Utanfor Live.

[Del 4 av 5. Fyrste delen.]
 
(Den Spitelske fraa Aosta av Grev Xavier de Maistre).
                         
(Framhald).
           
(Sjukingen:) Full av desse syrgjelege Tankanne gløymde eg, at det finnst ein Trøystarmann; eg gløymde meg sjølv. Kvi skulde eg sjaa Dagsens Ljos? tenkte eg. Kvi er Naturen so rangvis og styvmorsleg mot meg? Liksom eit Barn, dei hev gjort arvelaust, maa eg sjaa paa, kor rike og sæle dei andre er, men kann ikkje faa njote min Lut. Nei, nei! ropa eg rasande, det finst ikkje Gleda for meg paa Jordi. Lat meg døy, min Arming eg er, lat meg døy! Lengje nok hev eg gjort Jordi urein; aa um ho vilde gløype meg livande og ikkje leive so mykje som eit Far etter meg elder det minste Merke paa mitt fordømde Tilvære! Eg vart meir og meir ør og vitlaus. Lysten til aa gjera Ende paa meg tok alle mine Tankar. Endeleg tok eg den Raadi aa setja Eld paa Bustaden min og brenne upp baade den og meg sjølv og alt som kunde minne um meg. Uppøst, rasande svor eg ut, gjekk og dreiv att og fram i Skuggen av Taarne. Viljelause Skrik lyfte seg fraa den tyngde Bringa og skræmde meg sjølv i den kurre Notti. Fredlaus og fortryllt foor eg inn att, skrikande som ein galen: Ulykke yver deg, Spitelske! Ulykke yver deg! Og liksom alt skulde vilja driva meg i Undergangen, høyrde eg Dvergmaale svara fraa Røyserne av Bramasan: Ulykke yver deg! Eg vart standande, teken av Rædsle; og endaa lengje jamra Dvergmaale fraa Fjelli, veikare og veikare: Ulykke over deg!
           
Fullhuga paa aa setja Eld paa Taarne mitt tok eg ei Lampe og gjekk ned i det underste Rome, og tok med meg Tros og turre Kvistar. Det var den Stova, Syster mi hadde butt i, og eg hadde ikkje vore inne der etter ho døydde. Armstolen hennar stod endaa der, liksom daa eg sist saag han; og eg kulsa, daa eg saag Sløre og ymse andre av Klædi hennar spreidde rundt i Rome. Dei siste Ordi, ho hadde sagt meg, skaut seg upp att i Minne mitt: Eg forlæt deg ikkje, um eg døyr; eg vil vera hjaa deg, naar du hev dei vonde Ridenne dine; hugsa det! Daa eg sette Lampa fraa meg paa Borde, fekk eg sjaa Bande til den Krossen, som ho hadde bore kring Halsen; ho hadde sjølv lagt det inn millom tvo Blad i Bibelen. Daa eg saag det, kvakk eg upp paa nytt, teken av heilag Rædsle. Det var som eg med ein Gong fekk sjaa ned i det Avgrunns Gape, som eg hadde tenkt aa kaste meg ned i. Eg skalv og nærmad meg bortaat den heilage Boki. Her, her er Hjelpi, ho lova meg! Eg drog ut Krossen or Boki, og daa fann eg eit forsegla Brev, som den gode Syster mi hadde lagt inn der til meg. Graaten, som Harm og Rædsle hadde døyvt ned til no, tok meg, og alle dei myrke Tankanne kvarv burt i same Stundi. Eg trykkte lengje det dyre breve inntil Hjarta mitt, fyrr eg kunne lesa det, eg kasta meg paa Kne og ropa etter Guds Miskunn; so braut eg Breve og las i sterk Graat desse Ordi, som eg aldri meir kann gløyme: Bror, eg skal snart fara fraa deg; men eg vil ikkje forlata deg. Fraa Himmelen, som eg vonar aa koma inn i, skal eg vaka yver deg; eg vil bede Gud, at han gjev deg Mod til aa bera Live med Tolmod, til dess det tekkjest honom aa samla oss i ein annan Hjem, der eg vil kunne syne deg heile min Kjærleik; inkje noko skal daa hindre meg i aa vera hjaa deg, og ingen Ting vil kunne skilja oss. Eg gjev deg den vesle Krossen, som eg hev bore i heile mitt Liv; han hev ofte trøysta meg, naar eg hadde det vondt, og den er den einaste, som hev vore Vitne til all min Graat. Naar du ser denne Krossen, so skal du minnast, at det siste Ynskje mitt var, at du kunde liva og døy som ein god Kristen. Det dyre Brev! det skal aldri koma fraa meg; eg vil hava det med meg i Gravi. Det skal opna Himmelporten aat meg, som eg so nær sjølv hadde stengt for meg for all Tid med min vonde Gjerning. Daa eg hadde lese det ut, kjende eg meg reint trøytt; det hadde tekje for hardt paa meg, alt det eg hadde gjenge igjenom. Eg saag liksom ei Sky, som breidde seg ut for Augo mine, og um eit lite Bil misste eg Minne baade um Naudi mi og um meg sjølv. Daa eg vakna att, var det langt paa Notti. Ettersom Tankanne klaarna, kom det ei Kjensle av usegjeleg Fred yver meg. Alt det, som hadde hendt um Kvelden, syntest berre som ein Draum. Det fyrste som eg gjorde var aa lyfte Augo mot Himmelen og takke for Frelsa fraa den verste av alle Ulukkor. Aldri hadde Himmelkvelven synst meg so klaar og so fager; ei Stjerne lyste inn gjenom Glase til meg; den stirde eg paa lengje med unemneleg Gleda og takka Gud, fordi han hadde unnt meg den Fagnaden aa sjaa ho; eg kjende ei løynleg Trøst ved den Tanken, at ei av Straalanne hennar nok likevæl var ætla til den stuslege Cella aat den Spitelske.
           
Eg gjekk roleg upp paa Rome mitt att. Resten av Notti nytta eg til aa lesa Jobs Bok, og den heilage Eldhugen, ho spreidde i Sjæli, dreiv heiltupp fraa meg dei tunge Tankanne eg hadde hyst. Eg hadde aldri havt slike fæle Stunder, daa Syster mi livde. Berre det, at eg visste henne nær meg, gjorde meg rolegare, og berre Tanken um, at ho heldt av meg, var nok til aa trøyste meg og gjeva meg Mod.