar han talar um Sveriges Supremati, um Sverigs loglege Rett til aa bruka Vaapen mot Storthingsfleirtallet o. s. fr.. so skræmer han Nordmennerne fraa baade seg og Høgre, for so snart Nordmennerne ser dette, vil dei strakst bak den nye Grima kjenna att Tankespøkelset fraa 1814!
 
 
Det er godt og væl, at slike Tankar ikkje lenger vaagar aa visa seg annat enn i Utlandet. Men Trollskapen er stygg, kor han viser seg, og slikt Ufygle bør ikkje faa spøkja i andre Land helder.
           
Det er nok ikkje for ingen Ting , at desse Brevsendingarne hev komet fram no, og at dei hev komet tvo paa ein Gong, paa tvo ulike Stader og samstundes baade fraa Kristiania og Stockholm. Ein forstend so væl, at det heile er tilstellt; for det er so trehendt gjort, at det melder seg sjølv. Det eine Brevet plent som det andre, og so plent samstundes -: det skulde sjaa ut som dei tvo Brevskrivaranne ikkje visste um kvarandre, men skreiv ut or Folkemeiningi kvar paa sin Stad. Men slik gjeng det no ikkje i denne Verdi. Ingen tvilar um, at baae desse Brevsendingarne skriv seg fraa same Upphavet, og at dei er sende paa denne Maaten for aa narra Europa til aa tru dei. Det vert dessmeir sagt, at dei skal hava sitt Upphav paa same Staden, der Stykket i Gøteborgsposten kom fraa. For Grunntanken og Meiningi i alle desse Framavlingar er plent den same.
           
- Det fær no vera slik Slag, kor dei er komne ifraa. Ufjelge og ufysne er dei, og usanne attpaa, og det einaste, dei kann gjera, er vondt; difor maa dei motsegjast, um dei so hadde det gildaste Upphav. Den, elder dei, som ligg og spreider ut slikt millom Folk, til Skade for Unionen, til Skam for Norig og til liti Æra for Sverig, han elder dei gjer ein laak Gjerning som ikkje vil føra korkje Gagn elder Ros heimatt til sitt namnlause, løynlege Upphav. -
           
 
Kongen var i sterk Tvil, um han skulde negta Sanktion paa Riksraadssaki, segjer Stockholmsbrevskrivaren. Han hadde væl ikkje gjort det helder; men det var det, at han var viss paa, det vilde koma ein Grunnlogsstrid likevæl (so!), og daa torde han ikkje sleppa Stang ifraa seg.
           
Stang, som Kongen visste ikkje hadde Thingets Tillit, og som altso minst av alle kunde greida ein Grunnlogsstrid -! Stang, som i seinare Tider hev ført Kongemagti meir og meir uppi Uføra, og som ikkje eingong no forstod, kor mykje det galdt -! For aa halda paa denne Mannen var det altso, at Kongen ikkje torde gjera det han sjølv trudde var best. - - -
           
Kong Oskar II lyt nok agta seg meir for sine Venner enn for sine Uvenner. Ingen i Norig hev væl enno tenkt seg Kong Oskar slik.